Derimot: EUs energipolitikk fortsetter: En form for selvpisking – for å straffe Russland. – Derimot

derimot.no:

Chihuahua-politikk på energi

Av Pepe Escobar

Strategic Culture, den 31. januar, 2025

La oss starte med fortellinga om eit brautande imperium.

Mr. Disco Inferno gir OPEC og OPEC+ ordre om å senke prisen på olje, fordi det etter hans meining kan løyse krigen i Ukraina – ved å tvinge Moskva til forhandlingsbordet på grunn av sviktande oljeinntekter. Det aleine oppsummerer kva for eit nivå av søppel som presidenten av USA blir fôra med frå gjengen av akronym (mener her åpenbart CIA, red.) som gir seg ut for å vere etterretning.

Trump i Davos: «Eg skal be Saudi-Arabia og OPEC få ned kostnaden på olje (…) viss prisen kom ned, ville Russland/Ukraina-krigen straks stoppe. Akkurat no er prisen høg nok til at krigen vil halde fram (…) Med oljeprisar på veg nedover, vil eg kreve at rentene skal falle straks. Og dei bør falle over heile verda. Rentene bør følge oss.»

Ganske føreseieleg sa OPEC+ – i hovudsak driven av Saudi Arabia og Russland – Njet. Bortsett frå det faktum at dei ikkje bryr seg særleg om rentenivået, vil dei på energi-fronten halde fram som planlagt, inkludert å snart redusere produksjonen, men til akseptable nivå.

Standard Chartered, ein stor aktør, kommenterte at OPEC har avgrensa makt til å ende krigen straks ved å redusere oljeprisen, med OPEC-ministrar som ser på dette forsøket på «strategi» som svært ineffektivt og dyrt.

Så mykje var den imperialistiske ordren verdt.

Chihuahua-planen for strategisk siger

Som tidlegare framheva, har USA – via fracking – nok gass til eige lands forbruk, men ikkje nok til storeksport til EU, på grunn av likvidiseringsproblem. Det forklarer korfor EU – sjølv etter kjøp av US-amerikansk energi til ublu prisar – framleis til stor del er avhengig av russisk LNG – og andre ikkje-USA-kjelder – etter sabotasjen av Nord Stream-røyrleidningane som Sy Hersh detaljert avslørte.

Sjølv med produksjon på full kapasitet greier ikkje Kaos-imperiet å levere all gassen som EU treng; det blir paktisk talt ikkje investert i verken søk etter sårt tiltrengde nye felt eller nødvendig infrastruktur til å møte auka etterspørsel frå EU.

På den heimlege oljemarknaden i USA utviklar ting seg i reine Kafka-stilen. Lastebiltransporten – ein massiv tenesteindustri – er avhengig av importert russisk diesel som må blandast med USA-foredla olje for å vere eigna for lastebilar.

Over til Davos. Den giftige Medusa’en i Europakommisjonen, von der Leyen, fortalde Davos at Europa hadde «vesentleg redusert», og «på rekordtid», avhengigheita si av russiske fossile drivstoff.

Chihuahua er verdens minste hunderase. Det finnes voksne individer på 0,5 kg.

Nonsens. Europas energirealitet er dyster. Russisk LNG frå Novatek er no prisa til rundt $4,5–$4,7 per MMBtu. Det er dyrare enn gass frå røyrleidningar, men likevel mykje billigare enn amerikansk LNG.

Kvar bransjeproff frå Den persiske golfen til Antwerpen veit at Europa no importerer russisk LNG som aldri før. Det er enten dét eller ein tørr død. Parallelt vil Russland tredoble sin forsyningskapasitet på LNG innan 2035. Sluttresult: kva enn «energikomissærane» i Brussel måtte kome opp med, vil Russland forbli uunnværleg for den europeiske energitryggleiken.

Det finst ingen grenser – ikkje ein gong stratosfæriske – for den eurokratiske stupiditeten som korroderer systemet som ein pest. Europearane har ikkje berre greidd å skru av sine eigne gassrøyrleidningar, men «etterforskar» framleis terrorangrepet på Nord Stream.

Sluttresultat: dei importerer no meir russisk gass, men på andre måtar, frå tredjepartsleverandørar, og betaler ein formue.

Det er dette som kan kallast ein Chihuahua-plan for strategisk siger.

USAs finansdepartement sanksjonerer Mr. Disco Inferno

Russlands LNG-eksport nådde nye høgder i fjor, då den vaks med 4% – og dei leverte 33,6 millionar tonn. Månadsrekorden var på 3,25 millionar tonn i desember 2024 – 13,7% meir enn november.

Den største russiske eksportøren er Yamal LNG: 21,1 millionar tonn, 6% meir enn i 2023.

No over til velkjend amerikansk bråk, i form av assisterande utanriksminister for energiressursar Geoffrey Pyatt som gir ordre om «full stopp» i russisk gass-eksport til Europa.

Til helvete med kva nasjonar som Ungarn, Austerrike og Slovakia måtte meine – og faktisk treng.

Pyatt sa til Atlantic Council: «I dag er vi verdas største LNG-eksportør, og ved slutten av Trump-administrasjonen vil vi ha dobla det vi gjer i dag […] Avgjerda har tydelegvis blitt tatt i Brussel om å kome til null [gassforsyningar frå Russland] innan 2027…og USA støttar sterkt det målet.»

Kjære, vene. Les desse folka i det heile tatt sjølv berre overskriftene? Som Politico skreiv om, «fortærer» EU russisk gass som aldri før sidan starten av 2025. Dei importerte 837 300 metriske tonn LNG berre dei første to vekene av året.

LNG fraktes på skip og ikke gjennom rør. Den er derfor klart dyrere enn rørgass. KI-generert bilde

Den ukrainske transitt-avtalen vart stengd for godt – eller i det minste for no – med start den 1. januar. No er det i dei maritime rutene det skjer.

Inn kjem USAs finansdepartement med ein ny – kva elles – sanksjonspakke mot russisk oljehandel, som rettar seg mot opptil 5,8 millionar fat per dag som blir skipa ut sjøvegen.

Situasjonen no er at den globale oljemarknaden har eit overskot på ca 0,8 millionar fat per dag. Oljeprisane for 2025 bør halde seg rundt $71 for eit fat Brent-råolje (den er no på $76,2). Ikkje akkurat det Mr. Disco Inferno ønsker seg.

Så la oss gå utifrå at desse 5,8 millionane russiske fat med olje – under rigide sanksjonar – forsvinn frå den globale marknaden. I så fall får vi oljeprisar som skyt til vêrs, til eit gjennomsnitt på mellom $150 og $160 per fat. Igjen: ikkje det Mr. Disco Inferno ønsker seg. Han har høgrøysta lova – og held fram med å love — ei MAGA-oljesupermakt, samtidig som han senker oljeprisane til maksimalt $50 per fat.

I Russlands 2025-budsjett er oljen prisa til $65,9 per fat.

Viss USAs finansdepartement greier å på magisk vis få dei 5,8 millionar fata til å «forsvinne», så vil dei russiske inntektene auke til rundt $88,.2 milliardar, sjølv med betydeleg lågare eksport.

Høge oljeprisar skadar USAs konkurranseevne. Så nokon burde fortelle Mr. Disco Inferno at denne gambiten til USAs finansdepartement faktisk er meir negativ for Trumpianske draumar enn for Russland.

Rundt om i Eurasia sit Russland fint, spesielt med BRICS-partnarane. Røyrleidninga Power of Siberia til Kina er igang, og Power of Siberia II kjem truleg i drift innan 2030. Eit oppsving i LNG-eksporten til Iran er sjølvsagt – spesielt etter signeringa av avtalen om strategisk partnarskap tidlegare denne månaden.

Dette året vil det også bli signert ein avtale i Russland om LNG-transport til Afghanistan via tankar-konvoiar. Neste steg blir «Pipelineistan»: kanskje endeleg dei nødvendige stega for å bygge ein variant av røyrleidninga TAPI (Turkmenistan-Afghanistan-Pakistan-India), men då med gass som kjem frå Russland.

Den største kunden av russisk LNG, ved sidan av Kina, er sjølvsagt BRICS-partnaren India. Det er i Russlands, Irans, Afghanistans og Indias interesse å ha eit stabilisert Pakistan – ikkje eit Islamabad som er fjernkontrollert frå Washington, som i dagens oppsett – for den endelege opninga av russiske LNG-ruter til India. Det vil skje, til rett tid.

Og til dei europeiske chihuahuaane: nyt fantasiane dykkar om «strategisk nederlag». Hald berre fram med å bjeffe – og kjøpe russisk LNG.

Fritt omsett og avkorta av Monica Sortland

https://strategic-culture.su/news/2025/01/31/chihuahua-energy-policy-its-gas-gas-gas/

Forsidebildet er KI-generert.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar