Derimot: Hele historien om etableringen av IS i Midt-Østen er helt motsatt de mediene fortalte.IS var en CIA og MI6-konstruksjon. – Derimot
derimot.no:
Korleis CIA og MI6 skapte IS
I motsetning til slik dei blir framstilte i hovudstraumsmedia – som inspirerte av religiøs fundamentalisme – er IS framfor alt våpen til leige.
Global Research, April 01, 2024
Al Mayadeen English 30. mars, 2024
Før det var gått 24 timar etter det skrekkelege massedrapet i Moskvas Crocus City Hall den 22. mars, der minst 137 uskuldige menneske vart drepne og 60 til kritisk skadde, gjekk statstenestemenn i USA ut og la skulda for slaktet på IS-K, den sør-sentralasiatiske greina til IS.
Den raske ansvarstilskrivinga reiste hos mange mistankar om at Washington prøvde å flytte fokuset til folket i Vesten og regjeringa i Russland bort frå dei faktisk skuldige – Ukraina og/eller Storbritannia, Kievs fremste proksy-sponsor.
Alle detaljane om korleis dei fire skyttarane vart rekrutterte, dirigerte, væpna og finansierte, og av kven, har enno ikkje kome fram. Dei brutale avhøyrsmetodane dei har blitt – og utan tvil vil bli – utsette for, vil prøve å vriste denne og annan livsviktig informasjon ut av dei. Drapsmennene kan ende opp med å gi falske tilståingar som resultat. Uansett er det sannsynlegvis slik at dei sjølve ikkje har peiling på kven eller kva som sponsa dei monstuøse gjerningane deira.
I motsetning til mainstream-portrettet av dei, som menn som berre er inspirerte av religiøs fundamentalisme, er IS (Den islamske staten) framfor alt våpen ein kan leige. Dei handlar alltid etter ordre frå ei rekke internasjonale givarar, bundne av felles interesser. Finansiering, våpen og ordrar når fram til krigarane via omvegar og ugjennomsiktig. Det er nesten alltid lag på lag med segment mellom dei som utfører angrepet som ei gruppe tar ansvaret for og dei som orkestrerer og finansierer angrepet.
Sidan IS-K no er retta mot Kina, Iran og Russland – med andre ord USA-imperiets primære motstandarar – er vi nøydde til å ta ein tur tilbake til IS sitt opphav. Dei oppstod tilsynelatande ut av lause lufta for litt over eit tiår sidan. Deretter dominerte dei overskriftene i mainstream-media og medvitet til folka i Vesten i fleire år før dei forsvann. Ei stund okkuperte gruppa svære delar av syrisk og irakisk territorium som dei erklærte for ein «islamsk stat», som hadde sin eigen valuta og eigne pass og registreringsskilt for køyrety.
Militære intervensjonar som USA og Russland starta uavhengig utsletta den demoniske konstruksjonen i 2017. CIA og MI6 var utan tvil enormt letta, for ekstremt vanskelege spørsmål rundt IS vart totalt annullerte. Som vi skal sjå, oppstod ikkje terrorgruppa og kalifatet deira som lyn ei mørk natt, men på grunn av ein dedikert, målmedviten politikk klekka ut i London og Washington, implementert av spionbyråa deira.
‘Kontinuerleg fiendtleg’
RAND er ei «tankesmie» med hovudkvarter i Washington DC, som har svært stor påverknadskraft. Subsidiert med nesten $100 millionar per år av Pentagon og andre statlege einingar, spreier dei med jamne mellomrom ut rekommandasjonar om nasjonal sikkerheit, utanrikspolitikk, militær strategi og hemmelege og opne aksjonar på andre kontinent. Utsegnene deira blir som oftast vedtatt som politiske retningslinjer.
Til dømes spådde eit RAND-dokument frå juli 2016 om utsiktene til «krig med Kina» eit behov for å fylle aust-Europa med US-amerikanske soldatar før utbrotet av ein «varm» konflikt med Beijing, ettersom Russland utan tvil ville ta sin nabo og allierte si side i ein slik disputt. Det var difor nødvendig å binde opp Moskva sine styrkar ved grensene deira. Seks månadar seinare dukka hordar av NATO-soldatar i rette tid opp i regionen, angiveleg for å kontre «russisk aggresjon».
På liknande vis publiserte RAND i april 2019 Extending Russia. Der la dei fram «ei rekke moglege metodar» for å «lokke Russland til å bite over for mykje», slik at ein kunne «underminere regimets stabilitet». Desse metodane inkluderte å forsyne Ukraina med såkalla «lethal aid», å auke støtta til dei syriske rebellane, å promotere «regimeskifte i Kviterussland», å utnytte «spenningar» i Kaukasus, å nøytralisere «russisk påverknad i sentral-Asia» og Moldova. Det meste av det har seinare skjedd.
I denne samahengen er RANDs November 2008 Unfolding The Long War urovekkande lesnad. Her utforska dei måtar ein kunne utøve USAs Globale krig mot terror etter at koalisjonsstyrkane formelt hadde forlate Irak i samsvar med ein tilbaketrekkingsavtale som Baghdad og Washington underteikna same månad. Denne utviklinga trua per definisjon anglo-makta over Den persiske golfen sine olje- og gassressursar, som framleis ville vere ein «strategisk prioritet» når okkupasjonen offisielt var over.
«Denne prioriteten vil kraftig interagere med det å utøve den lange krigen,» erklærte RAND. Tankesmia føreslo vidare ein «splitt og hersk-strategi» til å oppretthalde USAs overherredøme i Irak, trass i maktvakuumet skapt av tilbaketrekkinga. Under sine auspisiar kunne Washington utnytte «skillelinjer mellom [Iraks] ulike Salafi-jihadist-grupper til å vende dei mot kvarandre og skusle bort energien deira på interne konfliktar,» og samtidig «støtte autoritative sunni-regjeringar mot eit kontinuerleg fiendtleg Iran».
«Denne strategien er tungt avhengig av hemmelege aksjonar, informasjonsoperasjonar, ukonvensjonell krigføring og støtte til lokale, innfødde sikkerheitsstyrkar … USA og deira lokale allierte kunne bruke nasjonalistiske jihadistar til å starte proksy-kampanjar for å diskreditere transnasjonale jihadistar i auga til lokalbefolkninga … Dette ville vere ein billig måte å kjøpe tid på … inntil USA atter kan gi [regionen] si fulle merksemd. US-amerikanske leiarar kunne også velge å sko seg på den seigliva sjia/sunni-konflikten … ved å ta sida til konservative sunni-regime mot sjiittiske folkerørsler i den muslimske verda.»
‘Stor fare’
Slik gjekk det til at CIA og MI6 byrja støtte «nasjonalistiske jihadistar» rundt om i vest-Asia. Året etter avviste Bashar Assad eit forslag frå Qatar om å route Dohas gigantiske gassreservar direkte til Europa, via ei 1500 kilometer lang røyrleidning til $10 milliardar gjennom Saudi-Arabia, Jordan, Syria og Tyrkia. Som omfattande dokumentert av WikiLeaks-publisert diplomatisk kommunikasjon, avgjorde etterretninga til USA, Israel og Saudi-Arabia straks at Assad skulle styrtast ved å opphisse til eit lokalt opprør, og dei starta å finansiere opposisjonsgrupper til det føremålet.
Denne innsatsen vart turboladd i oktober 2011, med MI6 som omdirigerte våpen og ekstremistiske krigarar frå Libya til Syria, i kjølvatnet av det fjernsynssende mordet på Muammar Gaddafi. CIA oversåg operasjonen og brukte britane som eit segment på avstand for å unngå å informere Kongressen om sine verksemder. Først i juni 2013, med offisiell autorisering frå dåverande president Barack Obama, vart Byråets – i skalkeskjul – stillteiande samtykke i Damaskus formalisert – og seinare innrømt under tittelen «Timber Sycamore».
På denne tida refererte alle Vestens offisielle tenestemenn til deira syriske proksy’ar som «moderate rebellar». Men Washington var fullt klar over at surrogata deira var farlege ekstremistar som ønska å hogge ut eit fundamentalistisk kalifat av territoriet dei okkuperte. Ein rapport av august 2012 frå US Defense Intelligence Agency (DIA) report som vart sleppt ved hjelp av offentlegheitslover (Freedom of Information) observerer at hendingar i Baghdad «tok ei tydeleg sekterisk vending,» med radikale salafist-grupper som «hovudstyrkane som driv opprøret i Syria.»
Desse fraksjonane inkluderte Al Qaida sin irakiske ving (AQI) og deira paraply-sidegrein, Den islamske staten Irak (ISI). Paret gjekk vidare til å danne IS (Daesh), ein kandidat som DIA-rapporten ikkje berre føresåg, men også tilsynelatande godkjende:
«Viss situasjonen løyser seg opp, er det mogleg å etablere eit erklært eller uerklært salafistisk fyrstedøme i aust-Syria… Dette er nøyaktig det maktene som støttar opposisjonen ønsker seg for å isolere det syriske regimet. … ISI kunne også erklære ein islamsk stat gjennom sin union med andre terroristiske organisasjonar i Irak og Syria, som vil skape ein stor fare.»
Trass i slike alvorlege bekymringar, ekspederte CIA nådelaust uansvarleg store mengder med våpen og pengar til Syrias «moderate rebellar», vel vitande at denne «hjelpa» nesten uunngåeleg ville ende opp i hendene på IS. Samtidig dreiv britane hemmelege millionkostnadsprogram for opptrening av opposisjonelle paramilitære i kunsten å drepe, medan dei gav skadde jihadistar medisinsk assistanse. London donerte også fleire ambulansar, kjøpte frå Qatar, til væpna grupper i landet.
Lekka dokuments indikerer at risikoen for at utstyr og trent personell frå denne innsatsen skal gå tapt til Al-Nusra, IS og andre ekstremistgrupper i vest-Asia, av britisk etterretning vart vurdert som uunngåeleg «høg». Likevel hadde dei ingen som helst eskorterande strategi til å kontre denne faren, og dei ulovlege programma heldt raskt fram. Nesten som om det å trene og væpne IS var nettopp det dei var ute etter.
*
Kit Klarenberg er ein undersøkande journalist og bidragsytar til MintPress News som granskar rolla som etterretningstenester speler i forminga av politikk og persepsjonar. Arbeidet hans har blitt publisert i The Cradle, Declassified UK og Grayzone. Følg han på X (Twitter): @KitKlarenberg.
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
The original source of this article is Al Mayadeen English
Copyright © Kit Klarenberg, Al Mayadeen English, 2024