Derimot: Hva betyr den nylig inngåtte avtalen mellom Saudi-Arabia og Iran? Tapere og vinnere.

Derimot.no

derimot.no:

Ved hjelp av Kina som meklar gjenopprettar Iran og Saudi-Arabia band – der er vinnarar og taparar

Henta frå Moon of Alabama. Omsett av og henta frå saksyndig.

Dette er stort!

Regionale rivalar Iran og Saudi-Arabia samde om å gjenopprette band etter årevis med spenningar

Avtalen, der dei to landa vil opne sine ambassadar i kvarandre sine hovudstader, vart gjort under eit møte i Kina, og annonsert fredag i ein felles kommuniké.

Erkerivalane Iran og Saudi-Arabia vart fredag [10.mars 2023] einige om å gjenopprette diplomatiske relasjonar, eit dramatisk gjennombrot mekla fram av Kina etter årevis med skyhøge spenningar mellom dei regionale rivalane.

Avtalen, der dei to landa vil opne ambassadar i kvarandre sine hovudstader, vart gjort under eit møte i Kina – ein boost for Beijing sin innsats for å bli rivalen til USA som ein meklar på den globale scena.

Avtalen kan òg leggje ein dempar på Israels pågåande forsøk på å normalisere relasjonar med sine arabiske naboar.

Samtalane vart haldne på grunn av eit «delt ønske om å løyse usemja mellom seg gjennom dialog og diplomati, og i lys av deira broderlege band,» ifølgje ein felles kommuniké frå Teheran, Riyadh og Beijing som vart publisert av Saudi Press Agency, det offisielle nyheitsbyrået i landet.

Avtalen følgde intensive forhandlingar mellom Ali Shamkhani, ein nær rådgjevar til Irans øvste leiar Ayatollah Ali Khameni, og Saudi-Arabias statsminister Musaad bin Mohammed Al-Aiban, ifølgje meldinga.

Den la til at utanriksministrane frå begge land kom til å «møtast for å innføre dette, arrangere for tilbakevendinga av ambassadørane sine, og diskutere måtar å forbetre bilaterale relasjonar.»

Den felles meldinga frå Saudi-Arabia, Iran og Kina er her:

«Som respons på det edle initiativet til Hans eksellense president Xi Jinping, presidenten i Folkerepublikken Kina, for Kina si støtte for utvikling av gode naborelasjonar mellom Kongedømmet Saudi-Arabia og Den islamske republikken Iran;

Og basert på avtalen mellom Hans eksellense president Xi Jinping og leiarskapen i Kongedømmet Saudi-Arabia og Den islamske republikken Iran, der Folkerepublikken Kina kom til å vere vert og sponsor for samtalar mellom Kongedømmet Saudi-Arabia og Den islamske republikken Iran;

Frå deira delte ønske om å løyse usemja mellom seg gjennom dialog og diplomati, og i lys av deira broderlege band; …»

Gratulerer til Kina for å dytte denne avtalen fram og gjere den mogleg.

Der er vinnarar og taparar oppi dette.

Vinnarane er:

  • Iran, som no kjem til å bli meir i stand til å bryte gjennom sanksjonsveggen som USA har bygt opp rundt dei.
  • Saudi-Arabia, som no sannsynlegvis vil bli i stand til å avslutte sin katastrofale og dyre krig mot Jemen.
  • Kina, for å utspele det amerikanske utanriksdepartementet ved å oppnå dette.
  • Irak, Syria, Jemen, sidan dei vil bli meir fredelege sidan dei to mellommaktene sin påverknad på politikken vil gjere slutt på dragkampen.

Taparane er:

  • Israel, fordi sjansen for at dei gjennom sine forsøk får USA i krig mot Iran no er minska. Deira håp om koalisjon med saudiane vil ikkje bli sett i verk.
  • USA for å ha blitt utspelt på sin tradisjonelle «heimarena» i Midtausten.
  • Anti-iranske krigshissarar overalt.
  • Emirata for å ha mist i det minste noko av sanksjonsknusingshandelen med Iran til Saudi-Arabia.

Fornyinga av relasjonane vil endre Midtausten:

«Spenningar mellom sunnimuslim-krafthuset Saudi-Arabia og Iran, der fleirtalet er sjiittar, har dominert regionen i fleire tiår.

Dei to landa har vore låst i ein stadig meir intens kamp for dominans, og rivaliseringa deira har blitt forverra av stadfortredar-konfliktar, inkludert krigen i Jemen.

Kaba, islams hovedhelligdom og mål for muslimenes pilegrimsferd hajj, står sentralt i den store moskeen i Mekka i Saudi-Arabia (Store Norske Leksikon)

Saudi-Arabia, fødestaden til islam og staden for dei to heilagaste byane [Mekka og Medina; oms.an.], har historisk sett på seg sjølv som leiaren av den muslimske verda. Den iranske revolusjonen i 1979 skaka Saudi-Arabia og andre kongedømme i Golfen, som såg regimet i Teheran som ein rival.

Medan spenningar bryggja i årevis, braut Saudi-Arabia band i 2016 etter at demonstrantar storma saudiske diplomatpostar i Iran og sette fyr på ambassaden i Teheran.

Nokre dagar tidlegare hadde Saudi-Arabia avretta den prominente sjiitt-geistlege Nimr al-Nimr.

‘Å få oppklaring i misforståingane og sjå på framtida til Teheran-Riyadh-relasjonar vil definitivt føre til utviklinga av regional stabilitet og tryggleik og auken av samarbeid mellom landa i Den persiske golfen og den islamske verda for å handtere dei eksisterande utfordringane,» sa Shamkhani fredag etter å ha underskrive avtalen, ifølgje Press TV.»

I 2016 skildra eg [artikkelforfattaren] drapet på Nimr al-Nimr som eit smart trekk innan saudisk innalands-realpolitikk. Men eg sa òg at det ville føre til eskalerande kostnader i Saudi-Arabias regionalpolitikk, i hovudsak i Jemen. Det viste seg sanneleg å vere tilfellet.

Å gjenopplive relasjonar mellom Saudi-Arabia og Iran vil gjere mange nye ting moglege.

At Iran og Saudi-Arabia aksepterte Kina si mekling er ei anerkjenning av Beijings nye ståstad i verdspolitikken. Det åleine er grunn nok for Det kvite hus å hate avtalen.

Forsidebilde: Louis Hansel

Les artikkelen direkte på derimot.no