Derimot: Innrømmelse fra WHO-ekspert i finsk rettssak. Vaksinepass kan ha vært ren helse-svindel. – Derimot
derimot.no:
WHO-vaksineekspert innrømmer at vaksine-pass kan ha vore svindel
Som vitne i ei rettssak, fortalde WHO sin leiande vaksineekspert at ho hadde rådd imot innføring av COVID-vaksinepass, ettersom vaksinane ikkje stoppa smitte og gav ei falsk kjensle av sikkerheit.
Første gong publisert av Global Research den 12. april, 2024
Verdshelseorganisasjonen (WHO) sin Dr. Hanna Nohynek vitna i retten om at ho hadde gitt regjeringa si det rådet at vaksinepass ikkje var nødvendig, men vart ignorert sjølv om ho forklarte at COVID-vaksinane ikkje stoppa virusoverføring og passa gav falsk tryggleik. Dei sjokkerande avsløringane kom for dagen i ein domstol i Helsinki der finnen Mika Vauhkala saksøker etter å ha blitt nekta tilgang til ein kafé fordi han ikkje hadde vaksinepass.
Dr. Nohynek er sjefslege ved Finlands Institutt for helse og velferd, og ho tener som WHO sin leiar for Den strategiske rådgivningsgruppa av ekspertar på immunisering (SAGE). I vitnemålet sitt i går (11. april -24) sa ho at det finske helseinstituttet sommaren 2021 visste at vaksinane mot COVID-19 ikkje stoppa overføring av viruset.
Under same tidsperiode i 2021, sa WHO at dei arbeidde med å «skape eit internasjonalt påliteleg rammeverk» for eit trygt reiseliv medan EU-landa starta å rulle ut COVID-pass. EUs regelverk for Digitale COVID-sertifikat vart vedtatt i juli 2021, og over 2,3 milliardar sertifikat vart deretter skrivne ut. Folk som skulle besøke Frankrike fekk innreiseforbod dersom dei ikkje hadde gyldig vaksinepass, som innbyggarane måtte ha med seg for å få kjøpt mat på butikken eller bruke offentleg transport.
Men dr. Nohynek vitna i går om at instituttet hennar opplyste den finske regjeringa seint i 2021 om at COVID-pass ikkje lenger var fornuftig, men at ein likevel heldt fram med å kreve det. Den finske journalisten Ike Novikoff rapporterte om nyheita i går, etter å ha vore til stades i rettssalen der dr. Nohynek vitna.


Dr. Nohyneks innrømming av at regjeringa ignorerte vitskapelege råd om å avslutte vaksinepassprogrammet er sjokkerande, for ho er ein sentral aktør innan globale medisinske sirklar. Ved sidan leiarskapet for WHOs strategiske rådgivningsgruppe for immunisering, er dr. Nohynek ein av Finlands topp-rådgivarar innan vaksinar, og ho sit i styra for Vaccines Together og Det internasjonale vaksineinstituttet.
EU si digitale COVID-19-sertifisering hjelpte til med å etablere WHOs Global Digital Health Certification Network i juli 2023.
«Ved å ta i bruk europeisk beste praksis, bidrar vi til digital helsestandardar og interoperabilitet globalt – til nytte for dei som treng det mest,» slo EU fast offisielt.
Finnen Mika Vauhkala oppretta ei nettside for diskusjon om saka si mot Finlands regjering, der han skriv at han starta dette søksmålet «for å forsvare grunnleggande rettar» etter at han i desember 2021 vart nekta frukost på ein kafé i Helsinki fordi han ikkje hadde COVID-pass, sjølv om han var frisk.
«Finlands Grunnlov garanterer at ingen innbyggar skal bli diskriminert på grunn av helsetilstanden sin, mellom anna,» skriv Vauhkala på nettsida si.
Vauhkala si rettssak heldt fram i dag i distriktsretten i Helsinki, der den britiske kardiologen Dr. Aseem Malhotra skal vitne om at visse autoritetar og yrkesmedisinarar under COVID-pandemien støtta uetiske, tvangsprega og feilinformerte politiske tiltak som til dømes obligatorisk vaksinering og vaksinepass, som underminerte informert samtykke frå pasientane og bevisbasert medisinsk praksis.
Ein kan lese Dr. Malhotra sitt vitnemål her.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
https://www.globalresearch.ca/official-vaccine-passport-scam/5854621