Derimot.no

Derimot: Hizbollah er ikke avhengig av en person.Det er et stort nettverk over hele Libanon. – Derimot

derimot.no:

Kan Israel drepe seg til fred?

av Larry C. Johnson

X-CIA-analytker

Det korte svaret er «NEI!» I dag eskalerte Israel krigen med Hizbollah på ein farleg og omsynslaus måte då dei bomba ei klynge bygg i sør-Libanon. Det kjem ein straum av motstridande rapportar – den israelske okkupasjonsstyrken (IOF) hevdar å ha tatt livet av leiaren for Hizbollah, Hassan Nasrallah, medan Hizbollah-kjelder først insisterte på at Nasrallah framleis var i live. Seinare rapportar frå Beirut seier at Nasrallah vart drepen i bombinga. Enten Nasrallah er død eller i live, er ikkje dette slutten – ikkje ein gong byrjinga på slutten – på Hizbollah.

Hizbollah er ingen skrøpeleg organisasjon. Kva meiner eg med det? Dei er ikkje avhengige av éin nøkkelfigur eller éi gruppe menn. Israelarane fattar ikkje at dette er ei religiøs rørsle, og at døden til éin leiar eller krigar er ein del av Allahs plan, og dei vil halde fram med å krige. Dette er ikkje første gong Israel har drepe ein høg Hizbollah-tenestemann, og det blir ikkje siste. Men drapet på Nasrallah vil truleg føre til at Hizbollah steppar opp angrepa sine mot israelske mål i Israel. Like for like-syklusen vil heitne til dramatisk i dagane som kjem.

Ein av konsekvensane av å drepe ein mann som Nasrallah, er at ein ny leiar kanskje ikkje har same tolmod og tilbakehald som det Nasrallah har framvist det siste året. Han var ikkje nokon oppfarande brushane. Ein ny generalsekretær (om ein går utifrå at Nasrallah er død) vil vere under press om å intensivere angrepa mot Israel, denne gongen med presisjonsmissil og potensielt angrep djupt inn i Israel. Hizbollah vil ikkje vere aleine i denne kampen. Houthiane vil også respondere, om så berre for å vise solidaritet med Hizbollah. Sjia-grupper i Irak vil truleg intensivere angrepa sine på US-amerikanske utpostar i Syria.

Israelske kjelder rapporterer at reservistar har blitt kalla inn att til brakkene sine, noko som kanskje signaliserer at Israel har til hensikt å følge opp desse angrepa med ein bakkeinvasjon i sør-Libanon. Viss dét skjer, vil Libanon vere kasta inn i ein svært øydeleggande krig. Vi kan vente å sjå masseevakuering av utlandske sivile dei neste dagane.

Dette angrepet vil dessutan truleg fyre opp under raseriet til allereie rasande folk i Tyrkia, Jordan og Egypt. Den arabiske og muslimske befolkninga vil kreve hardare handling frå regjeringane sine for å halde Israel ansvarleg for det dei meiner er uhyrleg umenneskeleg. Kort sagt er situasjonen prekær.

Over til Ukraina. Situasjonen der blir stadig meir desperat for det ukrainske militæret. Financial Times publiserte denne kjempebomba:

https://archive.is/WKqxz

Den ukrainske arméen mistar MEIR ENN HALVPARTEN av sine rekruttar som blir drepne eller skadde rett etter at dei har kome til fronten, rapporterer Financial Times.

«Mellom 50 og 70 prosent av nye infanterimenn vart drepne eller såra innan få dagar etter starten på sin første tørn,» seier kommandantar i Ukrainas væpna styrkar.

Ukrainske kommandantar seier at rekruttane manglar grunnleggande kampferdigheiter og motivasjon, og dei fleste får panikk når dei kjem i kamp første gong. Gjennomsnittleg alder for ein ukrainsk soldat er 45, og det gjer det vanskeleg å utføre oppgåver som krev stamina og styrke.

Nokre kommandantar seier at av 30 soldatar i ei eining, er berre fem under 30. Mangel på erfaring og fysisk form gjer rekruttane spesielt sårbare, og på grunn av ineffektiv opplæring veit dei fleste av dei ikkje ein gong korleis ein skal halde eit våpen slik det skal haldast.

Trening blir framleis utført i «sovjetisk stil», og instruktørane manglar ofte sjølve kamperfaring. Som resultat opplever ukrainske einingar raske tap ved fronten.

Kommandantane understrekar og at på grunn av konstante rotasjonar og press frå russiske troppar, lir ukrainske einingar betydelege tap og blir tvinga til retrett i visse område.

Ray og eg diskuterte situasjonen i Libanon, Palestina og Israel med Judge i vekas rundebordssamtale.

Nima og eg  fokuserte også på utviklinga i Libanon, og dessutan Ukraina.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/can-israel-kill-its-way-to-peace/

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar