Vaksinekorrupsjon på høyt nivå? Med hendene dypt i honningkrukken.

derimot.no:

Embetsmisbruk bak FDA si godkjenning av vaksinering av barn

Av F. William Engdahl

1. november 2021

Den 27. oktober rekommanderte  US Food and Drug Administration (FDA) sitt Rådgivande panel for vaksinar at byrået skulle la Pfizer endre på naudautoriseringa for covid-vaksinen, slik at den også skulle inkludere barn mellom 5 og 11 år. To dagar seinare godkjende FDA utrullinga offisielt. Dei store media handsamar dette som ei positiv utvikling med omsyn til å verne unge barn. Ved nærare ettersyn er det alt anna enn dét. FDA [tilsvarer ei slags blanding av mattilsynet og legemiddeltilsynet her til lands, mrk] er i dag sjokkerande korrupte under den fungerande direktøren, og dei er lite meir enn eit gummistempel for farmasigigantane, Big Pharma, og særleg Pfizer, der den tidlegare sjefen for FDA no sit i styret.

FDA-komiteen Vaccines and Related Biological Products Advisory Committee røysta med 17 for, 0 mot og 1 avhaldande for å gi grønt lys for naudautorisering av Pfizer-BioNTech sitt eksperimentelle mRNA til barn mellom 5 og 12 år. Eksperten som avstod frå å røyste, forklarte seinare at han gjorde det på grunn av skort på tilgjengelege tryggleiks- og effektivitetsdata. Tidlegare har FDA godkjend vaksinen for aldersgruppa 12 og oppover. Korrupsjonsstanken rundt den siste røystinga vert ikkje mindre av at Biden-administrasjonen ei veke tidlegare hadde annonsert at dei allereie hadde kjøpt nok Pfizer-vaksinar til å vaksinere alle dei 28 millionane 5- til 11-åringar i USA. Visste dei at fix’en var i boks?

‘…Just the Way it Goes’

I know nothing

Rullebladet til FDA, USAs nasjonale hovudtilsynsorgan for medisinar, på området tryggleik og risiko ved dei eksperimentelle genmanipulerte mRNA-vaksinane til Pfizer, viser kriminell embetsmisbruk, definert som overlagt brot på tillit og plikt som forårsakar skade eller død. Den siste avgjerda deira er endå meir ekstrem m.o.t. grove interessekonfliktar og vitskapeleg svindel. Både Pfizer, som leidde effektivitetstestane for sin eigen vaksine på aldersgruppa 5-11 år, og FDA sine ekspertar, innrømte at dei ikkje hadde peiling på om vaksinen var trygg for ein så ung populasjon.

Dr. Eric Rubin, professor i immunologi ved Harvard T.H. Chan School of Public Health, røysta for å godkjenne Pfizer-BioNTech-vaksinen: «Dataa viser at vaksinen verkar og er ganske trygg … og likevel er vi bekymra om ein biverknad som vi enno ikkje kan måle, men den er sannsynlegvis verkeleg.» Det er neppe tillitsvekkande. Så sa han: « vi kjem aldri til å få vite kor trygg denne vaksinen er, med mindre vi startar å gi den. That’s just the way it goes.»

Denne kaldblodige nonsjalansen er endå meir oppsiktvekkande når ein veit at talet på alvorleg sjuke i aldersgruppa 5-11 år som har testa positivt for koronaviruset praktisk talt er lik null. I følge USA sitt nasjonale smittevernsenter CDC (Centers for Disease Control), er dødsraten for infiserte barn mellom 0 og 17 lik 0,0002 per 100 000 (2 per milliard) og langt lågare for aldersgruppa 5-11 år. Ein forskningsstudie frå Johns Hopkins University, som inkluderte 48 000 barn, fann at risikoen for alvorleg sjukdom eller død av covid-19 for denne aldersgruppa praktisk talt er lik null, med mindre underliggande sjukdom med dødsrisiko som til dømes leukemi, diabetes eller astma er til stades. Og dessutan, risikoen for å infisere andre barn er også veldig liten.

four children standing on dirt during daytime
Hvorfor skal en vaksinere en gruppe som ikke er i fare?

I sin søknad til FDA for godkjenning, sa Pfizer at det var behov for vaksinen i aldersgruppa 5-11 år for å hindre covid-smitteoverføring. Men i FDA-høyringa si sa dr. William Gruber, senior-visepresident for Pfizer Vaccine Clinical Research and Development, at dei ikkje ein gong vurderte om vaksinen hindrar virusoverføring. Då er det på sin plass å spørje: korfor er i det heile tatt alt dette nødvendig dersom sjukdomsrisikoen for barn er lik null og der heller ikkje finst bevis for at barn kan overføre viruset?

Endå eit hakk meir sjokkerande, er Pfizer si kunngjering om testane sine. I byrjinga var det ingen testar på dyr, rotter eller slikt. Dei innrømde at menneske-testgruppa var for lita til at dei kunne teste for myokarditt eller perikarditt. Men desse er blant dei mest innrapporterte negative verknadane for alle som har fått Pfizer-stikket. I søknaden sin til FDA, skreiv Pfizer at talet på deltakarar i det kliniske utviklingsprogrammet dei hadde på gang var «for lite til å oppdage nokon potensiell risiko for myokarditt i samband med vaksinen,» og at «å vurdere ein langtids-sekvele [følgetilstand, mrk] av post-vaksinasjons-myocarditis/pericarditis» i deltakarar på 5 til mindre enn 12 års alder ikkje ville bli undersøkte før vaksinen vart autorisert for barn.

Gratis arkivbilde med evaluering, formel, frakoblede klasser
Jukser Pfizer for å få de resultatene de ønsket?

Mangelfulle Pfizer-testar

Testane som Pfizer gjorde, var også livsfarleg mangelfulle. I følge dr. Josh Guetzkow, ved det hebraiske universitetet i Jerusalem, var studien ikkje dobbeltblinda. Dessutan handplukka Pfizer forsøkspersonane for å pynte på resultata. Tre tusen barn i alderen 5-11 fekk Pfizer sin covid-vaksine, men berre 750 av dei vart inkluderte i selskapet sin tryggleiksanalyse. Og Pfizer forkasta tilfelle med vaksinebiverknadar i søknaden sin til FDA: «Få alvorlege biverknadar, ingen av dei relaterte til vaksinen, og ingen AE’ar som kunne føre til tilbaketrekking vart innrapporterte.» Dei gir inga forklaring på korleis dei hadde kome fram til dette. Berre stol på Pfizer.

Og post-vaksineringsoppfølginga var under 2 månadar for ein test-kohort, og berre 2,4 veker for ein annan [sic]. I Pfizer sin rapport til FDA stod det at «Det vart analysert supplerande tryggleiksekspansjonsgruppedata frå cirka 1500 vaksinemottakarar med ei median oppfølgingstid på 2,4 veker etter Dose 2. Desse supplerande dataa demonstrerer ein akseptabel tryggleiksprofil…» Det kan ta fleire månadar eller lenger før biverknadar manifesterer seg. Vaksineekspertar rekommanderer oppfølging minst 18-24 månadar etter vaksineringa, ikkje 3 månadar eller 2,4 veker. Dette er ikkje seriøs vitskap.

I tillegg verkar det som om FDA og/eller Pfizer har skrive feil namn på vaksinen i tittelen på rapporten: «BNT162B2 [COMIRNATY (COVID-19 VACCINE, MRNA)]». Men FDA-teksten kallar den «Pfizer-BioNTech COVID-19 Vaccine (BNT162b2)».

Selskapet BioNTech, med base i Mainz i Tyskland, har ein liknande, men «juridisk forskjellig», vaksine med namnet Comirnaty, som ikkje er tilgjengeleg i USA. Skilnaden er avgjerande, for det var denne som var basis for at det korrupte FDA i august gav Pfizer-BioNTech-vaksinen ei forlenging av naudbruksfullmakta, men villeiande erklære full godkjenning for Comirnaty-vaksinen til BioNTech. Dette er overlagt svindel, og det let Biden-administrasjonen innføre obligatorisk vaksinering av alle offentleg tilsette i USA (med unntak for Det kvite hus og Kongressen(!)), militæret og selskap med fleire enn 100 tilsette.

