Dystre framtidsutsikter når Israels fascistar no har tatt makta
Moon of Alabama, 23. august, 2024
Alastair Crooke er tidlegare MI6-agent, og har forhandla under gisseloperasjonar i Midtausten. Han har nært kjennskap til Israel. I det siste har Crooke skrive mykje om dei interne endringane i Israel. Suprematist-settlaranehar tatt over styringa:
Ein eskatologisk kult på høgresida har no majoriteten i kabinettet, og dei styrer ein borgarvernsmilits som står klar til å angripe det militære etablissementet og den israelske staten. Ingen vart arresterte for angrepet på og overtakinga av dei to basane. Dei tør ikkje.
Moshe “Bogie” Ya’alon, tidlegare stabssjef for IDF, som også har vore forsvarsminister i Israel, hadde dette å seie i eit video- intervju om kreftene som tar over i Israel:
«Når ein snakkar om Smotrich og Ben Gvir: Dei har ein rabbi. Namnet hans er Dov Lior. Han er rabbien til Den jødiske undergrunnen, som ville sprenge Klippedomen – og før det bussane i Jerusalem. Korfor? For å framskunde ‘Den siste krigen’. Kan du [ikkje] høyre dei snakke om Den siste krigen; eller om Smotrichs ‘undertvinging’? Les artikkelen han publiserte i Shiloh i 2017. Først og fremst kviler dette omgrepet på jødisk overlegenheit: Mein Kampf i revers».
«Eg får gåsehud når eg seier det – som han sa det. Eg lærde og vaks opp i huset til Holocaust-overlevande og ‘aldri igjen’. Det er Mein Kampf i revers: jødisk overlegenheit: og derfor [seier Smotrich]: ‘Kona mi vil ikkje gå inn i eit rom med ein arabar’. Det er ideologisk forankra. Og det han faktisk vil oppnå – så snart som mogleg – er å starte ein storkrig. Ein Gog- og Magog-krig. Korleis startar ein flammane? Ein massakre som den i Patriarkanes grotte [Hebron-massakren i 1994, der jøden Goldstein skaut og drap 29 muslimar i bøn i Abrahamsmoskéen, mrk.]? Baruch Goldstein er ein av elevane til denne rabbien. Ben Gvir har hengd opp eit bilde av Goldstein [ i huset sitt]».
Rabbi Dov Lior
«Dette er slikt som går inn i avgjerdstakingsprosessane i den israelske regjeringa».
Rabbi Dov Lior har blitt skildra av Netanyahu som «eliteeininga som leier Israel», på grunn av den kontrollen han har over settler-styrkane. Er Irgun av 1948 [Deir Yassin-massakren], med bruk av Mizrahim-jødane, i ferd med å bli gjenfødd?
Er det ikkje på tide at maktstrukturane i Vesten løftar blikket og les skrifta på veggen? Visse seriøse aktørar tenker ikkje slik som de i Vesten gjer; dei søker Gog og Magog (profesien om at «Israels barn» skal sigre i slaget om Armageddon). Det er det ein risikerer.
Her er ei anna åtvaring.
Shin Bet er Israels innanriks-sikkerheitsteneste. Dei rapporterer direkte til statsministeren.
Når sjefen for Shin Bet går ut med ei offentleg åtvaring som den under, er situasjonen meir enn alvorleg:
Ronen Bar, sjefen for Shin Bet, sende det dystraste brevet eg nokon gong har sett, som åtvarer mot den framveksande trusselen frå settler-terrorisme. Han trur den får støtte frå mange i systemet, og at den kjem til å vekse seg til ei rørsle som vil true Israels velferd. Her er dei viktigaste delane av brevet, slik det vart lagt fram av Guy Peleg på Kanal 12:
«Det er med smerte eg skriv dette brevet. I djup frykt. Som jøde, som israelar, og som sikkerheitstenestemann, fekk eg kjennskap til det aukande fenomenet jødisk terrorisme frå Hilltop-ungdommane. Fenomenet Hilltop-ungdommane har lenge skapt ei betydeleg mengd terrorisme mot palestinarar.
Med forverringa av sikkerheitssituasjonen og det at politiet ikkje maktar å gripe inn, og kanskje i skjul oppmuntrar til det, er fenomenet i endring og blir viktigare. Frå å vere verket til nokre få individ, er det no tatt opp av hundretals. På grunn av dei gode kåra dei får frå politiet, finst det ikkje lenger frykt for å bli arrestert.
Saman med pengane dei mottar når dei blir sleppte fri og hyllinga frå medlemmar av Knesset, ved sidan av delegitimeringa av sikkerheitstenester. Det har gått frå løyndomsfulle og smale aktivitetar til open og storstilt organisering. Nokre gongar på grunn av våpena dei får frå staten. At dei kan unngå at sikkerheitsstyrkane angrip dei. Frå å fjerne seg frå etablissementet til å motta støtte frå delar av etablissementet.
Svaret er ikkje Shin Bet. Shin Bet er eit plaster designa for å takle ei lita gruppe ekstremistar. Dei kan ikkje takle rota til problemet. Det som trengst, er ein koalisjon av navigatørar, inkludert ministrar, statlege department, rabbiar og regionale leiarar. Utan det, er det makta som rår.
Leiarane for denne rørsla prøvde å få systemet til å miste all kontroll. Vi står på kanten til ein prosess som vil endre realiteten vår. Skaden på Israel og dei fleste settlarane er ubeskriveleg:
Global delegitimering, sjølv blant våre næraste venner.
Signifikante IDF-styrkar trengst, og dei kjempar allereie for å oppfylle operasjonelle plikter.
Hemnangrep som vil starte ein ny front i den allereie eksisterande multi-front-krigen
Nye element har kome inn i terror-syklusen som før stod utanfor.
Eit skråplan ned til lovløyse.
Vanskar med å skape regionale alliansar mot sjiitt-aksen.
Framfor alt er det ein skamflekk på jødedommen og oss alle.
Eit framhald i denne retninga vil føre til mykje blodspill og endre bildet av Israel til noko ugjenkjenneleg.»
Konklusjonen er at altfor mange element i det israelske samfunnet støttar jødisk terrorisme. Utfallet det fører til kan underminere eksistensen av Israel som ein jødisk og demokratisk stat. Dette er ei krise som må på dagsordenen.
Etter 7. oktober kjøpte Ben Gvir, ministeren for nasjonal sikkerheit 10 000 jaktrifler fil «sivile sikkerheits-team» på Vestbanken. Dei væpna settlarane der er hans private armé. Ben Gvir kontrollerer også politiet.
Han gir politiet ordre om å halde tilbake når settlar-arméen hans utfører pogromar mot palestinarar. Dette samtidig som den israelske arméen er travelt opptatt med å kjempe – og tape – på fleire frontar i ein situasjon som er dømd til å bli katastrofal for Israel.
Det er det ideologane vil, og det Moshe “Bogie” Ya’alon og Ronen Bar fryktar.
Posta av b den 23. august, 2024 kl 8:45 UTC | Permalink