Derimot: Fienden er ikke Russland. Den er i vårt eget hus. – Derimot

derimot.no:

JD Vance sjokkerer NATO

av Larry C. Johnson 

X-CIA-analytiker

Som om ikkje Pete Hegseths slag i magen på onsdag var nok til å opprøre dei europeiske taskenspelarane, hoppa JD Vance inn i ringen og tok ein body slam (å slengje ein motstandar i bakken, red.) i ein tale i dag under opninga av sikkerheitskonferansen i München. Han heldt på i om lag 20 minutt, og vart for det meste møtt med isnande stille. Eurokratane var ikkje noka glad forsamling. Vance tok opp følgande nøkkelpunkt:

1. Indre truslar: Vance argumenterte for at den største og viktigaste trusselen mot Europa kjem «innanifrå», ikkje frå eksterne aktørar som Russland og Kina.

2. Ytringsfridom: Han skulda europeiske styresmakter for å sensurere den frie tale og gå tilbake på fundamentale demokratiske verdiar.

3. Immigrasjon: Vance kalla immigrasjon den mest «presserande» utfordringa for europeiske nasjonar 2.

4. Europeisk forsvar: Han nemnde kort at Europa lyt auke forsvarskapasiteten sin betydeleg 1.

5. Ukraina-konflikten: Vance uttrykte håp om eit «rimeleg forlik» etter president Trump si kunngjering om å starte fredsforhandlingar med Russlands Vladimir Putin.

Vance irettesette europearane for hykleriet deira i spørsmålet om ytringsfridom:

«’Diverre, når eg ser på Europa i dag er det ikkje alltid så tydeleg kva som har skjedd med nokre av Den kalde krigens sigersherrar,’ la han til før han ramsa opp ei liste med døme til å illustrere poenget sitt: Den europeiske unionen (EU) sine truslar om å stenge ned sosiale medium ‘straks dei oppdagar noko dei har bestemt er «hatefullt» innhald’, Tyskland sine raid mot folk som legg ut kvinnefiendtlege ytringar på nettet. Sverige som  fengsla ein aktivist som brende Koranen på offentleg stad, og «trygge tilgangssoner» rundt abort-klinikkar  etablerte i Storbritannia.

For europearar og andre som såg på, hadde Vance ein MAGA-bodskap: ‘I Washington er det no ein ny sheriff i byen, og under [U.S. President] Donald Trumps leiarskap kan det hende vi er usamde i synspunkta dykkar, men vi vil kjempe for å forsvare retten de har til å legge dei fram i det offentlege rom,’ sa han til spreidd og nølande applaus – ein av dei få gongane han fekk nokon.»

Vance var spesielt hard mot europearane for innblandinga deira i valet i Romania, som fekk publikum til å koke:

«Fleire gongar i talen sin trekte Vance fram Romania, som seint i fjor annullerte vala sine på grunn av skuldingar om russisk innblanding avdekka av rumenske sikkerheitstenester. Nyval er planlagd. ‘De kan meine det er gale av Russland å betale for reklameplass i sosiale medium for å påverke vala dykkar – det gjer i alle fall vi – de kan til og med fordømme det på den globale scena. Men viss det er slik at demokratiet dykkar kan bli øydelagd berre av digitale reklameinnslag til nokre få hundre tusen dollar frå ei framand makt, så var det ikkje særleg sterkt til å byrje med,’ sa han.»

Eg trur dette var første gong i NATOs historie at storkar-forsamlinga hadde høyrd ein slik tale. Reaksjonen var komisk, i det minste sett frå mitt perspektiv som amerikanar. Tysklands forsvarsminister, Boris Pistorius, gjorde ein god imitasjon av Claude Rains, som spelte politiinspektøren i Casablanca.

Pistorius rasa:

«’Dette demokratiet vart nett kritisert av USAs visepresident, ikkje berre det tyske demokratiet, men det til Europa som ein heilskap,’ sa forsvarsminister Boris Pistorius på Munich Security Conference på fredag. ‘Om eg forstår han rett, samanliknar han Europas tilstand med den som rår i visse autoritære regime … dette er ikkje akseptabelt,’ la han til».

Det som er uakseptabelt, Boris, er at de klovnar let som om de er heilt for demokrati, samtidig som de innfører restriksjonar på talefridommen og angrip politiske opponentar. Tyskarane og britane har vore spesielt grufulle i straffinga av dei med motstridande politiske synspunkt. Når det gjeld å vere autoritær … vel, om skoen passar, bruk den. All ære til JD Vance for å konfrontere dei med dette.

Hugsar de Joe Biden sine påstandar om NATO-einskap? Vel, dei er nok einige om at dei mislikar JD Vance og Donald Trump. Lykke til med å halde denne festen gåande.

Europearane er irriterte over at dei ikkje blir inkluderte i forsøka på å forhandle med Putin. Maria Zakharova, den elegante talskvinna for Russlands utanriksdepartement, ga ei skarp forklaring på korfor Russland ikkje ser på europearane som gyldige mellommenn i noka forhandling:

«Den italienske utanriksministeren, som reagerte på telefonsamtalen mellom Russlands president Vladimir Putin og USAs president Donald Trump, uttrykte den meininga at Europa ikkje burde spele ei ‘sekundær rolle’ under forhandlingane om Ukraina.

Det finst ingen emoji som kan formidle heile kjenslespekteret, så eg må bruke ord.

La meg minne dykk på at det var nettopp leiarane av EU-land – Tysklands kanslar Angela Merkel og Frankrikes president François Hollande – som for ikkje lenge sidan ope innrømde at dei aldri eigentleg hadde hatt til hensikt å implementere Minsk-avtalane, trass i at dei før hadde forsikra verda om det motsette. Det offisielle standpunktet deira no, er at Minsk-avtalane berre var eit forsøk på å gjenoppruste Kyiv og ‘kjøpe tid’.

Med andre ord:  dei lét som om dei arbeidde i god tru i Ukraina-saka, medan dei faktisk engasjerte seg i eit farleg ordspel.

Problemet er ikkje berre at dei laug – det er alle vande med no. Det verkelege problemet er at dei forrådde Europas interesser, og dette forræderiet er ei av årsakene til den tragedien vi no ser.

Minsk-avtalane vart ein del av det internasjonale lovverket (Folkeretten) då dei vart godkjende av FNs Sikkerheitsråd. Det betyr at dei vart juridisk bindande.

Både Hollande og Merkel, samt Italias leiarskap, visste dette utmerkt godt på dåverande tidspunkt, og dei forstår det og i dag. Då dei braut Folkeretten – noko dei no ope innrømmer at dei gjorde – vart EU-leiarane sentrale medskuldige i katastrofen som utfalda seg i Ukraina. Som eit direkte resultat av handlingane deira, er Europa no konfrontert med ein væpna konflikt på sitt eige kontinent. Hadde Minsk-avtalane blitt implementerte, så ville Ukraina ha vore redda, og samtidig ville den sørgelege situasjonen til EUs innbyggarar – som no har fått ein betydeleg redusert levestandard på grunn av leiarane deira sine feilslåtte, og til tider direkte kriminelle, avgjerder – ha vore langt mindre gjeldande.

Når ein ser endå djupare inn i problemet, så var dette ikkje berre eit personleg svik frå desse leiarane, men også eit uttrykk for det fullstendige tapet av uavhengigheit innan praktisering av ein ‘suveren’ utanrikspolitikk. Den europeiske unionen, som ei integrert blokk, og nesten alle medlemsstatane deira har blitt ei forlenging av NATO, som lydig følger Washingtons direktiv. In this regard, Slik sett er situasjonen rundt sabotasjen og ‘etterforskninga’ av [gassrøyrleidningane] Nord Stream [I og II] meir enn avslørande.

Endå ei stadfesting av dette får vi av den vage kommentaren frå NATOs generalsekretær Mark Rutte, der han lurer på om Putins telefonsamtale med Trump betyr at Vesten har ‘forrådd Ukraina’ eller ikkje. Både spørsmålet og svaret er meiningslaust.

La meg repetere: Vesten forrådde Ukraina då dei hindra landets overgang til demokrati og uavhengigheit, blanda seg inn i deira interne saker, sette ukrainarar opp mot russarar, hissa opp slavarar mot slavarar, og deretter initierte eit grunnlovsstridig kupp, laug om implementering av Minsk-avtalane, og til sist provoserte fram eit blodbad i the regionen.»

Eg diskuterte denne utviklinga med Nima på morgonen og med Judge Napolitano og kompisen min Ray på kvelden.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/jd-vance-gobsmacks-nato/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar