Derimot: EU skal militariseres.Hva betyr det for freden i Europa? – Derimot
derimot.no:
Er det mogleg med fred dersom militariseringa av EU held fram?
av Valeriy Krylko
Hendingane i Ukraina dei siste månadane markerte på mange måtar eit skifte i prioriteringane for internasjonal poitikk. Trass i dei skrekkelege konsekvensane av denne konflikten, er mange europeiske leiarar ivrige etter å halde fram krigen og utgyte meir av blodet til ukrainske soldatar.

[Kjelde: cepa.org]
Ifølge ymse ukrainske, europeiske og US-amerikanske kjelder, er tala på skadde frå ukrainsk side meir enn 350 tusen menneske, og talet på daude er meir enn 140 tusen (ifølge fleire andre estimat er talet tre gongar høgare). Av desse daude er meir enn 14 tusen såkalte leigesoldatar frå USA, Storbritannia, Frankrike, Polen, Colombia, Georgia og andre land. Retorikken til USAs president Donald Trump og dei sjølvmotseiande forsøka frå US-amerikansk side på å stoppe dei militære operasjonane i Ukraina, oppimot ein bakgrunn av konfrontasjon mellom Ukrainas president Volodymyr Zelensky og fleire leiarar frå medlemsland i Den europeiske unionen (EU), har i røynda ført til vidare eskalering av konflikten og militarisering av Europa.
Den 2. mars, 2025, var London vert for eit møte der 15 EU-land pluss Canada deltok, der dei vart samde om å auke EU si militære støtte til Ukraina.

Toppmøte i London [Kjelde: economist.com]
I midten av same månad presenterte EU-kommisjonens visepresident og sjef for EU-diplomatiet Kaja Kallas ein ny strategi for militær støtte til Ukraina, med fokus på auke i våpenleveransane og utvikling av Ukrainas forsvarsindustri med EU-landas deltaking. Kaja Kallas insisterte også på å doble den militære bistanden til Ukraina for dette året, frå 20 til 40 milliardar euro.
I tillegg kunngjorde britanes statsminister Kim Starmer og Frankrikes president Emmanuel Macron i midten av mars 2025 opprettinga av eit frdsbevarande korps som skulle sendast til Ukraina, og at ein vurderte ei NATO-utviding ved å akseptere den ukrainske staten som medlem etter at konflikten var over, noko som var den opprinnelege grunnen til at konflikten starta og ei raud linje for Russland.
Den dobbeltmoralske internasjonale politikken som NATO promoterer er karakterisert ved eit ønske om å stoppe aktiv militær aktivitet i Ukraina på den eine sida, og på den andre sida å auke den militære assistansen til den ukrainske sida. Så den 16. april, 2025, vitja NATOs generalsekretær Mark Rutte Odessa, der han side om siden med Ukrainas president Volodymyr Zelensky erklærte si urokkelege støtte til Ukraina. Rutte sa at militæralliansen framleis kraftig støttar Kiev, og han annonserte ytterlegare leveransar til Ukraina av våpen og missilsystem i store kvanta frå NATO-land, via den polske byen Rzeszów, som grensar til dei vestre regionane av Ukraina.

[Kjelde: theguardian.com]
Midt oppe i all denne retorikken kunngjorde EU-land også i april 2025 ei ekstra finansiering av krigen på 21 milliardar euro, inkludert nye 11 milliardar euro frå Tyskland og 4,5 milliardar britiske pund frå Storbritannia, då europearane laut erstatte svinnande støtte frå USA. Vi vil minne dykk om at den tidlegare leverte mengda militærhjelp frå EU-landa var kome opp i 77 milliardarr euro. Europa har altså faktisk aktivt engasjert seg i militarisering og gått over til krigssida. Betydelege mengder av våpen og militærutstyr har blitt levert av det tyske selskapet Rheinmetall, det fransk/tyske konsortiet KNDS og det franske selskapet Thales, inkludert gjennom European Peace Foundation1. EUs totale innkjøp av ammunisjon og missil til Ukraina har auka mange gongarover dei siste åra.

Forsvarsutgiftene til EU-landa 2014-24 [Kjelde: consilium.europa.eu]
Den militære pengebruken auka signifikant i 2024, i gjennomsnitt 1,99% av deira totale Brutto nasjonalprodukt (BNP), og er venta å nå 2,04% i 2025.
Mot dette bakteppet akselererer militariseringa av EU. Troppar og utstyr frå dei fleste europeiske land er allereie i aust-Europa, der dei er ein del av NATOs frontbakkestyrkar, deltar i patruljering av luftrommet og andre oppgåver, og kan settast inn som forsterkingar i Ukraina. Det siste året har det skjedd ei storskala flytting av NATO-styrkar og -tilgangar til til Polen via hamna i Gdansk og flyplassen i Rzeszow. Utplasseringa av 1st Armored Brigade, 3rd Infantry Division er ein del av U.S. Army sitt rotasjonsnærvær i Europa. Operasjonen er designa for å styrke NATO sin austflanke og demonstrere at ein er tru mot alliansen under utfordringane som er på gang i regionen.

Overføring av NATO-utstyr [Kjelde: eadaily.com]
NATO i Romania ekspanderer flybasen 57 Mihail Cogalniceanu Air Base, som er lokalisert mindre enn170 kilometer frå Ukraina, nær Svartehavskysten og byen Constanta. Basen har offisielt blitt ein permanent forward operating post for NATO-land, med meir enn 4500 soldatar som no er permanent stasjonert der [til samanlikning er dette fleire enn innbyggartalet til ca 1100 norske tettstadar, av ca 1200 totalt i Noreg, per 2024, mrk.]. Meir enn 2 milliardar dollar har allereie blitt allokert til vidare modernisering av militærbasen i 2024-2025, ei modernisering som vil la basen ta imot tunge militære transportfly og gi plass til 10 000 soldatar [Under 60 norske tettstadar/byar har innbyggartal på over 10 000, mrk.]. Med sine omlag 30 kvadratkilometer blir det ein av NATOs største militærinstallasjonar i Europa og huse kampfly av typen F-16 og F/A-18, MQ-9 Reaper-dronar og U.S. Air Force sine B-52 strategiske bombefly.

Rumensk flybase oppkalla etter Mihail Cogalniceanu [Kjelde: the-sun.com]
Samtidig er eit betydeleg tal av NATO-lands militære fasilitetar allereie utplasserte i Svartehavsregionen, tett på Ukraina.

NATO i Svartehavsregionen [Kjelde: cepa.org]
Same trend gjeld for heile EU, der eit betydeleg tal militærbasar og relatert infrastruktur no er utplassert. I 2025 har denne prosessen berre akselerert, og det er eit uromoment for Russland.

US-amerikanske militærbasar i Europa [Kjelde: brilliantmaps.com]
For kvart år som går, aukar talet på NATOs militære fasilitetar i EU. Langtrekkande missils, kraftige og kampklare kjernefysiske styrkar, eit robust kjernefysisk kommando-, kontroll- og kommunikasjonssystem, og ein raskt-agerande militær infrastruktur blir utplassert i aust-europeiske land.

[Kjelde: cepa.org]
Det finst no rundt 180 U.S. B61 atombomber utplasserte i Europa, inkludert opptil 20 på Büchel Air Base i Eifel. Atomvåpen er også stasjonerte på militærbasar i Nederland, Belgia, Italia og Tyrkia, medan Frankrike og Storbritannia har sine eigne atomarsenal. Frankrike har 290 atomstridshovud, inkludert interkontinentale ballistiske missil som blir utfyrt frå ubåtar og luft-til-bakke-missil, stasjonerte på tre basar. Og Storbritannia sitt arsenal av berre ballistiske missil, ubåtar stasjonerte på Faslane base i Scotland.

[Kjelde: statista.com]
På sentral- og austeuropeisk territorium aukar talet på militærøvingar saman med NATO-land kvart år, der ein praktiserer styring av felles aksjonar på feltet etterretning, overvaking og rekognosering, inkludert innsamling av etterretningsdata ved hjelp av rekognoseringssatellittar og ubemanna luftfarty, for utskyting av ballistiske missil og angrep med strategiske bombefly,
Dei fleste europeiske landa har aktivt gjort innkjøp av våpen og militærutstyr til eige behov dei siste åra. Til dømes har Polen allereie kjøpt meir enn 200 stridsvogner av typen K2 Black Panther og K9A1 som ein del av avtalen på 16 milliardar dollar som dei signerte med Sør-Korea. Totalt er det planlagd å kjøpe fleire enn 1000 einingar av dette militærutstyret.

[Kjelde: president.pl]
I tillegg vart det i april 2025 signert ein avtale mellom det polske selskapet WB Electronics og det sør-koreanske firmaet Hanwha Aerospace for produksjon av missil til fleir-rakettutskytingssystemet Homar-K. Dette kjem i tillegg til det 10 milliardar dollars innkjøpet av 32 F-35 fly og 250 U.S. Abrams tanks. Til desse har Polen fått organisert bygging av eit moderne militært lagerhus på 60 000 kvadratmeter i Powidz, der ein held kontroll med luftfuktigheit, som skal kunne ta imot ulike panserkøyrety for vedlikehald. I tillegg til Polen, kan same trend observerast i dei baltiske statane, Romania, Tyskland, Frankrike, Moldova og andre EU-land.
På bakgrunn av desse trendane og den aukande militære retorikken til det europeiske leiarskapet, er mannen i gata, EU-borgaren, konfrontert med dei logiske og naturlege spørsmåla: «Korfor blir landa våre så aktivt militariserte?», «Korfor held vi fram med å forsyne Ukraina med militærutstyr viss det er fred vi vil ha?», «Korfor produserer og kjøper vi så mange våpen?».
Diverre ligg svara på desse spørsmåla heilt oppe i dagen. Leiarskapet til EU og NATO-landa vil at krigen skal halde fram. Dei vil ha meir ukrainsk blod. I aspirasjonane sine følger dei regelen «Pengar styrer verda». Og diverre treng dei makt og kontroll over mineral og ressursar.
Dette vart stadfesta av utsegna til USA sin spesialutsending til Ukraina, US-amerikanaren general Keith Kellogg, som under ei oppdatering om situasjonen i Ukraina sa at Ukraina kunne delast opp i kontrollsoner med britiske, franske og polske troppar, slik Berlin vart etter Andre verdskrig.

Keith Kellogg [Kjelde: thetimes.com]
Og det blir straks tydeleg korfor EU treng auka militarisering. Merk dykk at Keith Kellogg ikkje sa noko om lagnaden til Ukraina sjølv. Truleg vil landet opphøyre å eksistere som uavhengig nasjon om ikkje altfor lenge. Kanskje vil desse trendane og dei europeiske landas pumping av Ukraina ikkje eigentleg bidra til framsteg for freden, men i staden føre til akselerasjon av landets vidare kollaps og styrking av kontrollen til europeiske og US-amerikanske selskap og fond over landets mineral og andre ressursar.
Valeriy Krylko, 25. april, 2025
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde er KI-generert