Derimot: Europerne er rundlurt av USA. De betaler i dag 8 ganger mer for USA-gass enn det Russland tilbød.
derimot.no:
Europearane har blitt rundlurte av amerikanarane
Kommentar i The Tribune India oktober, 2022
av tidlegare ambassadør MK Bhadrakumar
To massive terrorist-angrep feila spektakulært. A terrible beauty is born. Desse to nøye planlagde angrepa i rask rekkefølge – på Nord Stream gassrøyrleidningane og Krim-brua – var meint å gi Russland eit knockout-slag. Ifølge president Vladimir Putin er det folk som «ønsker å skade banda mellom Russland og EU, svekke Europa» som står bak eksplosjonane på Nord Stream. Han nemnde USA, Ukraina og Polen som profitørar. India bør forvente eit nederlag for USA og NATO som fullbyrdar overgangen til ein multipolar verdsorden.
Sist onsdag identifiserte Russlands innlandsetterretningsteneste FSB Ukrainas sjef for militæretterretninga, Kyrylo Budanov, som hjernen bak Krim-angrepet. Avisene New York Times og Washington Post peika óg på Kiev, siterande «kjelder». Sjølv om Nord Stream-1 har blitt skamfert, er ei av greinene til Nord Stream-2 framleis intakt. Putin sa i førre veke at røyrleidninga kan restaurerast og Russland vil kunne levere ca 27 milliardar kubikkmeter gass. «Ballen er på EU sin banehalvdel, viss dei vil. La oss skru på krana,» sa han.
Men frå Brussel er det stille. Det heile er utprega pinleg for EU. Triumf-rusen har forsvunne når Europa no er trua av fleire år med resesjon forårsaka av rekyl frå sanksjonane mot Russland, då USA insiserte på at energibanda til Moskva skulle kuttast. EU har no blitt ein fanga marknad for dei store oljeselskapa, Big Oil, og lyt kjøpe flytande gass, LNG, frå USA til den prisen USA ber om, som er seks til sju gongar høgare enn prisen som blir betalt i USA. (Den kontraktfesta prisen for langsiktig russisk leveranse til Tyskland låg på rundt $280 per 1000 kubikkmeter, medan den noverande marknadsprisen ligg rundt $2000).
Enkelt sagt har europearane blitt lurte trill rundt av amerikanarane. India bør merke seg USAs rettferdssans, kva dei meiner dei har rett til. Biden-administrasjonen skapte eigentleg ei oppdikta energikrise der krigsprofitt var det eigentlege målet.
Angrepet på Krim-brua den 8. oktober er langt meir alvorleg. Zelensky har kryssa ei raud linje som Moskva igjen og igjen har åtvara han mot å gjere. Putin har no fortald at det også har vore tre terroristangrep mot kjernekraftverket Kursk. Russarane vil ikkje godta noko mindre enn at Zelensky-regimet blir styrta.
Russlands represaliar mot Ukrainas «kritiske infrastruktur», noko Moskva hittil hadde halde seg unna, har alvorlege implikasjonar. Sidan 9. oktober har Russland byrja å systematisk rette åtaka mot Ukrainas energisystem og jernbana. Den russiske militæreksperten Vladislav Sjurygin fortalde avisa Izvestia at dersom same tempo vert halde i ei veke eller så, så vil det «forstyrre heile logistikken til det ukrainske militæret – system for transport av personell, militærutstyr, ammunisjon, relatert cargo, så vel som oppgåvene til militæret og reparasjonsverkstadar.»
Amerikanarane er innkapsla i ei surrealistisk verd av sitt sjølv-tenande narrativ om at Russland «tapte» krigen. I den verkelege verda, derimot, sa Ivan Tertel, KGB-sjefen i Kviterussland som har eit innsidar-syn på Moskva, sist tysdag at med Russland si styrking av troppane sine i krigssona – 300 000 soldatar som har blitt mobiliserte pluss 70 000 frivillige – og utplasseringa av avanserte våpensystem, «vil militæroperasjonen gå inn i ein nøkkelfase. Etter våre estimat kjem det eit vendepunkt i perioden mellom november i år og februar neste år.»
Politikk-makarar og strategar i Delhi bør nøye merke seg tidslinja. Botnlinja er at Russland går for total siger og vil ikkje slå seg til ro med noko mindre enn ei vennlegsinna regjering i Kiev. Vestlege politikarar, inkludert Biden, skjøner at russarane ikkje lar seg stoppe no. USAs våpenkjelde tørkar ut og Kiev ber stadig om meir.
Då han på fredag fekk spørsmålet om han ville møte Biden på G20-toppmøtet på Bali, svara Putin spottande:
«Han (Biden) bør bli spurt om han er klar for slike forhandlingar med meg eller ikkje. Ærleg talt ser eg i det store og heile ikkje noko behov for det. Det finst for tida ingen plattform for forhandlingar.»
Men Washington har enno ikkje kasta inn handkledet, og i Biden-administrasjonen er dei framleis manisk opptatte av å utmatte det russiske militæret – sjølv om det skulle innebere at Ukraina blir øydelagt. Og også for russarane er det mykje som står att å på slagmarka: den undertrykte russiske befolkninga i Odessa (som leid under ubeskrivelege overgrep frå nynazistane), Nikolajev, Saporosje, Dnipropetrovsk, Kharkov ventar på «frigjeringa». Det er ei svært kjensleg sak for Russland. Igjen, den overordna agendaen, med «demilitarisering» og «de-nazifisering» av Ukraina, må takast til sin logiske konklusjon.
Når alt er over, veit Putin at Biden ikkje ein gong vil treffe han. Ungarns statsminister Viktor Urban sa i veka som gjekk at «Alle som seriøst trur at krigen kan stoppast via russisk/ukrainske forhandlingar, lever i ei anna verd. Røynda ser annleis ut. I røynda kan slike saker berre diskuterast mellom Washington og Moskva. I dag er Ukraina i stand til å kjempe berre fordi dei mottar militær assistanse frå USA…
«Samtidig ser eg ikkje president Biden som den personen som verkeleg ville passe til slike seriøse forhandlingar. President Biden har gått for langt. Hugs berre kva han sa til president Putin.»
India bør forvente eit nederlag for USA og NATO, som fullfører overgangen til ein multipolar verdsorden. Dessverre må den indiske eliten først reinse opp i si «unipolare knipe». Europa, inkludert Storbritannia, er herja, og der er merkbar misnøye med USAs «transatlantiske leiarskap». Indo-Stillehavs-strategien driv håplaust for vind og ver. Nye maktsenter reiser seg i Indias utvida nabolag, slik OPEC si avvisning av Washington viser. Det trengst ei grundig justering i Indias strategiske reknemetode.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 26