Derimot: Historien forteller at Ukraina bryter alle våpenhviler som inngås. Derfor blir det ingen våpenhvile denne gangen. – Derimot

derimot.no:

Korfor Russland ikkje vil akseptere ei «permanent» våpenkvile

av Larry C. Johnson, 21. mars, 2025

X-CIA-analytiker

Donald Trump vil ikkje lykkast i å overtyde Russland om å godta ei våpenkvile for å midlertidig stanse krigen i Ukraina, fordi Russland har blitt brend og narra altfor mange gongar av tidlegare Vesten-støtta våpenkviler. Våpenkvilepresse følger eit mønster: ukrainske styrkar får juling av russiskstøtta troppar, og heller enn å overgi seg, ber dei om våpenkvile. Russland har har gått med på to våpenkviler – ei i 2014 og ei i 2015 – som deretter vart brotne av Ukraina. Narr meg éin gong, skam deg. Narr meg to gongar, skam meg. Russland har lært leksa si og fell ikkje for same trikset igjen.

Så la oss gå igjennom historia, og starte med september 2014.

Ukraina søkte våpenkvile i september 2014, primært på grunn av ein kombinasjon av militære, politiske og humanitære faktorar. Konflikten i austre Ukraina, som starta tidlegare det året, hadde eskalert betydeleg, ført til tunge tap, utbreidde øydeleggingar og ei humanitær krise. Under kjem hovudgrunnane til at Ukraina gjekk for ei våpenkvile på det tidspunktet:

1. Militære tilbakeslag og tap

Innan september 2014 hadde ukrainske styrkar lide betydelege tap i sine forsøk på å kontre dei russisk-støtta separatistane i Donetsk og Lugansk. Separatistane, støtta av russiske troppar og utstyr, hadde fått overtaket i fleire viktige slag, inkludert slaget om Ilovaisk i slutten av august 2014. Under dette slaget vart ukrainske styrkar omringa og leid tunge tap, med hundretals drepne, skadde eller tilfangetakne.

Det ukrainske militæret var dårleg budd på ein langtrekt konflikt, mangla tilstrekkeleg trening, utstyr og ressursar til å effektivt bekjempe dei velrusta og organiserte separatist-styrkane, som hadde Russland i ryggen.


2. Humanitær krise

  • Konflikten hadde forårsaka ei alvorleg humanitær krise, med tusentals sivile drepne eller skadde og over ein million menneske fordrivne frå heimane sine. Byar og bygder i Donbas var tungt skadde, og essensiell infrastruktur, som til dømes vatn, elektrisitet og helseinstitusjonar, var øydelagde.
  • Ei våpenkvile vart sett som ein måte å stagge valden på, tillate naudhjelp å kome fram til berørte omrøde og gi sivilbefolkninga eit pusterom.

3. Internasjonalt press

  • Det internasjonale storsamfunnet, inkludert Den europeiske unionen (EU), USA og Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE), oppfordra Ukraina og separatistane til å bli samde om ei våpenkvile for å deeskalere konflikten. Diplomatisk innsats var i gang for å finne ei fredeleg løysing, og ei våpenkvile vart sett på som eit nødvendig første steg.
  • Minsk-protokollen, signert den 5. september, 2014, vart mekla fram av Den trilaterale kontaktgruppa (Ukraina, Russland og OSSE) og hadde til mål å etablere ei våpenkvile, trekke tilbake tunge våpen og starte politiske forhandlingar.

4. Politiske faktorar

  • Ukrainas president Petro Porosjenko møtte innanlandsk press om å ende kampane og unngå meir tap av liv. Det ukrainske folket var stadig meir lei av konflikten, og det var bekymringar om langsiktige verknadar på landets stabilitet og økonomi.
  • Ei våpenkvile vart også sett på som ein måte å kjøpe Ukraina tid til å bygge opp att militæret sitt på, styrke forsvarsverka sine og søke meir støtte frå sine Vestlege allierte.

5. Russisk involvering og eskalering

  • Innan september 2014 hadde det blitt klart at Russland var direkte involvert i konflikten, forsynte troppar, våpen og logistisk støtte til separatistane. Denne eskaleringa gjorde det stadig vanskelegare for Ukraina å oppnå ein militær siger.
  • Ei våpenkvile vart sett på som ein måte å hindre ytterlegare russisk intervensjon på og stabilisere situasjonen på bakken.

6. Økonomisk belastning

  • Konflikten hadde lagt eit betydeleg press på Ukrainas økonomi, som allereie sleit med korrupsjon, vanstyre og etterdønningane etter 2014-Euromaidan-revolusjonen. Krigen la endå meir press på industriproduksjonen, spesielt i Donbas-regionen, som var eit viktig økonomisk knutepunkt.
  • Ei våpenkvile vart sett som ein måte å redusere dei økonomiske kostnadane ved konflikten på og tillate Ukraina å fokusere på reformar og gjenoppretting.

Utfall av september 2014-våpenkvila

Våpenkvila som vart etablert av Minsk-protokollen i september 2014 var skjør og vart hyppig broten, hovudsakleg av Ukraina. Sjølv om den ei tid reduserte intensiteten i kampane, greidde den ikkje å gi noka varig løysing på konflikten.

Fra undertegninga av Minsk 2.

Ukrainas avgjerd om å søke våpenkvile i september 2014 reflekterte konfliktens harde realitetar og behovet for å prioritere humanitære omsyn, stabilisere situasjonen og søke ei diplomatisk løysing. Men dei underliggande problema som dreiv konflikten låg framleis uløyste, og det førte til at valden heldt fram i åra som følgde.

Ukraina søkte våpenkvile i januar 2015 på grunn av eskalerande vald og betydelege militære tilbakeslag i krigen i Donbas-regionen. Den første Minsk-protokollen, signert i september 2014, skulle etablere ei våpenkvile og løyse konflikten ved hjelp av slike tiltak som desentralisering og grenseovervaking. Med tidleg i 2015 hadde denne avtalen kollapsa fullstendig då kampane intensiverte seg, spesielt etter Russlands siger på den internasjonale flyplassen i Donetsk og den fornya offensiven mot Debaltseve.

Stilt oppimot tunge tap og aukande internasjonalt press, søkte Ukraina å hindre vidare militære nederlag og stabilisere situasjonen. Det fornya presset for fredsforhandlingar kulminerte i Minsk II-avtalen som vart signert den 12. februar, 2015. Denne avtalen inkluderte avgjerder om ein umiddelbar våpenkvile, tilbaketrekking av tunge våpen, utveksling av fangar og konstitusjonelle reformar som løyvde autonomi til delar av Donbas. Ukraina sin innsats var også driven av behovet for å unngå vidare destabilisering og for å sanke internasjonal støtte ved å framstille russarane som aggressorane. Vestens Ukraina-støttespelarar ignorerte at den ukrainske hæren stadig hadde bombardert sivile i Donbas.

Minsk II-avtalen var ein pakke av tiltak som skulle løyse konflikten i aust-Ukraina, mellom ukrainske regjeringsstyrkar og russisk-støtta separatistar i regionane Donetsk og Lugansk. Russland spelte ei nøkkelrolle under forhandlingane, men var ikkje primær signatar. Avtalen var hovudsakleg mellom den ukrainske regjeringa og leiarane av oblasta Donetsk og Lugansk. Avtalen vart signert den 12. februar, 2015, i Minsk, Belarus, følgd av forhandlingar som involverte leiarane av Ukraina, Russland, Frankrike og Tyskland, samt representantar frå separatist-regionane.

Nokre viktige avgjerder i Minsk II-avtalen:

  1. Umiddelbar og omfattande våpenkvile: Ei våpenkvile skule tre i effekt ved midnatt den 15. februar, 2015.
  2. Tilbaketrekking av tunge våpen: Begge sider skulle trekke tilbake sine tunge våpen frå frontlinjene for å skape ei sikkerheitssone.
  3. Monitorering og verifisering: Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) fekk i oppgåve å overvake og verifisere våpenkvila og tilbaketrekkinga av tunge våpen.
  4. Desentralisering av makt: Ukraina gjekk med på å implementere konstitusjonelle reformar som skulle gi regionane Donetsk og Lugansk meir autonomi, inkludert retten til å bruke det russiske språket og til å danne lokale politistyrkar.
  5. Lokale val: Det skulle haldast lokale val i dei separatist-kontrollerte områda under ukrainsk lov og monitorert av OSSE.
  6. Amnesti: Det skulle givast amnesti til dei som var involverte i konflikten, med unntak for dei som var skulda for alvorlege brotsverk.
  7. Utveksling av fangar og gislar: Begge sider skulle sleppe fri alle fangar og gislar.
  8. Humanitær bistand: Humanitær hjelp skulle tillatast å sleppe inn i konfliktsonene.
  9. Gjenoppretting av økonomiske band: Steg vart tatt for å gjenopprette sosiale og økonomiske band mellom dei konflikt-berørte områda og resten av Ukraina, inkludert å få på plass att banktenester og utbetaling av pensjonar.
  10. Tilbaketrekking av utlandske troppar og leigesoldatar: Alle utlandske væpna formasjonar, militært utstyr og leigesoldatar skulle trekkast ut av ukrainsk territorium.

Trass i avtalen, heldt konflikten i austre Ukraina fram, med hyppige brot på våpenkvila og stadig fiendskap. Implementeringa av dei politiske aspekta av avtalen, spesielt desentraliseringa av makt og lokalval, har vore eit omstridd spørsmål der begge sider har skulda motparten for å unnlate å fylle pliktene sine.

X-kansler Angela Merkel

Først seinare fekk verda vite at dei tyske og franske leiarane såg på Minsk II som eit knep for å kjøpe Ukraina tid til å bygge opp sin militære styrke.

I eit intervju med Die Zeit i desember 2022, slo Merkel fast at:

2014-Minsk-avtalen vart eit forsøk på å gi Ukraina tid. Dei brukte også denne tida til å bli sterkare, son de kan sjå i dag. Ukraina av 2014-2015 er ikkje Ukraina av i dag.”

Den franske leiaren, Hollande, var einig med Merkel i dette.

Under møtet mitt med Russlands utanriksminister Lavrov (eg hadde følge av Judge Napolitano og Mario Nawfal), bemerka hr. Lavrov at då Russland og Ukraina hadde forhandlingar i Tyrkia 29-30. mars, 2022, så godtok Russland Ukrainas utkast til forslag for å få slutt på den spesielle militæroperasjonen. Som ein velvillig gestus gav Vladimir Putin russiske styrkar ordre om å trekke seg frå stillingane sine nord for Kiev. Men Vladimir Zelensky, i møte med press frå Joe Biden og Boris Johnson, avviste forslaget frå si eiga regjering og valde å fortsette krigen.

Å seie at dette gav ein vond smak i munnen på dei russiske tenestemennene, er mildt underdrive. Desse tre reverseringane til Ukraina om framforhandla våpenkviler har overtydd russarane om at ei våpenkvile ikkje lenger er eit levedyktig alternativ for å avslutte krigen. Det var derfor Vladimir Putin la fram nye vilkår i talen sin den 14. juni 2024 til senior- tenestemennene i det russiske utanriksdepartementet. Det er Russlands innstilling no, og den kan det ikkje forhandlast om. Dersom Ukraina nektar å godta desse vilkåra, vil Russland diktere tøffare vilkår via slagmarka.


I gjorde tre podcast’ar i dag. Den første var med Garland Nixon,den andre med Nima, og den siste med Judge and Ray McGovern:

Dessse – saman med eit manfald kommentarar – kan sjåast på nettsida til Larry: https://sonar21.com/understanding-why-russia-wont-accept-a-permanent-ceasefire/

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar