Derimot: Folk som bløffer om egen storhet. Den harde kjernen i NATO. – Derimot

derimot.no:

Ein verdilaus allianse

av Hans Olav Brendberg

Carl Bildt sette fingeren på det vesentlege då han under NATO-møtet nyleg peika på at NATO hadde erstatta delte verdiar og trugsmålsvurderingar med smiger.

Men sjølv då ein heldt oppe ein fasade av «delte verdiar» og «trugsmålsvurderingar», var dette i og for seg villeiande. NATO-utvidinga austover har vore bygt på ein illusjon om delte verdiar og delte trugsmål.

Temaet for møtet i Brussel var målet om å bruka 5% av BNP til forsvar – altså kring 15% av europeiske statsbudsjett.

Dette er luftpengar – og dette målet kjem aldri til å bli nådd. Ein europeisk økonomi på nedtur greier ikkje skvisa so mykje pengar ut for å nå irrasjonelle mål.

Utgangspunktet her er at NATO åleine står for kring 50% av verdas militærutgifter – om vi reknar inn viktige vestallierte som Japan og Sør-Korea kjem vi opp i kring 60%. Om NATO skal nå eit mål på over det dobbelte av dette, vil vi vera oppe i 80-90% av verdas militærutgifter. Er vi trygge då?

Dette er sjølvsagt galimatias. Og grunnleggjande ein bløff: Den europeiske delen av NATO møter Trumps krav om byrdefordeling – ikkje med pengar, men med løfte om pengar.

Luftpengar

Bløff, altså.

Ein skal vera forsiktig med å freista bløffa ein bløffmakar. Veit ikkje Trump at europearane driv med bløff? Sjølvsagt veit han det.

Han veit også at han treng 2/3 fleirtal i senatet for å seia opp NATO-traktaten. Men kor mange røyster treng han for å trekka tilbake tryggleiksgarantiar til statar som har bløffa om at dei kjem til å bruka 15% av statsbudsjettet sitt til forsvar?

Og bak fasaden av bløff ligg det realitetar. Ikkje prinsipp. Ikkje delte verdiar. Ikkje tru på at NATOs artikkel 5 framleis er ein effektiv tryggleiksgaranti.

Bak det heile ligg det einaste denne forsamlinga av hyklarar trur på: – Makt

Makt som ikkje lenger er bunde av forsikringar, løfte, verdiar, traktater eller noko anna. Makt som no held seg med politikarar av Trumps og Ruttes type:

«Did I say that?» «No you didn´t, Daddy.»

«Nobody know what I am going to do!»

Den harde kjerna i ein verdilaus allianse.

Innlegget ble først publisert på Brendbergs Facebook

Derimot.no har klippet det fra Trønderrød

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar