Derimot: Finnes det en løsning på Gaza-konflikten? Mange israelere sin holdning til palestinerne er et stort problem.

derimot.no:

Israel har eit stort problem, og det er ikkje berre Netanyahu

29. desember 2023 av Larry Johnson

Eg vil vise dykk nokre videoar som eg er sikker på at nokre vil finne sjokkerande. Andre vil kanskje geispe og spørje «Korfor fortel du meg noko eg allereie veit?» La meg starte med eit tema som ikkje er direkte kopla til krigen som no rasar i Gaza. Det er mange evangelisk kristne som er overtydde om at staten Israel er ein oppfylt bibelsk profeti og trur 100% på å støtte Israel.

Eg trur at dette kristenfolket kanskje vil bli overraska over å få vite at mange ortodokse jødar ser på dei som gudlause kjettarar, og at Jesus burde (eller vil) bli kokt i avføring. Dette er ikkje noko eg berre finn på.

Denne videoen spreier seg blant visse i det kristne samfunnet i USA, og den byrjar få den effekten at nokre av dei no revurderer si ukvalifiserte støtte til Israel. Om nokon av dykk veit korleis ein kan forhandle med ein slik type som dette, la meg få vite det. Eg antar ein kan hevde at denne ultraortodokse rabbien er eit unntak som ikkje representerer hovudstraumen i sionistisk tenkemåte. OK, då kan dei kanskje forklare følgande.

Møt Danny Neumann. Fyren er på min alder. Han er ein anerkjend celebritet i Israel på grunn av sine tidlegare prestasjonar som fotballspelar. Likevel har han ei meining om Gaza og palestinarane.

Eg går utifrå at han kanaliserer sin indre Adolf Hitler. Sist eg sjekka, inkluderte setninga «Drep dei alle» kvinner og barn. Neumann er ingen galning som ligg langt ute på høgresida [sic. Han må meine i forhold til andre israelske politikarar]. Men han er ikkje aleine. Møt hr. Moshe Feiglin, leiaren for det israelske partiet Zehut. Denne fyren er ikkje ein høgreekstrem galning [sic]. Han er konservativ av Reagan-typen, etter Vestlege standardar, som likar pot. Berre sjå på Zehut sin plattform:

Så langt høyrest det rimeleg ut. Så kjem vi til dette:

  • Gi Israel full suverenitet i alle delar av Landet Israel.
    • På Vestbreidda: Annullere Oslo-avtalane.
    • På Gaza-stripa: Kvart angrep frå Hamas mot Israel må svarast på med full gjenerobring av Gaza (sjølv om unødvendige, små streiftog må unngåast).
    • Terroristar vil få tilbod om å velge fredeleg tilbaketrekking, og individuelle ikkje-jødar vil få tre val-alternativ: finansielt assistert emigrasjon til ein stad dei sjølve vel; permanent opphaldsløyve (like rettar, unntatt når det gjeld nasjonal stemmerett) etter å ha erklært sin lojalitet mot Israel og blitt grundig undersøkte; eller israelsk statsborgarskap (fulle rettar) når dei gjer militærteneste eller nasjonal teneste.

Hamas-angrepet den 7. oktober har radikalisert han. Han krev ope at det skal utførast eit Holocaust mot palestinarane:

Poenget mitt med å vise desse videoane, er å forsikre meg om at folk i Vesten forstår at Netanyahu sin krig i Gaza har brei støtte blant israelarane, sjølv dei som hatar Netanyahu.

Eg prøver ikkje å seie at det ikkje finst liknande videoar av Hamas- eller Hizbollah-leiarar som kjem med liknande erklæringar om eliminering av jødar. Og dét er problemet. Det finst berre to måtar å handtere dette på. Den første er grufull: la dei kjempe til den eine sida har utrydda den andre. Eg føretrekker den andre måten: intervensjon utanifrå for å skille partane og sette dei tilbake i hjørna sine (for å bruke ein analogi til boksesporten). Dersom ikkje andre land finn ein måte å stoppe denne drepinga på, er eg redd hendingane vil eskalere ut av kontroll og dra verda inn i ein global krig.

Det sørgelege er at det einaste landet som kan sette stopp for drepinga, er USA. Dei kontrollerer Israel si evne til å halde fram med å bombe palestinarane i Gaza, og forsyner Israel med kritisk viktig pengestøtte. Men det er eit politisk år, og AIPAC (American Israel Public Affairs Committee) har klørne sine så djupt inni dei gapande kjevane til både Republikanarar og Demokratar at verken Biden eller nokon annan leiar i Kongressen kjem til å steppe opp og kreve stans i drepinga.

Her er vekas Roundtable med Judge Napolitano, Ray McGovern og meg.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Yogendra Singh

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...