Derimot: Hva er status etter et års krig i Gaza? Israel har ikke nådd sine mål og er blitt en internasjonal paria. – Derimot

derimot.no:

Går det betre no i Israel og Palestina, etter eit år med kriging?

av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Eit kort svar er «Nei!» Den eigentlege årsdagen for 7. oktober-angrepet i fjor var sist laurdag. Eg skal ikkje gå inn på ein diskusjon rundt spørsmålet om Netanyahu tillet eller ikkje at dette skjedde som del av eit diabolsk komplott for å eliminere palestinsk nærvær i Gaza, eller om Israel, sjokkert av Hamas-angrepet, nytta høvet til å rettferdiggjere å utrydde palestinarar. La oss sjå på kjensgjerningane i året som gjekk.

For det første: trass i at Israel sverga på å «nedkjempe» Hamas, kjempar dei palestinske krigarane, som inkluderer Palestinsk islamsk jihad og andre, framleis. Og ifølge nokre rapportar rekrutterer dei også fleire medlemmar.

For det andre: dei sivile palestinarane har tolt utenkelege lidingar.Minst 45 000 er døde, og over 50% av desse er kvinner og barn, ikkje krigarar. Og ja, eg forstår at The Lancet estimerer talet til godt over 180 000. Hamas har lykkast i å gjere Israel til ein paria blant nasjonar.

For det tredje: den israelske responsen har fyrt opp houthiane og Hizbollah. Rett nok stemmer det at Israel, med hjelp frå seine Vestllege allierte, har prøvd å bombe houthiane til underkasting, men krigarane frå Jemen sjokkerte verda då dei effektivt greidde å stoppe den maritime trafikken i Raudehavet.

På nordfronten har Israel, med oppmuntring og støtte frå USA, gitt seg inn på ein brutal kampanje for å øydelegge Hizbollah. Suksessen som Israel hadde med å bruke personsøkarar med eksplosiv i og målretta bombing for å drepe leiarskapet til Hizbollah, har mislykkast i å svekke Hizbollahs kommando-og-kontroll og kampvilje. Om noko, har det gitt Hizbollah mot til å presse sine angrep med missil og rakettar medan dei held seg på defensive posisjonar for så å ta innkomande israelske troppar i bakhaldsangrep.

For det fjerde: Israel, igjen med USA som pressar på, prøver desperat å provosere fram ein krig med Iran, men Iran er mistenksame og bit ikkje på med tankelause angrep. Iran engasjerer seg i kontrollert eskalering. Den siste sperreleden deira av ballistiske missil, var først og fremst ein demonstrasjon designa for å sende ein utvetydig bodskap til Israel og Vesten: Vi kan råke Israel når som helst, og de kan ikkje stoppe oss.

Vi ventar no for å sjå kva Israel kjem til å gjere. Viss Israel bestemmer seg for å angripe iranske kjernefysiske fasilitetar, kan det angrepet bli forpurra ved hjelp av russiske luftvernsystem. Men sjølv om Iran dempar angrepet, forventar eg at dei straks vil slå tilbake og angripe Israel sine kjernefysiske fasilitetar. Likeeins for angrep på oljefasilitetar. Neste steg på eskalasjonsstigen blir ein gjengjeldskamp.

Eit sentralt punkt som dei fleste militæranalytikarar har ignorert (eller ikkje nemnd), er at Iran, sman med Hizbollah og houthiane, kan overskylle sona i Israel og tvinge israelarane til å tømme luftforsvarssystemet sitt. Verken Israel eller Vesten har ei forsyningskjede på plass som raskt kan erstatte israelske luftvernmissil. Eg trur det er svært usannsynleg at Israels luftforsvarssystem framleis ville vere operasjonelt viss det hadde blitt tvinga til å bekjempe missil- og rakettangrep frå Iran, Hizbollah og houthiane to veker i strekk.

Eg diskuterte desse sakene, og også det russiske framsteget i krigen i Ukraina, med Judge og Nima i dag.

Gutane og jentene i GrayZone, sleppte – som lova – ein blockbuster-video i dag — Atrocity Inc: How Israel Sells Its Destruction Of Gaza. Den er brilliant og fellande.Lik og del med slekt og venner!

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/are-israel-and-palestine-better-off-today-after-one-year-of-fighting/

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...