Derimot: Hvor dum kan man bli? I Storbritannia støttet regjeringen aktivt Harris og kalte Trump nazi-sympatisør. – Derimot
derimot.no:
Black Crows, sjå opp — Styr unna Storbritannia, elles blir de etne opp
Av Larry C. Johnson




Vel, som eg føresåg, vann Trump. Det kunne ha gått den andre vegen med massivt juks, med det såg ut til at RNC (RNC er partiets nasjonale nivå som koordinerer valgkampanjer og finansiering av disse) visste korleis dei skulle hindre ei gjentaking av 2020-røvarstrekane. Trur du eg tullar? Sjekk ut følgande:


Nokon som vil påstå at Joe Biden var meir populær enn Barack Obama eller Hillary Clinton?
Kor dumme er leiarane av Storbritannias Labour Party? Herregud! Dei er sertifiserte idiotar! Spesielt statsminister Keir Starmer. Han trudde nok det var ein kjempegod idé å sende Labour-medlemmar til USA for å drive valkamp for Kamala Harris. Bortsett frå å vere eit openlyst tilfelle av innblanding i eit anna lands indre saker (ein aktivitet som Labour rutinemessig tilskriv Russland), avslører det og at Starmer ikkje er nokon sjakkspelar – dvs. han gløymde å vurdere kva som ville skje dersom Trump sigra.
Så har vi Storbritannias like idiotiske utanriksminister, David Lammy. Du veit, den fyren som liksom skal vere ein dugandes diplomat som kan kalle babyen din stygg, men får deg til å føle at det er greit? Vel, som du ser av X-postane hans på toppen av denne artikkelen, meinte han ein gong det var ein god idé å stemple Trump som ein avskyeleg rasist og nazi-sympatisør. Dette kjem frå ein fyr som insisterer på at Storbritannia skal halde fram med å sluse inn pengar til dei ekte nazistane i Ukraina. Lammy skjøner tydelegvis ikkje ironi. Starmer og Lammy må no bite det i seg [eng. eat crow, mrk.].
Kanskje Starmer og Lammy skulle lytte til the Black Crowes medan dei langar i seg?
Å seie at Europa har panikk over Trumps triumf er å underdrive. Dei fleste europeiske leiarane, med unntak av Orban i Ungarn, har fått det travelt med å prøve å bygge opp att brende bruer som dei sette i brann med sine tidlegare bitre fornærmingar av Trumps person og karakter. Finn fram popcornet!
Følgande video er eit fantastisk stykke KI-generert satire. Biden spør det viktige spørsmålet «Kva har Willie Brown [eks-borgarmeister av San Francisco] og presidentvalet i 2024 til felles?» Du får sjå videoen for å finne svaret: https://sonar21.com/wp-content/uploads/2024/11/Biden-on-Trump-Victory.mp4
Ok. Nok frivolitet. No over til dei seriøse greiene. Danny Davis og eg diskuterte kva Trump sin siger vil bety for krigane i Ukraina og Palestina.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert
https://sonar21.com/black-crows-beware-steer-clear-of-the-uk-or-youll-be-eaten/