Derimot: Fullstendig historieløs feiring av D-dagen.Var det USA som nedkjempet nazi-Tyskland? – Derimot
derimot.no:
Korleis dei rettferdiggjorde NATO-aggresjonen mot Russland
av Thierry Meyssan
Josef Stalin let gamle offisielle fotografi bli korrigerte for å slette alle spor etter opposisjonen. Også Joe Biden, Emmanuel Macron og deira allierte skriv historia på nytt. Dei har nett iscenesett hendingar under namnet «Landgangen i Normandie», som faktisk fann stad på heilt anna vis. Dei ignorerte den alvorlege konflikten mellom Det nasjonale motstandsrådet (CNR) og Den franske komitéen for nasjonal frigjering («France Libre») og Franklin D. Roosevelt frå juni til august 1944, samt at general Charles de Gaulle nekta å delta i landgangen. Dei finn også opp ei ukrainsk deltaking.
VOLTAIRENET | PARIS (FRANKRIKE) | 11. JUNI 2024
Vi har nett vore vitne til ei omfattande omskriving av historia som skal manipulere folkeopinionen til å rettferdiggjere måten NATO handsamar Russland på. Ei oppdikta framstilling av dei alliertes landgang den 6. juni, 1944, har gitt ei minnemarkering over hendingar som aldri skjedde slik dei vart presenterte for oss her.
Ifølge dei som arrangerte markeringa – med andre ord NATO, som stilte med dei fleste statistane, inkludert statsoverhovud og regjeringssjefar – var Dei allierte sameinte i kampen mot nazismen og i forsvaret av fridommen. I røynda var anglosaksarane sitt mål med landgangen ikkje å frigjere Frankrike, men å erstatte nazi-okkupasjonen med den allierte militærregjeringa for okkuperte territorium (AMGOT).


OMSKRIVING AV HISTORIA
Medan Storbritannia aksepterte Charles De Gaulle og hans frie franske på sitt territorium, vart han aldri anerkjend av USA som leiar for den franske motstandsrørsla under Andre verdskrig. Tvert imot beheldt dei ambassaden i Vichy fram til 27. april, 1942, fire månadar etter at dei gjekk inn i krigen. Og endå verre: den 22. november, 1942 forhandla dei fram ein avtale med admiral François Darlan, som var representant for den kollaborasjonistiske Vichy-regjeringa. Ifølge avtalen måtte ein hindre De Gaulle i å vere i nord-Afrika, og Darlan skulle – på vegner av Philippe Pétain – overføre kolonistyret frå Frankrike til USA på slutten av krigen.
Anglosaksarane hadde allereie innført AMGOT i Italia, og prøvd å innføre det på territoria til det franske imperiet i nord-Afrika. Dei var i ferd med å utvide det til Noreg, Nederland, Luxembourg, Belgia og Danmark. Til dette føremålet trente dei opp sivile administratorar i Charlottesville og ved Yale.
Informert om kva anglosaksarane brygga på, hasta Charles De Gaulle tilbake til London frå Algerie. Tre dagar før D-dagen, den 3. juni 1944, omdanna han Den franske komitéen for nasjonal frigjering (CFLN), som han hadde leidd, til Den franske republikkens provisoriske regjering (GPRF). Han hadde ein heftig krangel med den britiske statsministeren, Winston Churchill: Han nekta å spele inn ein av anglosaksarane skriven tale som skissa opp visjonen deira for landgangen. Og han nekta å sende med dei 120 kontaktoffiserane som skulle følge dei ilandsette bakkestyrkane inn i Frankrike. Han avviste også det anglosaksiske prosjektet for ein United Nations Organization (UNO), som skulle etablere USA og Storbritannia som heile verdas forvaltarar [1]; eit prosjekt som dukka opp att i 1950 med Korea-krigen, i 1991 med «Desert Storm», og igjen i 2001 med angrepa i USA. Til slutt gjekk han med på vag støtte til landinga, men ikkje til AMGOT, til å sende berre 20 liaison-offiserar, og han greidde å forpurre anglosaksarane sin plan for UNO [2].
I krigsmemoara sine, Mémoires de guerre, skriv Charles De Gaulle:
«President Roosevelt heldt dokumentet [den føreslåtte avtalen mellom CFLN og Dei allierte om frigjeringa av Frankrike] på bordet sitt i fleire månadar. I mellomtida vart det i USA etablert ei Allied military government (AMGOT) til å ta over administrasjonen av Frankrike. Allslags teoretikarar, teknikarar, forretningsmenn, propagandistar og tidlegare franskmenn som var blitt amerikanske borgarar strrøymde til denne organisasjonen. Dei stega [Jean] Monnet og [Henri] Hoppenot meinte måtte takast i Washington, kommentarane frå den britiske regjeringa til USA, krava frå Eisenhower til Det kvite hus – alt saman var fåfengd; det førte ikkje til noka endring. Men, sidan noko måtte gjerast, tok Roosevelt i april ei avgjerd om å gi [Dwight] Eisenhower instruksar om at den øvstkommanderande (Commander-in-Chief) skulle ha den øvste makta i Frankrike. Som øvstkommanderande måtte Eisenhower velge ut dei franske myndigheitene som skulle samarbeide med han. Vi fekk snart vite at Eisenhower bad presidenten om å ikkje legge byrda med eit slikt politisk ansvar på han, og at britane mislikte ein slik vilkårleg prosedyre. Men Roosevelt, med nokre få endringar i instruksbrevet, heldt fast ved det vesentlege.
For å seie det som det er, verka presidentens intensjonar vere av same slag som draumane til Alice i Eventyrland. Roosevelt hadde allereie risikert noko liknande i Nord-Afrika, under tilhøve som var langt gunstigare, med eit politisk føretak som likna det han vurderte for Frankrike. Men det var ingenting att av det forsøket. Regjeringa mi utøvde total autoritet i Korsika, Algerie, Marokko, Tunisia og svarte Afrika. Folka som Washington hadde rekna med skulle stå i vegen, hadde forsvunne frå arenaen. Ingen brydde seg om Darlan-Clark-avtalen [overføring av makt frå det franske koloniimperiet til USA], og den vart av Comité de la Libération Nationale [Komitéen for eit fritt Frankrike] rekna som juridisk verdilaus, og eg hadde sjølv erklært framfor den lovgivande forsamlinga at den i Frankrikes auge ikkje eksisterte. Eg beklaga for Roosevelts del og for realsjonane våre at den feilslåtte politikken hans i Afrika ikkje hadde sett stopp for illusjonane hans. Men eg var viss på at dette prosjektet, om det hadde blitt akseptert av Metropolen, ikkje ein gong kunne ha starta å bli implementert. I Frankrike ville dei allierte berre få møte ministrane og tenestemennene som eg hadde sett inn. Dei ville ikkje finne andre franske troppar enn dei eg hadde under min kommando. Eg kunne utan frykt utfordre Eisenhower til å forhandle gyldig med nokon eg sjølv ikkje hadde utpeika. I tillegg vurderte han det ikkje ein gong sjølv.
Til sist tok 30 000 allierte soldatar del i landgangen den 6. juni, 1944, og berre 177 av dei var franske (marinesoldatane til kaptein Kieffer). Det var ikkje før den 1. august at dei 20 000 mennene til general Philippe Leclerc de Hauteclocque sin Andre panserdivisjon (2° DB) landa i Normandie, mellom Sainte-Marie-du-Mont og Quinéville, eit område dei allierte kalla «Utah-stranda». Dei rusar avgarde til Paris, som reiser seg til oppstand og frigjer seg sjølv.


«Som trufast son av fedrelandet mitt, går eg frivillig inn i rekkene til Den ukrainske frigjeringshæren, og med glede svergar eg at eg trufast vil kjempe mot bolsjevismen til ære for folket vårt. Vi kjempar saman med Tyskland og deira allierte mot ein felles fiende. Med lojalitet og vilkårslaus underkasting trur eg på Adolf Hitler som leiar og øvstkommanderande for Frigjeringsarméen. Når som helst er eg parat til å gi livet mitt for sanninga».
BLANDING MED KRIGEN I UKRAINA
Minnemarkeringa av den forfalska versjonen av D-dagslandgangen var ein sjanse for president Joe Biden og hans seremonimeister, president Emmanuel Macron, til å trekke ein parallell med den like forfalska framstillinga av den noverande krigen i Ukraina.
Ingen russisk delegasjon var invitert. Derimot var den ukrainske arméen, som kjempa på nazistane si side, invitert.
Joe Biden, Emmanuel Macron og gjestane deira framstilte USA som Andre verdskrigs sigersherre, sjølv om det var Sovjetunionen som tok Berlin og styrta Det tredje riket. Dei ignorerte offeret til 27 millionar sovjetiske soldatar. Tvert imot har dei fokusert narrativet sitt på dei 292 000 døde soldatane til USA (hovudsakleg i kampen mot Japan etter at nazistane var slagne). To totalt forskjellige krigsinnsatsar.
I forbifarten mintest dei nazistane sitt mord på 6 millionar jødar, under «Holocaust med kuler» eller, frå 1942 av, i konsentrasjonsleirar. Ein måte å ignorere drapet på 18 millionar sovjetiske, slaviske sivile (i tillegg til dei 27 millionane dødsfalla nemnde over), som og vart sett på som «untermenschen» og utpeika som hovudmålet for det nazistiske utryddingsprosjektet. Heller ikkje eitt ord om alle dei andre råka gruppene, slike som slavarar og sigøynarar.
Til Volodymyr Zelensky sa USAs president Joe Biden: «Ukraina er invadert av ein tyrann, og vi vil aldri la dei i stikka (…) Vi kan ikkje bøye oss for diktatorar, det er utenkeleg (…) Soldatane på D-dagen gjorde plikta si, vil vi gjere vår? (…) Vi må ikkje miste det som har blitt gjort her».
Russlands president Vladimir Putin er slettes ingen «dictator». Han vart i mars gjenvald med 88.5% av stemmene. Valet vart gjennomført på ærleg vis, sjølv om Vesten meinte det gav lite plass til opposisjonen hans.setning til dette, har Volodymyr Zelensky ikkje vore president for Ukraina sidan perioden hans gjekk ut den 21. mai. Han har forbode dei 12 politiske opposisjonspartia [3], sendt rivalen sin, general Valeri Zaloujny, til Storbritannia som ambassadør, og unnlate å lyse ut val. Men han sit framleis med makta. Han kan sjåast på som sjefen for Ukrainas provisoriske regjering, men absolutt ikkje som vald president.
Han kommanderer illegalt landets væpna styrkar, som har «integrale nasjonalistar» som viktigaste leiarar. Desse følger grunnleggaren av «den integrale nasjonalismen» [4], Dmytro Dontsov, og hans handlangar, nazisten Stepan Bandera. Under Andre verdskrig var Dontsov administrator for Reinard Heinrich-instituttet, med ansvar for å implementere Endeløysinga på jøde- og sigøynarproblemet, medan Bandera, i leiinga for Organisasjonen for ukrainske nasjonalistar (OUN), massakrerte minst 1,6 millionar ukrainarar, hovudsakleg frå Donbas og Novorossia. Ukrainas eks-president Volodymyr Zelensky deltok i denne maskeraden som nazi-følgar.
Omsett av Monica Sortland
[1] “What international order?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 November 2023. [2] «Revealed: Churchill’s unsent letter that could have changed the course of history», Daniel Boffey, The Guardian, May 31, 2024. [3] “Ukraine bans last political opposition party”, Voltaire Network, 23 October 2022. [4] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.
Forsidebilde: Wikimedia Commons