Derimot: Illusjonstenkning som politisk kompass? Om å møte virkeligheten med et smell. – Derimot
derimot.no:
Svein Grødaland: «USA må vera med»
— Dette er omkvedet frå europeiske leiarar. Også våre norske. Dette forstår eg ikkje. Har ikkje dei fått med seg at USA vil at Europa må løysa sine problem sjølv? At USA stiller krav? At Europa sine problem er Europa sitt ansvar? At Europa er utfordra til å tenkja nytt?
Zelenskij har hatt for vane å stilla med ei ferdig liste over krav til ein fredsprosess. Sjølv ein amatør måtte sjå at den lista var heilt urealistisk. Zelenskij må ha gått i ein rus av lukke og medgang, utan nærkontakt med realiteter og kva som måtte vera realistisk.
Han har stillt med krav om full tilbaketrekking av russiske styrker, behalda grensene frå før 2022, Krim medrekna. Han har forlangt medlemskap i Nato og sett for seg medlemskap i EU. Det siste kunne han i teorien fått, dersom EU let vera å gjera alvor av tanken om ein EU-hær.
Den lange forteljinga, den som startar med Sovjet sitt fall, viser kven som har pusta i krigsglørne. Russland sin invasjon for tre år sidan var ein konsekvens av at Nato breidde seg mot aust, trass i lovnadar om det motsette.
Det einaste som har vore effektivt frå vår side, er propagandaen, retta mot oss sjølv. Nå har me til og med fått Nato sin propagandaminister inn i regjeringa.

Med det utgangspunktet må me før eller sidan rekna med å møta oss sjølv i døra. Zelenskij har lenge nok blitt hylla av eit krigslystent USA og Europa.
Det vestlege samfunnet er ikkje lenger det store tyngdepunktet på kloden, der me kunne dominera heile verda under leiing av USA. USA vil ikkje lenger, og dermed står Europa åleine i det globale spelet om makt. I det spelet er me små, utarma av liberalistisk økonomisk politikk, der kvar bedrift sitt overskot har vore viktigare enn samfunnsøkonomiske omsyn. Det er dårlig planlegging dersom outsourcing fører til at arbeidsfolk går ledige og må på trygd. Vesten plasserer så mykje produksjon me kan til land som kan gjera jobben til ein lågare pris. Likevel kan land som USA finna på å undra seg over kor det vart av arbeidsplassene i industrien.
Dei djervaste kommentatorane reknar med at me er i stand til å halda ut eit par år før dei gode tidene kjem tilbake, der me atter kan lena oss på USA. Mellom linjene: Det republikanske partiet vil mista fleirtalet i Kongressen etter neste valg. Då vert alt så mykje bedre.
Eg er slett ikkje sikker på det. Det amerikanske folket tenker først og fremst på eige land og situasjon når dei går til valg. Europa har lenge vore noko som er langt unna. England var ei kolonimakt dei førte krig mot, og kvitta seg med. I lange periodar har det vore viktig å ikkje bry seg med Europa. Slik sett har tida etter 1945 vore ein unntakstilstand. Det har passa inn med amerikanske interesser å ha Europa med seg på slep. Europa har sputta i med pengar og våpen, pluss litt mannskap til våpena. Nato er aldri blitt brukt til sitt formål; helpa eit medlem som har blitt invadert. Likevel har USA pluss Europa vore i krig med mange utanforståande bortimot utan avbrot frå 1945 til i dag.
Innlegget er hentet fra Politikusmed Svein Grødalands tillatelse
Redaksjonen har lag til bilde m/tekst