Derimot: Husker dere hva som skjedde i Vietnam? Den tiden USA vinner en krig er over.

derimot.no:

Iran/Russland set ei Vestleg felle i Palestina

av Pepe Escobar

Posta på kolozeg den 27. oktober,2023

Det einaste landet som greier distrahere Vesten frå Ukraina, er Israel. Men USA og deira allierte går rett inn i ei eksistensiell felle dersom dei trur at ein vest-asiatisk siger blir lettare enn ein europeisk.

Det strategiske partnarskapet mellom Russland og Iran – med Kina på vingane – legg ei utarbeidd Sun Tzu-felle for Overherren i vest-Asia.

Utanom Israel, er det ingen på heile planeten som på eit blunk kan vri fokuset bort frå Vestens spektakulære nederlag i Ukraina.

Krigshissarane som styrer USAs utanrikspolitikk, ikkje nett Bismarckske kraftkarar, trur at viss Prosjekt Ukraina ikkje kan fullførast, så kan Prosjekt Endeløysing i Palestina i staden bli lett som ein plett – ved hjelp av etnisk utreinsking.

Eit meir plausibelt scenario, er at Iran/Russland – og den nye «vondskapens akse» Russland-Kina-Iran – har alt som trengst til å dra Overherren inn i ei ny hengemyr. Det handlar berre om å bruke fiendens eigne metode – å kaste motstandaren inn i ein runddans av forvirring – for å sette han ut av balanse og desorientere han til å gi etter.

Ønsketenkinga til Det kvite hus, om at dei evige krigane i Ukraina og Israel er forsynte med påskrifta «demokrati» og er nødvendige for USA sine nasjonale interesser, har allereie slått tilbake på dei sjølve – til og med blant folket i USA.

Det hindrar ikkje rop og kviskring langs Beltevegen, som avslører at USAs Israel-allierte neokonservative aukar tempoet i provokasjonane mot Iran – via eit falskt flagg som skal føre til eit angrep frå USA. Eit slikt Armageddon-scenario passar fint inn i Israels statsminister Benjamin Netanyahu sin bibelske psykopati

Vasallar skal tvingast til underdanig samtykke. NATO-statsleiarar har trekt opp ei direktelinje for Israel-besøk, slik at dei kan demonstrere si ubetinga støtte til Tel Aviv – inkludert Hellas’ Kyriakos Mitsotakis, Italias Giorgia Meloni, Storbritannias Rishi Sunak, Tysklands Olaf Scholz, den senile som losjerer i Det kvite hus, og Frankrikes Emmanuel Macron. 

Hemn for det arabiske «fornedrande hundreåret»

Hezbollah er en libanesisk frigjøringsbevegelse som drev Israel ut av Libanon i 2006.

Så langt har den libanesiske motstandsrørsla Hizbollah vist eit uvanleg tilbakehald; dei har ikkje bite på nokre av åta. Hizbollah støttar generelt den palestinske resistansen. Fram til for få år sidan hadde dei seriøse problem med Hamas, som dei kjempa mot i Syria. Hamas er delvis finansiert av Iran, men ikkje styrt av Iran. Teheran støttar den palestinske saka, men palestinske motstandsgrupper tar sine eigne avgjerder.

Det store nye, er at alle desse problema no løyser seg opp. Både Hamas og Palestinsk islamsk jihad (PIJ) drog til Libanon for å besøke Hizbollahs generalsekretær Hassan Nasrallah personleg denne veka. Det fortel om felles sak – eller det regionens resistansakse kallar «Einskapsfronten» («Unity of Fronts»).

Endå meir augeopnande var Hamas sitt besøk i Moskva denne veka, som vart møtt med impotent israelsk raseri. Hamas-delegasjonen var leidd av ein medlem av politbyrået deira, Abu Marzouk. Irans viseutanriksminister Ali Bagheri kom frå Teheran for å møte to av Russlands utanriksminister Lavrovs viktigaste varamenn, Sergei Ryabkov og Mikhail Galuzin.  

Det betyr at Hamas, Iran og Russland forhandlar ved same bord.

Hamas har oppfordra millionane av palestinarar i diasporaen, så vel som heile den arabiske verda og alle islamske land, om å sameine seg. Sakte, men sikkert, kan ein byrje skjelne eit mønster: er den arabiske verda – og store delar av islam – i ferd med å sameine seg for å hemne sitt «fornedrande hundreår» – slik kinesarane gjorde etter Andre verdskrig med Mao Zedong og Deng Xiaoping? 

Beijing, via sitt sofistikerte diplomati, hintar i alle fall om det til visse nøkkelspelarar, sjølv før det banebrytande forliket mellom Iran og Saudi-Arabia tidlegare i år, der Russland og Kina mekla. 

Det i seg sjølv vil ikkje forpurre den evige, maniske trongen til USAs neokonservative til å bombe kritisk infrastruktur i Iran. Desse neokonservative, verdt mindre enn null når det gjeld militærvitskap, ignorerer korleis ein iransk hemn ville – presist – utsjå kvar einaste US-amerikansk base i Irak og Syria, og kanskje i Den persiske golfen, som mål for angrep.

Et av USAs store «badekar» omgitt av støtteskip. Martyanov har beskrevet dem som verdiløse i og med Russlands nye hypersoniske missiler som det ikke finnes forsvar mot. De er «sitting ducks» i trange farvann som den Persiske Gulfen, men også i det indre Middelhavet. (red.)

Den makelause russiske militæranalytikaren Andrei Martyanov har vist kva som kan skje med dei dyre, amerikanske badekara i austre Middelhavet dersom Israel skulle angripe Iran, slik dei har trua med å gjere.

Vidare er det minst 1000 US-amerikanske soldatar i nord-Syria som stel landets olje. Desse ville også bli eit umiddelbart mål.

Ali Fadavi, IRGC sin nestkommanderande, sa det rett ut: «Vi har teknologi på det militære feltet som ingen kjenner til, og amerikanarane vil få vite om den når vi tar den i bruk.»

Dei iranske hypersoniske Fattah-missila – ein nær slektning av Khinzal oge DF-27 – har ein fart på mach 15, og kan nå mål kor som helst i Israel på 400 sekund.  

Pluss på med Russlands sofistikerte elektroniske krigføring (EW). Som det vart stadfesta i Moskva for seks månadar sidan: iranarane fortalde russarane at når det gjeld militære samband, «kva de enn treng, berre spør.» Det same gjeld andre vegen, for den felles fienden er den same.

Det heile handlar om Hormuz-sundet 

I russisk/iransk strategi er det Hormuz-sundet som er sakas kjerne. Gjennom dette sundet blir det frakta minst 20 prosent av verdas olje (nær 17 millionar fat per dag) pluss 18 prosent av den flytande gassen (LNG), minst 3,5 milliardar kubikkfot per dag (ca hundre millionar kubikkmeter).

Iran kan på ein blunk blokkere Hormuz-sundet viss dei vil. Det hadde i grunnen ikkje vore meir enn rett og rimeleg, som gjengjeld for at Israel tenker å, illegalt, glefse i seg all  gassen som er oppdaga utanfor kysten av Gaza, gass verdt mange milliardar dollar – utan tvil ein av hovudgrunnane til den etniske utreinskinga dei no er i gang med i Palestina.

Men den verkelege utfordringa blir å jekke ned den Wall Street-konstruerte derivat-strukturen verdt 618 bllionar dollar, som fleire analytikarar ved Goldman Sachs og JP Morgan, så vel som uavhengige energiforhandlarar i den persiske golfen, har stadfesta. 

Så når ting verkeleg skjerpar seg til – langt utover forsvaret av Palestina og i eit scenario av Total Krig – så vil ikkje berre Russland/Iran, men også nøkkelspelarar i den arabiske verda som er i ferd med å bli medlemmar av BRICS 11 – som t.d. Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata (UAE) – ha det som trengst til å jekke ned USAs finanssystem når dei vil.

Det blir som ein aktør høgare opp i den gamle skulens Djupstat, som no arbeider i sentral-Europa, sa:  

Dei islamske nasjonane har den økonomiske fordelen. Dei kan blåse opp sine internasjonale finanssystem ved å kutte oljen. Dei treng ikkje fyre av eit einaste skot. Iran og Saudi-Arabia er i allianse saman. 2008-krisa tok 29 billionar dollar å løyse, men denne – om det skulle skje – vil ikkje ein gong kunne løysast med 100 billionar dollar av fiatinstrument.”

Som handelsmenn i den persiske golfen fortalde meg, er eitt mogleg scenario at OPEC byrjar å sanksjonere Europa, først frå Kuwait og deretter spreidd frå eitt OPEC-land til eit anna og til alle land som handsamar den muslimske verda som fiendar og kanonfôr.

Iraks statsminister Mohammed Shia al-Sudani har allereie åtvara om at olje til Vestlege marknadar kan bli skrudd av på grunn av det Israel gjer i Gaza. Irans utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian har allereie formelt bede om ein total olje- og gassembargo frå islamske land mot nasjonar – hovudsakleg NATO-vasallar – som støttar Israel.

Så kristne sionistar i USA, allierte med neokonservative Netanyahu som truar med å angripe Iran, har potensialet til å rive ned heile det globale finanssystemet.

Evig krig mot Syria, remixed  

Dagens politiske vulkan er farligere enn dette.

Under vulkanen vi no sit på, har det strategiske partnarskapet mellom Russland og Kina vist ekstrem varsemd. Utad er det formelle standpunktet deira å nekte å ta stilling for den eine eller andre parten (verken Palestina eller Israel); å be om våpenkvile på humanitært grunnlag; å be om ei to-statsløysing; og respekt for folkeretten. Alle initiativa deira i FN har blitt saboterte av Overherren.

Hittil har Washington nekta å gi grønt lys for ein israelsk bakkeinvasjon av Gaza. Hovudgrunnen er USAs førsteprioritet: å kjøpe seg tid til å ekspandere krigen til Syria, «anklaga» for å vere hovudknutepunktet for frakt av iranske våpen til Hizbollah. Det blir også ei gjenopning av den same gamle krigsfronten mot Russland.

Moskva har ingen illusjonar. Etterretningsapparatet veit godt at israelske Mossad-agentar har rådgitt Kiev medan Tel Aviv forsynte Ukraina med våpen, etter seriøst press frå USA. De gjorde siloviki’ane rasande, og det kan ha vore eit fatalt mistak.

Dei neokonservative, for sin del, stoppar aldri. Dei fremjar ein parallell trussel: viss  Hizbollah angrip Israel med noko anna enn nokre få, spreidde rakettar – og det vil ikkje skje – så vil den russiske flybasen Hmeimim i Latakia bli «eliminert» som ei «åtvaring» til Iran.

Fly på den russiske Hmeimin-basen i Syria.

Dette er lågmåls; sjølv barn som leikar i sandkassen er betre. Etter Israels serieangrep på dei sivile flyplassane i Damascus og Aleppo, stussa ikkje Moskva med å tilby Syria å bruke Hmeimim-fasiliteteane – komplett med klarering for Irans islamske revolusjonære gardekorps (IRGC) sin kargofrakt, ifølge nokre kjelder innan russisk etterretning. Netanyahu vil ikkje nære eit dødsønske ved å bombe ein fullt A2/AD (anti-access/area denial) russisk flybase.  

Moskva ser også klart kva dei dyre US-amerikanske jernbadekara i det austre Middelhavet kan ha planar om.Responsen vart rask: Mig-31K-fly patruljerer nøytralt luftrom over Svartehavet 24/7, utstyrte med hypersoniske Khinzal-missil som berre ville bruke seks minutt på å nå Middelhavet.

Midt oppe i all denne store dosen neokon-galskap, med Pentagon som utplasserer ei formidabel mengd våpen pluss «uavslørte» verdiar til det austre Middelhavet, enten målet er Hizbollah, Syria, Iran, Russland, eller alle desse, har både Kina og Nord-Korea – del av den av USA ny-oppkokte «vondskapens akse»” – sagt at dei ikkje vil nøye seg med å stå på sidelinja.

Den kinesiske marinen skjermar Iran frå avstand av. Men endå kraftigare var ei ytring frå statsminister Li Qiang – noko uvanleg direkte og sjeldent i kinesisk diplomati:

“Kina vil halde fram med å fast støtte Iran for å sikre deira nasjonale suverenitet, territoriale integritet og nasjonale ærbarheit, og vil kraftig gå imot at ytre krefter blandar seg inn i Irans indre saker.»

Gløym aldri at Kina og Iran er i forbund ved det omfattande strategiske partnarskapet. I mellomtida har Russlands statsminister Mikhail Mishustin styrka det russisk-iranske strategiske partnarskapet i eit møte med Irans første vise-president Mohammad Mokhber.

Ikkje gløym risetarane frå Korea 

Pro-Iran milits over heile Resistansaksen held ein nøye avpassa konfrontasjonsgrad mot Israel, lik geriljakrigings hit-and-run. Dei vil ikkje bli involverte i massive angrep enno. Men om Israel invaderer Gaza, blir det ei anna sak. Den arabiske verda vil ikkje tolerere massakren på sivile.

På ein direkte måte har Overherren, i den betente situasjonen, funne ein utveg frå audmjukinga i sitt Prosjekt Ukraina. Dei trur feilaktig at den same gamle evige krigen som no blussar opp i vest-Asia kan bli «modulert» etter eige ønske. Og viss to krigar skulle utvikle seg til ei enorm politisk belastning, slik dei vil, så er ikkje dét noko nytt. Dei startar berre ein ny krig i «Indo-Stillehavet».

Ikkje noko av dette narrar Russland/Iran og deira iskalde overvaking av Overherrens runddans, steg for steg. Det er opplysande å hugse kva Malcolm X føresåg allereie i 1964:

“Nokre ris-etarar jaga han ut av Korea. Ja, dei jaga han ut av Korea. Risetarar utan anna enn turnsko og ei rifle og ein bolle ris tok han og stridsvognene hans og napalmen hans og alt det andre han skal ha, og jaga han over Yalu. Korfor? Fordi den dagen når han kan vinne på bakken, er over.” 

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Nick Fewings

Redaksjonen har lagt til bilder m/kommentarer

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...