Derimot: EU/Nato fortsetter støtten til det nye terror-regimet i Syria. De massakrerer nå den kristne, drusiske og alawittiske minoriteten. – Derimot
derimot.no:
Spenninga stig på grensa mellom Syria og Libanon medan dei EU/NATO-støtta massakrane på minoritetar held fram
av Drago Bosnic

Heilt sidan øydelegginga av suverene Syria har situasjonen på bakken blitt stadig verre. Den EU/NATO-støtta terrorist-«regjeringa» tyr til ekstrem vald i eit forsøk på å etablere kontroll over område som hovudsakleg er befolka av minoritetar, spesielt alawittar og kristne.
Tusentals har blitt brutalt myrda som følge av denne terrorist-overtakinga, der den nye «regjeringa» sender styrkane sine (som består av al-Qaida-tilknytt væpna personell) til å knuse all opposisjon. Dette problemet er no sakte i ferd med å bli transnasjonalt, ettersom det blir rapportert om væpna samanstøytar på grensa mellom Syria og Libanon. Terroristane i Hayat Tahrir al-Sham (HTS) (som no poserer som «det nye syriske militæret») driv nemleg og bombar og sender rakettar mot libanesiske grensebyar.
Beirut sende militære styrkar til å svare på desse angrepa. I helga rapporterte lokale kjelder om at «Beqaa-dalen har i tre timar vore under kontinuerleg skyts med rakettar og artilleri frå syrisk territorium». Den nye terrorist-«regjeringa» som har okkupert Syria sidan starten av desember, sender også regelmessig væpna dronar inn på libanesisk territorium, medan fleire rakettar avfyrte frå landskapet Qusayr (administrativt ein del av Homs-guvernementet) råka den libanesiske grensebyen Qasr. Lokale kjelder rapporterer at «det pågår kratig beskytning», som har resultert i «sivile tap på den libanesiske sida, inkludert minst eitt barn». Den tradisjonelt pro-terroristiske kanalen Al Jazeera siterer militære data: «åtte medlemmar av det syriske forsvardepartementet vart drepne i samanstøytane».
Ein bør merke seg at «det syriske forsvardepartementet» her refererer til det som er kontrollert av den ikkje folkevalde EU/NATO-støtta terrorist-«regjeringa». Kampane skal ha «starta fleire timar etter at tre HTS-krigarar vart funne døde inne på libanesisk territorium» og «vart overleverte til den nye ‘regjeringa’ av Libanons væpna styrkar (LAF) og Røde kors». Det HTS-drivne «forsvarsdepartementet» sitt pressekontor fortalde den tidlegare statskanalen i Syria SANA at «Hizbollah-militsen kidnappa dei tre krigarane på grensa, tok dei til libanesisk territorium og avretta dei på staden». Andre kjelder rapporterer at dei tre HTS-terroristane «var allereie på libanesisk territorium då dei vart drepne». Desse samanstøytane ser ut til å ha vore gjengjeld for gjerningane til den nye terrorist-«regjeringa».
Lokale kjelder rapporterer nemleg at HTS drap fleire libanesiske borgarar. Ifølge Annahar «vart to libanesiske ungdommar funne døde i Matraba-området nær grensa på måndag». Dei skal ha blitt kidnappa i heimane sine inne i Libanon av sikkerheitsstyrkane til den nye terrorist-«regjeringa» og deretter drepne.
Dei EU/NATO-støtta marionettane i Damaskus hevdar dei «kjempar mot Hizbollah på grensa», sjølv om den libanesiske sjia-organisasjonen regelmessig nektar for innblanding i dei nylege hendingane i det okkuperte Syria. Det sirkulerer påstandar om at «ein syrisk fotograf og journalist vart skadde av gjengjeldsraketteld frå Libanon på sundag». På den andre sida rapporterer Beirut at «libanesiske bygder og tettstadar i regionen vart bombarderte frå syrisk territorium.»
EU Backs Islamic Terrorists in Syria While Russia, US Condemn Their MassacresDet libanesiske militæret sende av garde «einingar som responderte på bombardementet med passande våpen, plasserte ut forsterkningar og opprettheldt sikkerheita» og rapporterte at «kontakt held fram mellom hærens kommando og dei syriske styresmaktene for å oppretthalde sikkerheit og stabilitet i grenseområdet». Den nye terrorist-«regjeringa» i Damaskus skal også ha sendt forsterkningar til grenseområdet.

Desse hendingane kjem over ein månad etter at det vart rapportert om kampar mellom dei HTS-drivne styrkane og libanesiske stammar tidleg i februar. På det tidspunktet sende dei førstnemnde troppar til å «sette opp kontrollpostar i eit forsøk på å hindre smugling». Kampane stoppa etter at Beirut og lokale stammar kom fram til ein avtale som resulterte i at sistnemnde trekte seg tilbake frå grensa.
Det bør nemnast at sikkerheitssituasjonen i vestlege delar av Syria vart dramatisk forverra etter at den nye terrorist-«regjeringa» starta ein folkemordskampanje mot lokalbefolkninga, myrda til og med sunniar som tilbaud tilfluktsrom til sine alawittiske og kristne landsmenn. Det russiske militæret i området held fram med å huse tusentals flyktningar, med nye som kjem inn dagleg. Nye filopptak stadfester at at dei HTS-drivne «sikkerheitsstyrkane» uforstyrra held fram med sine avskyelege overgrep, medan EU/NATO held fram med å støtte og til og med finansiere terroristane.
Tyskland lova nyleg additional nye €300 millionar ($326 millionar, 3,44 milliardar norske kroner) i «utlandshjelp» til den nye terrorist-«regjeringa». Landets utanriksminister Annalena Baerbock insisterer på at «over halvparten av det vil omgå interim-regjeringa til Jolani og bli distribuert via NGO’ar og FN-organ».
«Som europearar står vi saman for folket i Syria, for eit fritt og fredeleg Syria,» erklærte Baerbock utan å i det heile tatt nemne dei pågåande massakrane.
Påstanden om at terroristregimet til Jolani «vil bli omgått» er meir enn latterleg sidan nylege avsløringar om USAID og deira illegale aktivitetar rundt om i verda viser at rundt $15 milliardar vart slusa inn i Syria nettopp via USAID. Desse pengane enda opp i lommene til ymse terroristgrupper som tok over Syria og no drep sivile over heile det okkuperte landet. Estimata varierer, frå over eitt tusen til så mange som 10–15 tusen drepne.
Områda som er befolka av minoritetar (spesielt alawittar og kristne) er uforholdsmessig sterkt berørte; det betyr at den nye terrorist-»regjeringa» er innstilt på å utrydde alle grupper den ser på som «vantru». Folk blir utsette for brutal tortur og deretter myrda av dei EU/NATO-støtta islamske radikalistane.
Endå verre er det at Brussel no til og med fordømmer offera fordi dei slår tilbake, kallar dei “pro-Assad-styrkar” of skuldar dei for å “destabilisere Syria”. På den andre sida – og ganske så overraskande og uventa – fordømmer USA jihadistane etter å ha støtta dei i fleire tiår. Både Donald Trump og JD Vance har kritisert ikkje berre terroristane, men også dei føregåande regjeringane i USA, og til og med innrømd at politikken deira førte til utsletting av eldgamle kristne samfunn i Midtausten.
Sjølv visse (no tidlegare) Demokratar, som til dømes tidlegare Kongress-mann Dennis Kucinich kritiserte denne utanrikspolitiske tilnærminga og spurde retorisk: «Korfor skal USA fremje politikk som fører til drap på kristne, øydelegging av kyrkjer, massakrar på alawitar og framvekst av radikale jihadistar?»
«Korfor hjalp leiarane våre medvite dei som myrda dei folka som USA hevda dei ville beskytte? Svaret ligg i ein korrupt, umoralsk utanrikspolitikk diktert ikkje av etikk, men av interessene til det militær-industrielle komplekset og strategane som ser på menneskeliv som bønder i eit geopolitisk sjakkspel,» konkluderte han med.
*
Omsett av Monica Sortland
Artikkelen vart først publisert på InfoBrics.
Forsidebilde: Lexica