Derimot: Har de mistet kontakt med virkeligheten? 4 pensjonerte USA-generaler snakker om Ukrainakrigen.

derimot.no:

Korfor tar USAs pensjonerte generalar så konsekvent feil?

28. august 2023 av Larry Johnson

L. Johnson, x-CIA.

Pensjonerte generalar poppar stadig vekk opp på kabel-TVs nyheitskanalar for å tilby sine «vise» analysar om krigen i Ukraina, og dei har alle éin ting til felles – dei tar i slåande grad feil. Eg er sjokkert over den manglande evna deira til å analysere situasjonen objektivt. I staden repeterer dei dei same propaganda-mima: russiske troppar er dårleg styrte; russiske troppar er vernepliktige soldatar og dårleg trente: russiske troppar har elendig moral; den russiske arméen er skjør og vil bryte saman under press; og Russland tapar.

Dette er ikkje uutdanna menn, og dei har demonstrert ein viss grad av kompetanse når dei har fått kommandoen over store styrkar. Så korfor tar dei så konsekvent feil om grunnleggande faktum?

Eg er ganske sikker på at dei alle har innsett at ein lyt ha overtaket i lufta om ein skal ha nokon som helst sjanse til å bryte forsvarlinjene til ein fiende som er godt forskansa i skyttargraver. Men ein treng ikkje ha Top Secret-klarering for å vite at Ukrainas luftstyrke er kraftig redusert og ute av stand til å starte gjennomførte angrep på russiske troppestillingar.

Det er også mykje gladsnakk om at Ukraina angrip russiske kommunikasjonslinjer (LOC’ar) med HIMAR- og Storm Shadow-missil. Men det er snautt med bevis til støtte for påstanden. Faktisk er det tvert motsette sant. Det er Russland, og ikkje Ukraina, som angrip ukrainske kommando- og logistikk-knutepunkt rundt om i Ukraina på dagleg basis. Og Ukrainas luftforsvar har blitt utarma og greier ikkje stoppe den nattlege sperreelden.

Offensiven førte til store tap av mannskaper og utstyr.

Desse generalane er enten uvitande om Russlands suksessfulle desimering av dei mangfaldige angrepa sidan starten av motoffensiven den 5. juni, eller så vel dei å lyge. Eg kan ikkje sjå kva grunnen elles skulle vere. Internett er fullt av bilde av NATO-leverte brennande stridsvogner, Bradley’ar, Striker’ar og Marder’ar. Fotoa og videoane er ikkje genererte av Kunstig Intelligens, men desse generalane ignorerer den kjensgjerninga.

Det same gjeld dei ukrainske tala på drepne og skadde. Sosiale medium er fulle av foto og videoar av svære gravplassar med tilsynelatande endelause rader med ukrainske flagg som stikk opp frå ferske graver. Ja, sjølv ukrainske kjelder har innrømt at plassmangel har tvinga Zelensky-regjeringa til å grave opp kyrkjegardar frå Andre verdskrig og kassere leivningane av sovjetiske soldatar for å gjere plass til stadig nye drepne ukrainske soldatar. Dette er ikkje hemmeleg informasjon. Om ein veit korleis ein skal gjere eit enkelt Google-søk, er det lett å finne.

Så har vi spørsmålet om ammunisjonsforsyningar. Ukraina held det gåande på siste rest, og dei har måtta ta i bruk 155 mm klasebomber fordi Vesten ikkje lenger evnar å levere dei meir effektive, vanlege 155 mm-eksplosiva. Sjølv Biden har offisielt innrømt dette. Likevel nektar denne samlinga av pensjonerte US-amerikanske generalar å akseptere den kjensgjerninga og inkorporere den i analysane sine.

Det er ikke sandalkledde Talibankrigere med lette våpen Ukraina står overfor.

Denne manglande realismen hjelper til med å forklare korfor USA sine militære operasjonar i Irak, Syria og Afghanistan, leidde av desse mennene, ikkje sigra. Ingen av desse mennene har nokon gong ført ein kombinert-våpen-kampanje mot ein jambyrdig militærstyrke.

Ukraina har ikkje ei endelaus forsyning av potensielle rekruttar. Dei hankar tvert imot inn tenåringar og menn over 50, forsyner dei med hastig trening og kastar dei inn i ei kjøtkvern. Ikkje éin av desse generalane vil innrømme at dette er galskap og verkar mot sin hensikt. Russland har deimot ekspandert styrkane sine og skriv stadig inn nye rekruttar. Desse nye soldatane mottar minimum seks månadars trening før dei blir sendt ut ein stad i nærleiken av ei slagmark.

Kva er det som skjer? Er vi vitne til ei forvirring bygd på gruppetenkning, eller er desse generalane gissel for sine økonomiske sjefar? At dei, med andre ord, lyg mot betaling. Eg legg ut fire intervju med Stan McChrystal, Phil Breedlove, Ben Hodges og David Petraeus, slik at du sjølv kan vurdere det. Eg vil på førehand orsake at eg utset deg for dette, men eg trur det er viktig å høyre kva dei seier.

Stan McChrystal (US Army-pensjonist)

Phillip Breedlove (USAF-pensjonist)

Ben Hodges (US Army-pensjonist)

David Petraeus (US Army-pensjonist)

Desse fire herremennene høyrest ut som Christopher Walken i den legendariske «More Cowbell»-sketsjen frå Saturday Night Live. Berre hald fram med å gjere same ting om att og om att og håp på eit anna utfall.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...