Interessekonfliktar?

Korrupsjonen til FDA strekk seg til medlemmane av Vaccine Advisory Committee. Mange av medlemmane i komiteen, som no har 18 personar, har direkte band til Pfizer eller til pro-Pfizer-stiftinga Gates Foundation.

Holly Janes, Ph.D.
Prof. Holly Janes

Prof. Holly Janes, ved kreftforskingssenteret Fred Hutch Cancer Research Center i Seattle, designa dei mangelfulle Pfizer-testane. Instituttet hennar er finansiert med pengar frå Gates Foundation. FDA-komitemedlem dr. Steven Pergam er også tilsett ved det Gates-finansierte Fred Hutch-senteret.

Fungerande leiar for komiteen, Arnold S. Monto, var ein løna konsulent for Pfizer. Komitemedlem Archana Chatterjee arbeidde på eit Pfizer-prosjekt relatert til vaksinar for småbarn mellom 2018 og 2020. Geeta K. Swamy er leiar for «Independent Data Monitoring Committee for the Pfizer Group B Streptococcus Vaccine Program», ein komite sponsa av Pfizer.

Duke University slår fast at «Dr. Swamy tener som co-forskar for Pfizer sine covid-19-vaksinetestar.» FDA-komitemedlem Gregg Sylvester var visepresident for Pfizer Vaccines. Ofer Levy, professor i pediatri ved Harvard Medical School, støttar kraftig Pfizers covid-vaksinar for barn på 12 og eldre. Og FDA-komitemedlem Paul Offit, professor i pediatri ved The Children’s Hospital i Philadelphia, gjekk sist juni ut og bad om løyve til å covid-vaksinere barn.

FDA sin korrupte fungerande direktør Janet Woodcock nekta å ein gong la vaksinekomiteen kome saman for å diskutere saka då FDA i august godkjende ei forlenging av fullmakta til Pfizer-BioNTech-vaksinen. I juni 2021 sa tre medlemmar av vaksinekomiteen til FDA opp jobbane sine i protest, då Woodcock overkøyrde ei nær samrøystes komiterøysting mot å godkjenne Alzheimer-medisinen Aduhelm.

Janet Woodcock | FDA
direktør Janet Woodcock

Det er tydeleg at Woodcock sidan då har vore travelt opptatt med å fylle opp den rådgivande komiteen med pro-Pfizer-medlemmar. Eit faktum som heller ikkje skal gløymast, er at Scott Gottlieb etter at han slutta som sjef for FDA (under Trump), straks gjekk inn i styret til … Pfizer Inc. Woodcock tenestegjorde under han i FDA.

Woodcock har vore ved FDA sidan 1986, nesten like lenge som Fauci ved NIAID. Woodcock var den Biden valde til å styre FDA, men ein massiv opposisjon frå 28 grupper, inkludert statsadvokaten og medborgargrupperingar, tvang han til å legge til «fungerande» i tittelen hennar, noko som gjer at ho ikkje må granskast av Kongressen. Woodcock var direkte ansvarleg for FDA si godkjenning av dødelege opioidar, trass i protestar frå hennar eigne vitskapsfolk og andre rådgivarar.

Allereie har California byrja å gjere tilgang til offentlege skular avhengig av covid-vaksinering, før Pfizer-godkjenninga. Denne spreiinga av den dødelege Pfizer-vaksinen til barn som har nær null risiko for alvorleg sjukdom, er folkehelsemessig totalt uklokt. Det er rett og slett bevis for medisinsk embetsmisbruk på dei høgaste nivåa i USAs statsapparat, inkludert FDA, truleg med kriminell hensikt. FDA si avgjerd vil no bli brukt til å argumentere for inkludering av nær-null-risk-barn i vaksineprogrammet.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Art Rachen

Originalartikkelen kan lesast på engelsk her: http://www.williamengdahl.com/englishNEO1Nov2021.php

Tidligere publisert på derimot.no

58 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 799 ganger.

Post Views: 2 043

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...