Derimot: Først takk for redningsinnsats. Deretter sparken for ikke å være vaksinert til tross for at pandemien er erklært avsluttet.
derimot.no:
Av Emily Mangiaracina, LifeSiteNews. Omsett av og henta frå saksyndig.
Zach Loesch vart personleg takka av presidenten for å redde liv under orkanen Ian. Men han vil snart bli sparka ut av Kystvakta på grunn av Bidens eige vaksinepåbod.
President Joe Biden ringde personleg og takka ein redningssymjar i Kystvakta fredag [30.september 2022] for å ha redda liv i kjølvatnet av orkanen Ian, sjølv om mannen er forventa å bli sparka ut av militæret i næraste framtid på grunn av Bidens eige Covid-sprøytepåbod.
Det kvite hus annonserte i ei pressemelding fredag at Biden snakka med Aviation Survival Technician Second Class [omtrentleg omsetjing: «flyoverlevingsteknikar av andre klasse»] Zach Loesch for å takke han og Kystvakt-kollegaene for deira «heroiske arbeid» med å «redde liv» frå orkanen Ian.
Loesch hadde redda ei handikappa dame og ektemannen hennar som var fanga på soverommet sitt etter at taket deira hadde blåse av, og sofaen hadde blitt løfta av orkanvindane slik at den blokkerte døra ut av rommet. Loesch hadde visstnok «sparka gjennom ein vegg» for å redde dei, og dei fór tilbake for å redde rullestolen til dama.
Biden snakka visstnok med Loesch i «nesten sju minutt», der eit kort innspelt klipp av samtalen deira vart delt på den militære nyheitssida Terminal X.
Kystvaktmannen fortalde Breitbart laurdag [1.oktober 2022] at han ventar å bli sparka ut av Kystvakta om ein månad eller to på grunn av at dei ikkje vil gje han religiøst unntak frå Covid-sprøytepåbodet, som kjem frå Biden-administrasjonen.
«Det er surt at han takka meg, men at det likevel er vaksinepåbodet som får meg sparka ut,» fortalde han Breitbart når det gjaldt telefonsamtalen hans med Biden. «Eg elskar rett og slett jobben min, og eg er verkeleg god i den. Det er surt. Eg føler at dette er jobben eg vart skapt for å gjere.»
Loesch sa at han ikkje ville ta opp temaet om den komande oppseiinga med Biden og «øydeleggje samtalen», rapporterte Breitbart.
Kystvaktmannen kom med poenget om at det at han blir injisert med Covid-19-mRNA-sprøyta er irrelevant for redningsarbeidet hans.
«Om eg hadde spurt nokre av dei menneska som eg redda i går om dei hadde ønskt å bli med meg sjølv om eg er uvaksinert, hadde kvar og ein av dei svart ‘ja’,» sa han.
Loesch er ein av fem redningssymjarar ved Air Station Clearwater som framleis er uvaksinerte for Covid-19. Terminal X har skrive at dersom dei alle blir sagt opp, vil redningskapasiteten deira bli betydeleg påverka, sidan dei allereie har personalmangel, og Kystvakta «har ein utruleg høg fråfallsrate» so vel som «svært vanskeleg» opptrening.
Meir enn 1200 medlemmer av den amerikanske kystvakta har blitt med i eit gruppesøksmål som vart levert 16.september av Thomas More Society-advokatar, som vil ha ein mellombels rettsordre for å hindre at dei blir friviljug oppsagte, samstundes som den utfordrar Kystvakta si «kategoriske nekting av førespurnader om religiøse unntak».
Saksøkjarane argumenterte at Kystvakta braut First Amendment [grunnlovsfesta ytrings-, forsamlings- og religionsfridom mellom anna; oms.komm.] og Religious Freedom Restoration Act med ein politikk som «bryt… oppriktig haldne religiøse livssyn».
Søksmålet argumenterer at Kystvakta negativt sette [vaksinepåbodet] over førespurnader om religiøse unntak, og sa at «Kystvakta sin religiøse tilpassingsprosess berre var for syns skuld.»
Dei få godkjende unntaka «var for tenestemedlemmer som allereie skulle slutte eller gå av med pensjon», står det i søksmålet.
I tillegg stiller enkelte spørsmål ved kvifor tenestemedlemmer blir sparka ut på grunn av eit påbod innført for ein pandemi som no har blitt erklært «over» av Biden.
Sist august, under leiinga til Biden, gav forsvarssekretær Lloyd Austin ordre om at sekretærane i alle dei militære greinene om å «straks byrje full [Covid]-vaksinasjon av alle medlemmene av dei væpna styrkane» og «innføre ambisiøse tidsplanar for innføring». Fleirtalet av tenestemedlemmene samtykte, men fleire titals tusen er framleis uvaksinerte, og mange søkjer unntak.
I desember byrja militæret å avsetje soldatar som nekta å ta sprøytene. Avsetjinga har gjeve liv til juridiske utfordringar [av gjeldande lovverk] som so langt har blitt forsømt av den amerikanske høgsteretten.
Desse masseutreinskingane av kvalifisert stridspersonell fører til mangel på soldatar og pilotar i titusenvis, noko som berre forverrar problem relatert til militær beredskap, troppmoral og offentleg tillit til militæret.
Medan dei som forsvarer sprøytepåbodet er raske med å understreke at militæret lenge har kravd at soldatar vaksinerer seg mot ei rekkje sjukdommar, var tidlegare vaksinar typisk gjenstand for mykje lengre evalueringstid enn Covid-sprøytene før dei vart sett i massesirkulasjon. I kontrast til [ordinære vaksinar] vart Covid-sprøytene ikkje berre hasta gjennom dei kliniske forsøka, men dei involverer i tillegg det som har blitt kalla ein «eksperimentell» mRNA-mekanisme som aldri før har blitt sett på som trygg nok for offentleg bruk.
Ein hittil usett førekomst av biverknader av «vaksinane» etter utrullinga av Covid-sprøytene er dokumentert av Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS), som per 23.september [2022] har fått 2 311 949 biverknadsrapportar, der det store fleirtalet vart rapportert i 2021, då Covid-sprøytene vart tilgjengelege.
Data frå Pentagon sin Defense Medical Epidemiology-database (DMED) har vore like alarmerande, og viser at 2021 såg drastiske hopp i ei rekkje diagnosar for alvorlege medisinske problem over det tidlegare femårssnittet, inkludert hypertensjon [høgt blodtrykk] (2181% [auke]), nevrologiske lidingar (1048%), multippel sklerose (680%), Guillain-Barré-syndrom (551%), brystkreft (487%), kvinneleg infertilitet (472%), pulmonær embolisme [blodpropp i lungene] (468%), migrene (452%), feilfunksjonar i eggstokkane (437%), testikkelkreft (369%) og takykardi [høg hjarterytme; meir enn 100 slag i minuttet] (302%).
Amerikanske tenestemedlemmer som står overfør medisinsk tvang relatert til Covid-19-sprøytene, eller som blir nekta effektiv behandling, kan søkje økonomisk støtte via nonprofit-organisasjonen Truth for Health Foundation.
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 15