Derimot: Her er for mange tilfeldigheter. Sprengningen av rørledningene er ingen tilfeldighet men en del av en plan.
derimot.no:
Tilfeldig? Neppe!
27. september 2022 av Larry Johnson
På presis same dag som verda får høyre om sabotasjen på Russlands Nordstream 1 og Nordstream 2, gjett kva som elles skjedde. Vel, ukrainarar frå fylka Lugansk, Donetsk, Zaporhyzhia og Kherson røysta i overveldande hopetal for å bli russarar. Sjølv om dét er ein spel-endrar, så var det ikkje det eg hadde i tankane.
Kva med dette: Polen opna på tysdag ei ny røyrleidning som skal transportere gass frå Noreg via Danmark og Austersjøen? Der var det!!! Kor tilfeldig!! Eller er det?
Der er minst ein prominent polsk politikar som trur at USA fortener æra for å ha sabotert Nordstream-røyrleidningane. Polens tidlegare forsvarsminister Radek Sikorski, som tilfeldigvis er gift med Anne Appelbaum, ein entusiastisk neo-konservativ som er maskert som journalist, tweeta følgande etter å ha høyrt at Nordstream-leidningane no var “złamany” (polsk for”kaputt”): “Takk, USA.”
Men dét er kanskje ei lita avdrift; Polen har lenge bore agg til Nordstream. Med andre ord: Polen har eit klart motiv for å støtte ei øydelegging av den russiske røyrleidninga. For over eit år sidan, nærare bestemt i april 2021, dukka dette opp på trykk:
Polen er sterkt imot utviklinga av Nord Stream 2, som vil gi Gazprom ei undersjøisk alternativ rute for leveransar av gass til vest-europeiske kundar. Pr. dags dato må gassen fraktast gjennom nettverk av landbaserte røyr i Polen og Ukraina, og gir desse landa – som ikkje alltid har så hjartelege relasjonar til Russland – både verdifulle inntekter av transitt-gebyr og ein viss grad energisikkerheit.
https://maritime-executive.com/article/poland-denies-provocative-naval-maneuvers-near-nord-stream-2
Ein månad seinare kom det ein rasande reaksjon frå Polen:
Polen har reagert med sinne mot president Joe Biden si avgjerd om å gi opp sanksjonane mot Nord Stream II. Dei åtvarer om at trekket kan true energisikkerheita i sentral- og aust-Europa.
“Informasjonen er definitivt ikkje positiv frå eit sikkerheitssynspunkt, ettersom vi godt veit at Nord Stream II ikkje berre er eit forretningsprosjekt, men for det meste eit geopolitisk prosjekt,” sa Piotr Muller, talsmann for den polske regjeringa …
Annonsert etter ein telefonsamtale mellom Joe Biden og kanslar Angela Merkel, vart USA si avgjerd om å heve sanksjonane ønska velkomen i Berlin. Utanriksminister Heiko Maas sa at “det er eit uttrykk for det faktum at Tyskland er ein viktig partnar for USA, ein som dei kan stole på i framtida.”
Den svært kontroversielle røyrleidninga har møtt kraftig opposisjon i sentral- og aust-Europa, inkludert i Polen og Ukraina, der offentlege tenestemenn seier prosjektet ville bli brukt av Kreml som eit geopolitisk våpen, de facto auke Europas avhengigheit av russisk gass og true energitryggleiken på kontinentets austre halvdel.
Det kan få ein til å lure på om der fann stad under-bordet-avtalar mellom Washington og Warszawa. På grunn av Warszawas nøkkelposisjon geografisk og rolla dei speler i å sikre at USA og NATOs militærforsyningar blir leverte til Ukraina, har polakkane ein forhandlingsfordel dei kan bruke til å presse USA til å fjerne røyrleidningane eller til å hjelpe Polen til å gjere det. Polens bodskap til USA var enkelt – reverser kursen for Nordstream og skap røyrleidningsbrot, eller finn ein annan måte å flytte militærforsyningane dykkar til Ukraina på.
Men vent, ville ikkje det skape nokre reelle problem for Tyskland? Jovisst. Men Polen bryr seg ikkje. Det var ein gong ei lita hending kalla Andre verdkrig, og det verkar som polakkane framleis er fornærma på tyskarane. Om hemn er ein rett som helst skal serverast kald, så er denne rakkaren ein frosen middag:
Polens topp-politikar sa på torsdag at regjeringa vil søke ei skadeerstatning tilsvarande 1,3 billionar dollar frå Tyskland for Nazistane sin invasjon og okkupasjon av landet hans under Andre verdskrig.
Jaroslaw Kaczynski, leiar for Lov og rettferd-partiet, annonserte det gigantiske kravet under framlegginga av den lenge venta rapporten, 83 år etter starten på Andre verdskrig, om kostnadane landet hadde på grunn av fleire år med nazi-tysk okkupasjon …
Tysklands utanriksdepartement sa på torsdag at regjeringa sin posisjon var “uendra”: “spørsmålet om skadeerstatning er opp- og avgjort.”
https://apnews.com/article/poland-germany-world-war-ii-warsaw-49b0cf77745a7b1cabfaa884c3bf0035
Med denne nye forsyninga av polsk-kontrollert gass, er Tyskland i ei knipe. Kjøpe frå Polen eller kjøpe frå USA. Enten det blir på den eine eller andre måten, vil Tyskland betale ein pris medan USA og Polen håvar inn.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Keith Thomson
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 2