Derimot: Hvorfor blir mange sjokkerte? Trumps utspill om Grønland, Panama og Canada er ikke noe nytt. – Derimot

derimot.no:

Trump og Musk, Canada, Panama og Grønland, ei gamal historie

av Thierry Meyssan

Den gjenvalde presidenten, Donald Trump, har snakka om å kanskje annektere Panama-kanalen, Canada og Grønland. Eit sprøtt prosjekt som allereie i 1941 vart uttenkt og teikna inn på eit kart av ein tilhengar av den teknokratiske rørsla. Men det var den franske greina av denne rørsla som fann opp transhumanismen som Elon Musk brenn for, og bestefaren hans var ansvarleg for den kanadiske greina av den teknokratiske rørsla.

Voltaire nettverk 14. januar, 2025

Verdskart for tida etter Andre verdskrig, teikna av Maurice Gomberg i 1941. USA strekk seg frå Canada til Panamakanalen og omfattar Grønland.

Ytringane til den gjenvalde presidenten av USA, Donald Trump, før inaugurasjonen, som kunngjer at han vil kjøpe Grønland (som han allereie i 2019 samanlikna med ein “large real estate deal”) og annektere både Canada og Panamakanalen har sjokkert oss. Ingen statsleiar i Vesten hadde kome med slike ytringar sidan Andre verdskrig. Den herskande klassen i USA såg det i staden som ein “new frontier”, det vil seie nye territorium der landet deira kan halde fram med framrykkinga si.

Regjeringa i Danmark, som Grønland er avhengig av, har påpeika at det ikkje er til sals, at det er eit “autonomt territorium” som berre grønlendarar eig. Tysklands kanslar Olaf Scholz sa at “prinsippet om grensers ukrenkelegheit må gjelde for alle land … enten det er eit veldig lite land eller eit veldig mektig.” Frankrikes utanriksminister, Jean-Noël Barrot, kommenterte: “Den europeiske unionen vil utan tvil ikkje tillate andre nasjonar i verda å angripe EUs suverene grenser.” Britanes utanriksminister, David Lamy, sa at Donald Trump “reiser bekymringar om Russland og Kina i Arktis, som handlar om den nasjonale økonomiske sikkerheita” til USA. Dette er “legitime spørsmål”. For den italienske statsministeren Giorgia Meloni er desse ytringane “meir som ei melding” til “andre stormakter, heller enn fiendtlege krav mot desse landa. Dette er to territorium der vi dei siste åra har sett aukande aktivisme frå Kina.”

Canadas statsminister Justin Trudeau, som vart vald inn som sonen til Pierre Trudeau og difor ein forsvarar av nasjonal uavhengigheit, viste seg å ikkje vere noko anna enn ein Washington-følgar. Han hadde difor ingenting å seie til det som verkar openlyst: ved å slå seg saman med USA, ville landet hans ikkje ha noko meir å tape enn det allereie har tapt, men alt å vinne. Så han gjekk av.

Om Panama-kanalen har Donald Trump insinuert at den er driven av den kinesiske arméen. Til dette svara Panamanas president José Raúl Mulino:

“Kanalen er ikkje kontrollert, direkte eller indirekte, av Kina, det europeiske fellesskapet, USA eller noka anna makt. Som panamanar avviser eg bestemt alle ytringar som forvrenger denne realiteten.”

Vi vil her vise at desse idéane om anneksjon ikkje er nye, men daterer seg tilbake til krisa i 1929, og at dei uttrykker eit koherent ideologisk korpus som inntil førre veke vart forsvart av multimilliardæren Elon Musk, som vi elles kjenner som ein beundrar av den serbiske ingeniøren Nicolas Tesla og som tilhengar av transhumanisme.

Under «Den store depresjonen», dvs. Wall Street-krisa og den økonomiske stormen som følgde, meinte alle amerikanske og europeiske elitar at kapitalismen, i den dåverande forma, definitivt var daud. Josef Stalin la fram den sovjetiske modellen som det einaste svaret på krisa, medan Benito Mussolini (tidlegare representant for Lenin i Italia) tvert imot føreslo fascisme. Men i USA la dei fram ei tredje løysing: teknokrati.

Økonomen Thorstein Veblen kritiserte den tradisjonelle oppfatninga av tilbod og etterspurnad, og var interessert i motivasjonen til kjøparane. Han viste at den som kan unne seg fritid, gjer det for å styrke si sosiale overlegenheit, og at han difor lyt vise det fram. Fritid er difor ikkje ei form for latskap, men eit «uttrykk for det uproduktive tidsforbruket». Av dette følger at i mange situasjonar, tvert imot det folk flest trur, er det slik at «Di meir prisen på ei vare stig, dess meir aukar også konsumet av denne vara» (Veblens paradoks). Det er difor ikkje prisar, men gruppeåtferd og individuell motivasjon som dikterer økonomien.

Thorstein Veblens ikonoklastiske tenkning gav mellom anna opphav til den teknokratiske rørsla til Howard Scott. Han meinte makta ikkje skulle bli gitt til verken kapitalistar eller proletarar, men til teknikarar.

Denne rørsla vart eksportert til Frankrike rundt polyteknikarane, særleg den esoteriske romanforfattaren Raymond Abellio (som grunnla sekta som François Mitterrand var med i til sin død) og Jean Coutrot, oppfinnaren av transhumanismen. Litt etter litt skal denne rørsla ha ført til danninga av eit hemmeleg selskap, Synarkiet, innan dei okkultistiske sirklane til regimet til Philippe Pétain.

Coutrots transhumanisme gav bod om Elon Musks transhumanisme. For Coutrot handla det om å bruke teknologi til å overstige menneskets grenser. For Elon Musk handlar det meir om å bruke teknologi til å endre mennesket.

Med slik avstamning forstår vi at alle referansar til teknokrati i Frankrike er dødfødde. Men denne rørsla er basert på ei dominerande utfordring for verkemåten til demokratiet. Den meiner vi ikkje skal engasjere oss i politikk, og i staden finne tekniske løysingar på alle problem. Enten vi likar det eller ei, så er den til stades i USA i trua på at det er tekniske framsteg som skal løyse alt.

Likevel var den teknokratiiske rørsla, basert på kunnskap frå mellomkrigstida, overbeviste om at det nord-amerikanske kontinentet utgjorde ei eining når det galdt mineralressursar og industri.

Joshua Haldeman

Sjefen for den kanadiske greina til rørsla, kiropraktoren Joshua Haldeman, vart arrestert under Andre verdskrig fordi han forsvarte nøytralitet overfor nazi-Tyskland. Han var pro-Hitler og anti-semitt [1]. Etter krigen slo han seg ned i Sør-Afrika, forført avs apartheid-regimet der. Guten han var bestefar til, var ingen andre enn Elon Musk.

Ein bør merke seg at multi-milliardærens posisjon i Trump-administrasjonen blir stadig meir omstridd internt. Steve Bannon sa til Corriere della Sera: «Elon Musk vil ikkje få full tilgang til Det kvite hus, han vil stille på lik linje med andre. Han er eigentleg ein vondsinna fyr, ein verkeleg fæl fyr. Eg gjorde det til eit personleg ansvar å få sparka denne fyren. Før var eg villig til å tolerere han, fordi han tilførte pengar, men no er eg ikkje lenger villig til å tolerere han.» [2].

Elon Musk

Nokre av teknokratrørslas medlemmar tilla stor betydning til verdskartet for etterkrigstida som vart teikna opp i 1941 av ein anonym forfattar under pseudonymet Maurice Gomberg. Men han såg føre seg ei oppdeling av verda i sivilisasjonar. USA skulle ekspandere til å inkludere heile nord-Amerika, frå Canada til Panamakanalen og mange øyer i Stillehavet og Atlanteren, inkludert Antillane, Grønland og Irland. Som det franske Synarkiet, har også dette kartet blitt breitt diskutert i konspiratoriske sirklar. Men ifølge historikaren Thomas Morarti, sitert i den irske pressa [3], resonnerer dette kartet med korleis president Franklin D. Roosevelt høyrdest ut under talen «four freedoms speech» (talefridom, religionsfridom, fridom frå naud og fridom frå frykt) den 6. januar, 1941. På liknande vis føreslo president Harry Truman i 1946 at US-amerikanske troppar ikkje skulle forlate Grønland, som dei hadde frigjort frå nazistane, men kjøpe øya for 100 millionar dollar.

I 1951 autoriserte Danmark etablering av to svære militærbasar for USA og NATO på Grønland: Sondrestrom og Thule. Sidan då har der vore installert delar av USAs anti-ballistiske system. Traktaten som autoriserer desse basane vart signert også av Grønland i 2004, dvs. etter at øya hadde fått status som autonom.

I 1968 krasja ved eit uhell eit US-amerikansk strategisk bombefly, som var på rutineoppdrag i samband med den kalde krigen, nær Thule og forureina regionen med ei sky av anrika uran. I 1995 fekk ein vite at den danske regjeringa i løynd hadde gitt USA løyve til å lagre kjernefysiske våpen på dansk jord – eit brot mot dansk lov.

Kjøpet av Grønland kunne difor enkelt gjennomførast utan pengar. Det ville vere nok at Pentagon lova å forsvare Danmark og såleis fri dei frå ei finansiell byrde.

Donald Trump Jr. Og hans team “på ferie” på Grønland.

Som for å sette kraft bak tilsynelatande tomme truslar, drog Donald Trump Jr., son av den gjenvalde presidenten, på ferie til Grønland. Sjølvsagt om bord i eit familiefly og omkransa av ei gruppe rådgivarar. Han møtte ingen politiske leiarar der, i det minste ikkje offisielt. Under turen hans gjennomførte organisasjonen Patriot Polling ei spørreundersøking. Majoriteten av dei som svarte (57,3%) var godtok idéen om å slutte seg saman med USA, medan 37,4% var imot det. Av dei spurde var 5,3% usikre. Etter at desse resultata vart publiserte, gav Múte B. Egede ein pressekonferanse i København og sa at han, sjølv om han ikkje hadde snakka med Trump-familien, var open for “diskusjonar om kva som sameiner oss. Vi er klare for å diskutere. Samarbeid handlar om dialog. Samarbeid betyr at ein vil arbeide for å finne løysingar.”

Då den teknokratiske rørsla vurderte å annektere Grønland, peika dei på at øya ligg på den nord-amerikanske kontinentalsokkelen og baserte avgjerda si på dei viktige naturressursane der. Øya har verdifulle sjeldne mineral [4], samt uran, milliardar fat olje og enorme gassreservar som tidlegare var utilgjengelege, men no stadig mindre. Sjeldne mineral er det no nesten berre Kina som utvinn. Men dei har blitt uunnværlege for høgteknologien, spesielt for Tesla-bilane. Desse naturressursane blir ikkje utnytta på grunn av motstand frå urbefolkninga, inuittane (88% av folkesetnaden).

I dag er Grønland framfor alt eit strategisk spørsmål. Det ville la USA få kontrollen over Nordsjø-ruta, som no er open for trafikk. Sidan denne no er kontrollert av Russland og Kina, ville ei endring av øyas eigarskap endre den geopolitiske likninga. Det var derfor Dmitry Peskov, Kreml-talsmannen, kommenterte: «Arktis er ei sone vi har nasjonal interesse av, ein del av våre strategiske interesser. Vi ønsker å bevare klimaet av fred og stabilitet i den arktiske sona. Vi følger den spektakulære utviklinga av situasjonen veldig nøye, men hittil, takk Gud, berre på nivået erklæringar.»

Referansar til den teknokratiske rørsla har kanskje ingenting med Musk og Trump å gjere, men ein bør ha det i bakhovudet medan hendingar utfaldar seg.

Omsett av Monica Sortland

[1The International Conspiracy to Establish a World Dictatorship & The Menace to South Africa, Joshua Haldeman. Cité dans « The World According to Elon Musk’s Grandfather », Jill Lepore, The New Yorker, September 19, 2023.

[2] « Steve Bannon : Elon Musk vuole solo i soldi, farò di tutto per tenerlo fuori dalla Casa Bianca », Viviana Mazza, Corriere della sera, 8 gennaio 2025.

[3] « United mates of America », Tom Prendeville, Irish Mirror, February 1944.

[4] Le Groenland n’est mentionné qu’une fois dans le Technocracy Study Course. Les terres rares étaient ignorées à l’époque.

https://www.voltairenet.org/article221696.html

Forsidebildet er Ki-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar