Derimot: Ingenting er slik vi tror: Sjekk datostemplinga!
derimot.no:
På tide å sjekka datostemplinga
Av Hans Olav Brendberg
Om det går ein lengre periode der ein ikkje gjer anna enn å ta fram frå kjøleskapet det ein treng av pålegg til frukost, og setja det inn igjen etterpå, må ein før eller sidan gå igjennom det som står der, og sjekka datostemplinga. Realitetane kan vera ganske ulik det emballasjen gjev inntrykk av.
Har den israelske hæren eit totalt etteretningsovertak? Israel brukar store pengar på sofisitikert etteretningsutstyr. Historisk har Israel alltid greidd å infiltrera motstandsrørsler av ymse slag – heilt fram til framveksten av Hizbollah på nittitalet.
Det var hundrevis av palestinske geriljasoldatar som kryssa grensa i går. I tillegg vart tusenvis av rakettar skote ut, og i tillegg vart det drive ein ganske avansert mediekrig.
Medan dette pågjekk famla den israelske hærleiinga rundt i timesvis på jakt etter lysbrytaren, og regjeringa nekta å ta telefonen for å svara på spørsmål.
Mitt tips: Sjekk datostemplinga.
Sidan tidleg på nittitalet har vestlege land, mellom anna Noreg, drive ein politisk offensiv for å passivisera palestinsk motstand. Denne «Osloprosessen» enda opp i ingenting for tjue år sidan. Dei siste tjue åra har alt prat om «to statar for to folk» vore dårleg kamuflert skalkeskjul for å hjelpa Israel med å konfiskera stadig nye område, og busetja høgreekstreme busetjarar på palestinsk land. Det viktigaste symbolet på denne meiningslause prosessen, den palestinske «Presidenten» Mahmoud Abbas, har vorte meir og meir irrelevant på vegen. I augneblenken har dei vestlege statene ingenting – nada – å tilby palestinarane i byte mot fortsatt passivitet. Framleis er det litt å henta for dei som er personleg korrupte – men det er det heile.
Difor: Sjekk datostemplinga.
Dei som gjennomførte helgas åtak visste at det som kom frå vestlege hovudsteder og vestlege mainstreammedia ville vera fordømingar frå tomme dressar som nytta høvet til å gjera seg høge og mørke. Dei var ikkje ute etter sympatierklæringar. Dei var ikkje ute etter å vinna liberal mainstream for dei «stakkars palestinarane».
Dei var ute etter å setja seg i respekt – og det gjorde dei også. Dei var ute etter å ta krigsfangar – avdi dei veit at krigsfangar, og berre det, er middelet som kan få 5000 politiske fangar ut frå fengsel – fengsel der mange av dei blir utsett for systematisk tortur.
Verda har endra seg etter krigen i Ukraina. Den «regelbaserte orden» og den vestlege liksomhumanismen rir sakte inn i solnedgangen. Palestinarane i Gaza blir ikkje med – dei frir til dei nye kreftene som er i ferd med å setja dagsorden internasjonalt.
Tidlegare tiders Israel var eit kollektivistisk samfunn. Folk var organisert og ideologisert. Dette gav mellom anna ein slagkraftig hær – og det førte til at ein mobiliserte raskt i krisesituasjonar.
Dagens Israel er eit hedonistisk samfunn. Eit samfunn der ein spring for livet for å berga eige skinn, eit samfunn der Ben Gurion blir fyllt av folk som vil ut på slike dagar. Det som finst att av kollektivisme er den religiøse ekstremismen til busetjarane, som er drivkreftene bak Netanyahus regjering. Det er ein form for kollektivisme som halvparten av israelske jødar vil ha minst mogleg å gjera med.
Igjen: Her er det på tide å sjekka datostemplinga.
I tidlegare tider meinte Israel at dei kunne slåss mot, og vinna mot fiendar både i nord og sør – samtidig. Den som les kommentarar i dag, vil sjå at mange er svært nervøse for opptrapping på grensa mot Libanon. Israel treng ro på nordfronten om ikkje kaoset skal veksa.
Truleg vil dei også greia hindra eskalering her.
Men det har ein pris, sjølv om ingen snakkar høgt om det. Det finst grenser for kor langt Israel kan gå under oppryddinga etter helgas åtak, og det er ikkje Israel som set desse grensene. Difor: Sjekk datostemplinga til dagens regime, som byggjer på at Israel einsidig kan diktera desse tinga.
Vestleg politikk andsynes palestinakonflikten dei siste ti åra har vore å vera musestille, og lata som om apartheidregimet som blir gjennomført mellom Jordan og havet har noko med «demokrati» å gjera. Reaksjonane på helgas åtak er prega av frykt, konformitet og ideløyse. EU har gjort seg irrelevant. Her har datostemplinga gått ut for lengst.
Abbas gjekk ut på dato for femten år sidan.
Forsidebilde: iStock