Derimot: Helikopterulykken i Iran.Økende mistanke om israelsk involvering. – Derimot

derimot.no:

Dødsfalla til Ebrahim Raisi og Hossein Amir-Abdollahian 

Voltaire, International Newsletter N°88

Eit helikopter med fleire iranske høge embetsmenn styrta den 19. mai i Dizmar-skogen, ikkje langt unna grensa til Aserbajdsjan. Alle passasjerane og pilotane døydde, inkludert president Ebrahim Raisi og utanriksministeren, Hossein Amir-Abdollahian. 

Helikopteret var ein gamal amerikansk modell, Bell 212. Ein kan ikkje sjå at det har sendt ut noko farevarsel, og transpondaren var slått av. Telefonane til passasjerane hadde lokalisering avslått.

Landsbyane rundt høyrde ein svært høglydd eksplosjon. Sikkerheitstenestene kontakta straks Tyrkia, og Akinci-dronen deira hjelpte til med å lokalisere vraket, 12 timar etter krasjet.

Luftfartyet var del av ein konvoi på tre helikopter. Dei to andre vart ikkje skadde. Dei såg ikkje at presidenthelikopteret fall. I prinsippet har Iran prosedyrar som sikrar at medlemmar av regjeringa blir fordelte i ulike farty. Men det var ikkje gjort denne gongen.

Hendinga skjer på eit tidspunkt når Iran ligg i hemmelege forhandlingar både i Oman og New York. Israels leiarar, som bomba ein iransk diplomatisk stasjon i Damaskus den 1. april og tok livet av general Mohammad Reza Zahedi, sluttar ikkje med å kalle Tehran som hovudfienden mot verdfreden. I respons på bombinga av konsulatet sitt og dødsfallet til kommandanten for Al-Quds-styrken, angreip Iran Israel den 13. og 14. april og demonstrerte sin kapasitet til å råke utvalde mål med hypersoniske missil som verken Tel Aviv eller deira allierte greidde avverge.

Krasjet kom og på eit tidspunkt då Iran hadde kome nærare Aserbajdsjan, som før hadde stått Israel nær. 

Tyrkia slo ned eit forsøk på å myrde president Erdogan og gjere statskupp ei veke før president Raisi døydde. 

President Ebrahim Raisi

President Ebrahim Raisi var ein person med ein rigid karakter. Han følgde strengt læra til Revolusjonsleiar Ayatollah Ali Khamenei. Opponentane hans kritiserte han for sin mangel på initiativ og evne til å forstå økonomien. På heimebane slo han hardt ned på kvinnerørsla, men ikkje med same villskap som han undertrykte Kommunistpartiet under revolusjonen. Eksternt støtta han vilkårslaust sjiitt-militsen. Framfor alt har han fått landet sitt inn i BRICS, Shanghai Cooperation Organization (SCO) og Den eurasiske økonomiske unionen (Eurasian Economic Union, EAEU), noko Tel Aviv har mislikt sterkt. 

Utanriksminister Hossein AmirAbdollahian var godt likt av alle sine samtalepartnarar. Han greidde å etablere relasjonar med nesten alle dei arabiske leiarane, og han kunne arabisk. 

Visepresident Mohammad Mokhber vil fungere som interim-president fram til presidentvalet den 28. juni, og Ali Bagheri vil vere fungerande utanriksminister. 

Det er uklart kven av kandidatane som vil få løyve til å delta i valet. Dei kan avvisast for ikkje-konformitet med islam av dei 6 teologiske medlemmane som landets øvste leiar utnemner til Vaktarrådet. Dei kan også fjernast dersom dei ikkje følger Grunnlova, men då av Vaktarrådets alle 12 medlemmar.

Hovudkandidatane til det iranske presidentvalet er: 

• Mahmoud Ahmadinejad, tidlegare president av Den islamske republikken (støttar den anti-imperialistiske revolusjonen; 

• Mohammad Bagher Ghalibaf, parlament-president (støttar dei fattigaste); 

• Ali Larijani, eks-parlament-president (støttar den sjiittiske revolusjonen); 

• Mohammad Mokhber, no interim-president (støttar små-entreprenørar); 

• Mohsen Rezaï, tidlegare kommandant for Vaktarrådets etterretningskorps (urettvist sikta i Argentina for angrepa i Buenos Aires på 1990-talet); 

• Hassan Rouhani, eks-president av den islamske republikken (sstøttar frihandel); 

• Ali Shamkhani, eks-leiar av det øvste rådet for nasjonal sikkerheit (fekk nyleg sparken for å ha late ein britisk spion infiltrere klikken sin; han spelte ei sentral rolle under tilnærminga til Saudi-Arabia). 

Mahmoud Ahmadinejad

Mest sannsynleg vil Ahmadinejad og Rouhani ikkje få lov å delta, fordi dei er altfor uavhengige i høve til Den øvste leiaren (ayatollah Khamenei). 

Washington nekta straks for å ha vore involvert i krasjet. Mistankane som tyngde USA har no skifta over til Israel. 

Kinas president Xi Jinping skreiv: «Det tragiske dødsfallet til Ebrahim Raisi er eit stort tap for det iranske folket, og det kinesiske folket har óg mista ein god ven. Den kinesiske regjeringa og det kinesiske folket meiner det tradisjonelle venskapet mellom Kina og Iran er svært viktig, og vi trur at med felles innsats frå begge sider, vil det omfattande strategiske partnarskapet mellom Kina og Iran halde fram med å konsoliderast og utvikle seg.» I denne konteksten bad Kinas utanriksminister Wang Yi alle medlemmar av SCO styrke samarbeidet om å kontre terrorisme, separatisme og religiøs ekstremisme. Alles overlevnad står på spel, la han til.

Henta frå Voltaire, International Newsletter N°88 – 24 May 2024 

Forsidebilde: Curioso Photography

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...