Derimot: Debatten: Når en mangler argumenter: Gjentagelser og utskjelling. – Derimot
derimot.no:
Partiet FOR og kontroversen tilknytt T-baneplakatane
Den siste veka har eit nyoppstarta politisk parti fått stor merksemd i både hovudstraumsmedia og alternative media: partiet Fred og rettferd (bokmål Fred og rettferdighet), forkorta FOR. Dei har køyrt ein reklamekampanje på T-banen i Oslo, med bilete av professor Glenn Diesen. Hovudparolen er at Noreg ikkje skal bruke 85 milliardar på krigen i Ukraina, men heller bruke dei på norsk velferd – noko som verkeleg trengst. Dette blir av det politiske etablissementet møtt med indignasjon, og skuldingar om russisk påverknad sit laust hjå visse personar.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Hjå enkelte meiningsmotstandarar kokte det tydelegvis over. FOR sine betalte reklameplakatar vart etter kort tid rivne ned. Børge Andre Roum var ein av dei, og er medlem i partiet Dei grøne. Han omtala plakatane som «et par kilo russisk propaganda fjernet frå T-banen». Han omtala overfor Dagbladet at det å fjerne plakatane var «sjølvforsvar». Ein annan er Erik Schreiner Evans, som til NRK skildrar plakatane som «reinspikka fascisme» og «russisk valgpåvirkning». Som ein konsekvens av dette hærverket, valde FOR og partileiar Marielle Leraand å avslutte reklamekontrakten. Dei får ikkje pengane igjen.

Kvifor skaper eit ønske om fred frå eit nyoppstarta parti so mykje kontrovers at enkelte tyr til vandalisme? Dette er fyrst og fremst eit symptom på tidene vi lever i, med eit særs trongt meiningsrom, eit grådig krigsindustrielt kompleks, og ein politisk elite som består av ei rekkje av det ein kan kalle krigsparti.
Saksyndig har brukt saksa ivrig rundt om i alternative media. Terje Alnes skriv følgjande i artikkelen «Er du en nasjonal sikkerhetsrisiko?», publisert på Steigan 21.mai 2025:
«Slik er det norske ytringsklimaet: Å argumentere for en fredsløsning på en pågående krig i Europa, møtes med de mest groteske beskyldninger. Bare de mest hardhudede kan stå i en slik debatt, de fleste vil holde kjeft. Debattklimaet gjør Norge nærmest til et demokratisk konkursbo.»
Geir Ivar Jørgensen skriv i artikkelen «Når et fredsparti blir en trussel – ikke mot rikets sikkerhet, men mot det politiske kartellet», òg publisert på Steigan. 21.mai 2025 (uthevingar er frå originalartikkelen):
«Norge har over tid utviklet seg til et partikartell-styre, der Ap og Høyre – sammen med deres støttepartier og LO/NHO-komplekset – kontrollerer statsbudsjettet, mediene, embetsverket og internasjonale bindinger (EØS, NATO, WEF).»
Den reelle politiske konkurransen har dermed blitt «nedbygt». Alle er lojale til NATO og alle er einige om utanrikspolitikken. Dette har ført til aukande veljaravstand til Stortinget. Når eit parti so kjem på bana med ein annan agenda, set det sinna i kok og skaper leik og spetakkel. Vidare skriv Jørgensen:
«I dette klimaet er et antikrigsparti med et eksplisitt nei til krigspolitikken i Ukraina og Palestina – og med krav om gjenreising av norsk selvråderett – en systemisk trussel, ikke fordi det bryter loven, men fordi det bryter lydigheten.»
Reklameplakat-saken avslører følgjande:
«Denne situasjonen sier mer om norsk politisk kultur i forfall enn om partiet FOR.
- Etablerte partier har i praksis monopol på både offentlige midler og medietid.
- De nye alternativene nektes legitimitet, ikke fordi de bryter loven, men fordi de bryter narrativet.
- Når et fredsparti på lavt budsjett klarer å skape nasjonal oppmerksomhet med én tydelig kampanje, møter det en mediemaskin som mistenkeliggjør intensjonen fremfor å diskutere innholdet.»
Meiningsmotstandarane frå «partikartell-styret» ser knapt ut til å ha teke seg bryet til å lese kva partiet faktisk står for. Det har derimot Saksyndig-redaktøren gjort. Nettsida til partiet FOR legg ut klart og utvitydig om kva som er deira politiske agenda. Her kjem ei oppsummering av dei viktigaste standpunkta deira:
Partiet definerer Israels krig i Gaza som folkemord, dette utifrå Folkemordskonvensjonen. Partiet meiner at alle som bur i dagens Palestina og Israel bør ha like demokratiske rettar. Israels ulovlege okkupasjon av Palestina må ta slutt.
Partiet meiner at pengestøtta til Ukraina må stansast, og krigen avslutta gjennom forhandlingar. 52% av ukrainarane ønskjer ifølgje Gallup slutt på krigen, òg om det tydar at Ukraina må gje frå seg land.

Partiet meiner at folkeretten må gjenreisast. Ingen våpen til Ukraina, ingen atomvåpen, ingen amerikanske basar i Noreg, Noreg ut av NATO, ingen ulovleg økonomisk krigføring. Noreg må kort fortalt bli ein fredsnasjon.
Det som har vekt mest kontrovers er at FOR vil stoppe pengestøtta til Ukraina. Partiet meiner at dei 85 milliardane som ikkje skal gå til krig i Ukraina i staden skal brukast på: gratis kollektivtransport (17 milliardar), gratis tannhelse for alle (14 milliardar), gratis barnehage, SFO, skulemat og idretts- og kulturtilbod for barn og ungdom (16 milliardar). Dei 38 milliardane kan brukast til andre ting, mellom anna stanse nedlegging av skular og fjerne helsekøar. Gratis kollektivtilbod vil mellom anna føre til at fleire lèt bilen stå, noko som er bra for «den globale oppvarminga».
Hadde den politiske eliten i landet framleis hatt vit og sunn fornuft i behald, hadde dei lovprist desse sakene. I staden har dei gått i skyttargravene og bombar oss med våpen frå si anti-demokratiske verktøykasse. Og i NRK Debatten nyleg dreit dei seg loddrett ut.
Pål Steigan skriv i artikkelen «Med buksene rundt anklene – ‘eliten’ og Ukrainadebatten», publisert på Steigan 21.mai 2025:
«For en som liker burlesk politisk teater har det vært en nytelse å følge det politiske mediesirkuset rundt annonsekampanjen til partiet Fred og rettferdighet (FOR). Og det er grunn til å ta av seg hatten for en brilliant politisk taktikk som satte kampen mot krigen på dagsordenen som vi hittil ikke har sett det i Norge.
Marielle Leraand og Glenn Diesen lyktes i å holde debatten rundt kjernespørsmålet: Hvorfor skal Norge bevilge 85 milliarder kroner til at enda flere ukrainere skal dø når vi burde bruke dem til å skape nettopp fred og rettferdighet?»
Om Ine Eriksen Søreide sin innsats i NRK Debatten skriv Steigan:
«Ine Eriksen Søreide, som har vært både forsvarsminister og utenriksminister, skal liksom være en av sluggerne i norsk politikk. Hun ble fullstendig avslørt og spilt ut. En sak er at hun valgt å mer enn antyde at kampanjen til FOR var betalt av Russland. Å gjøre det uten noen form for dokumentasjon burde egentlig ikke være mulig for en person i hennes posisjon. Og hun ble da også avkledd.
Men det var nesten verre at da debatten faktisk kom, viste hun seg totalt ute av stand til å argumentere. ‘Dette er tull’, kvalifiserer ikke som argument. Søreide er et drivhusprodukt, en person fra politikkens beskyttede oppdrettsanlegg i Norge. Hun er ikke vant med å bli motssagt. Hun er ikke vant med å måtte møte faktabasert argumentasjon. Hun har avansert i gradene uten å måtte møte kvalifisert motstand.»
Om Glenn Diesen sin innsats skriv Steigan:
«Det har lenge pågått en hets mot professor Glenn Diesen i Norge. Den hetsen ble forsøkt gjentatt i NRK Debatten, blant annet av Aage Borchgrevink, men Diesen redegjorde rolig og saklig for sin forskning og sin deltakelse, ikke bare i russiske medier, men også i kinesiske, indiske, spanske, italienske og amerikanske medier.
Jeg ble oppringt av NRK før debatten og de spurte meg om hvorfor vi kunne finne på å publisere artikler av Glenn Diesen på steigan.no.
Mitt svar var at vi er stolte over å kunne publisere en internasjonal kapasitet av Diesens format hos oss, at Disen er anerkjent over hele verden og at det er en tåpelighet og provinsiell dumhet at han ikke er fast gjest i NRK.»
Visse personar prøvde å antyde at russarane stod bak finansieringa til reklamekampanjen, som skal ha kosta 1,4 millionar per veke. Kven som faktisk finansierte T-banekampanjen til FOR, avslørte FOR-leiar Marielle Leraand i same programmet: Norske Atle Berge, som står bak Ølen Betong. Berge sjølv bekrefta i ein e-post til NRK tysdag 20.mai 2025 at han betalte for T-banekampanjen. Til eit slags forsvar for dei som påstod at russarane stod bak kampanjen, har Berge tette band til Russland. Han har støtta ein russisk barneheim for mellom anna foreldrelause barn frå den russisk-okkuperte delen av Ukraina. For tida bur han i Murmansk, der han driv ei bedrift med «om lag 50 tilsette». Ølen Betong, som han ikkje lenger er ein del av, tek avstand frå Berge. Dei nektar òg for at dei har nokon aktivitet i Russland.
Ironisk nok vart Berge i 2016 pågripen av FSB, mistenkt for spionasje – for Noreg.
All mediedekninga har ført til at FOR truleg har fått langt meir merksemd enn sjølve kampanjen ville ha fått. Som Svein Grødaland skriv i artikkelen «For fred og rettferd», publisert 20.mai 2025 i nettavisa Rabulisten:
«Kampanjen har vore effektiv i den forstand at partiet For Fred og Rettferd er blitt lyfta fram i lyset. Nå vil dei fleste ha fått med seg at det fins eit slikt parti. Mi tru er at dette vil lyfta partiet i opp[i]nionen og gjera det til eit realistisk alternativ, ikkje minst fordi Vesten held på å tapa krigen i Ukraina.»