Derimot: Før presidentvalget i USA. Bygges det konsentrasjonsleiere i hver delstat? – Derimot

derimot.no:

Blir det bygt fangeleirar i alle amerikanske delstatar for å huse regimekritikarar?

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Ein komande dokumentarfilm frå tidlegare grensevakt [Customs and Border Patrol (CBP) agentJ.J. Carrell ved namn Treason [«forræderi»] påstår at den amerikanske føderale regjeringa for tida driv og konstruerer eit digert nettverk av fangeleirar i alle 50 delstatar, som vil bli brukt til å huse politiske dissidentar – ikkje ulovlege innvandrarar slik det ser ut til å bli påstått.

Dekkhistoria for desse konsentrasjonsleirane er at ein treng dei for å huse og prosessere fleire titals millionar ulovlege innvandrarar som strøymer over den sørlege grensa. Realiteten er derimot at gjeldande fasilitetar blir laga for amerikanske borgarar, som vil bli sendt der dersom dei går over streken.

«Det er ikkje for desse ulovlege innvandrarane,» seier den tidlegare føderale kontraktøren Christie Hutcherson i Women Fighting for America i filmen. «Eg trur det er… nesten som det nazistane gjorde mot jødane, konsentrasjonsleirar, prosesseringsfasiliterar. Dei kjem til å trenge ein stad å prosessere dissidentane.»

(Relatert: Wuhan-koronavirus [covid-19]-«pandemien» var berre prøverunden – er de klare for fullskala unntakslov, som mange forventar vil vere fullt i gang før 2025?)

Konsentrasjonsleirar byrja å bli bygt under Obama

I eit nyleg intervju med Clayton Morris i Redacted [«Klausulert»] forklarte Carrell at Hutcherson har tilgang til føderale databasar, der bod blir lagt inn for alle typar statlege kontraktar, inkludert konstruksjonen av desse oppbevaringsfasilitetane.

«Ho seier til meg at der ligg inne bod på at oppbevaringsfasilitetar skal bli bygt i alle dei 50 amerikanske delstatane,» sa Carrell.

Medan der finst enkelte fasilitetar langs den sørlege grensa som ser ut som om dei er der for ulovlege innvandrarar, seier Carrell at kjeldene hans har sagt til han at der står so mange som 40 000 tomme senger fordi dei ulovlege innvandrarane blir fanga og umiddelbart sleppt lause i samfunnet, ikkje oppbevart på desse fasilitetane.

Det har vært slike leire før for japanere i USA under 2. verdenskrig.

Hutcherson er fullt overtyda om at gjeldande fasilitetar eksisterer for framtidig bruk til å fengsle politiske dissidentar, altso patriotar som opponerer mot diktata til den komande nye verdsordenen. Dette inkluderer å nekte å bli «vaksinert» mot den nyaste «pandemien», eller bli med i ein milits.

«Eg trur dei kjem til å sjå akkurat ut som dei fasilitetane som vi ser barn bli haldne fangar i i desse FEMA-leirane,» sa Carrell om utsjånaden til fasilitetane, som for det meste er mjuke, store, kvite telt omringa av illevarslande piggtrådgjerde.

«Det er det dei bygger: dei byggjer FEMA-leirar.»

Det som skjedde under covid viste den rådande makta kva dei må gjere for å kvele motstand neste gong, som vil vere den ekte greia – covid var berre innleiinga.

«Desse er absolutt meint for amerikanske borgarar,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om konsentrasjonsleirane. «Du kjem til å bli arrestert for å erklære det openberre, slik som valfusk, covid, trans og alle brotsverka dei utfører.»

«Dei byrja å byggje desse i Obama-åra,» skreiv ein annan om kor langt tilbake kaninholet går. «Bygginga skjedde berre på nattestid.»

Andre kunne ikkje dy seg for å merke den passande timinga til desse avsløringane, berre nokre månader før det komande 2024-presidentvalet.

«Eg kan førestille meg at folk ikkje kjem til å bli for glade etter to stolne val,» skreiv ein lesar om korleis sivil uro garantert vil skje dersom den rådande makta skulle finne på å stele nok eit val frå Trump.

«Big Government er heilt klare over konsekvensane av handlingane sine, og krigsplanlegging blir no gjort for kvart tenkjelege scenario.»

Fascisme er ikkje nær – det er her.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...