Derimot: Etterforskes nå i EU: Hvordan kom kontrakten mellom legemiddelfirmaene og EU i stand?

Derimot.no

derimot.no:

EU-påtalestyresmakt startar offisiell etterforsking rundt Covid-sprøytebedrageri – media-blackout

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av og henta frå saksyndig.

Den europeiske offentlege påtalestyresmakta (EPPO; European Public Prosecutor’s Office) har starta ei offisiell etterforsking rundt EU sine bedragerske Covid-19-vaksinekjøp, ifølgje ein rapport frå Politico.

EPPO, eit uavhengig EU-organ, er ansvarleg for å etterforske og straffeforfølgje finansbrotsverk, inkludert bedrageri, kvitvasking og korrupsjon. I ei nyleg melding bekrefta organet at dei etterforskar den potensielt korrupte avtalen mellom Pfizer-leiar Albert Bourla og EU-president [Ursula] von der Leyen.

Ursula Gertrud von der Leyen er en tysk lege og politiker, som har sittet 14 år sammenhengende i Angela Merkels regjeringer fra 2005 til 2019. Fra 2013 til 2019 var hun Tysklands forsvarsminister, fra 2009 til 2013 minister for arbeid og sosialvesen og fra 2005 til 2009 familieminister. Wikipedia

Summit.news rapporterer: «Denne eksepsjonelle bekreftinga kjem etter den ekstremt høge offentlege interessa. Ingen vidare detaljar vil bli offentleggjorde på dette nivået,» sa EPPO.

«I april 2021 rapporterte New York Times fyrst om tekstmeldingane sendt mellom von der Leyen og Pfizer-sjef Albert Bourla i forkant av EU sin største kontrakt for anskaffing av vaksine – for opptil 1,8 milliardar dosar BioNTech/Pfizer-vaksinar. Avtalen vil vere verdt opptil 35 milliardar euro dersom den blir nytta fullt ut, ifølgje lekne vaksineprisar.

I januar i år skulda EU sin ombudsmann kommisjonen for feiladministrasjon for å ha unnlate å leite etter tekstmeldingane som svar på ein førespurnad om informasjonsfridom. Utan å bekrefte eksistensen av tekstane, argumenterte kommisjonen i svaret sitt at ‘kortvarige, flyktige dokument ikkje blir oppbevarte’. Den sa at eit søk etter tekstmeldingane ikkje hadde gjeve nokon resultat. – Politico.»

Førre månad publiserte Den europeiske revisjonsretten den nemnde rapporten der den sa at kommisjonen nekta openheit når det gjaldt detaljar om von der Leyen si personlege rolle i Pfizer-kontrakten.

I den fann budsjettvakta ut at EU-sjefen gjekk bak ryggen for å personleg få til ei førebels avtale med Pfizer, i staden for å lite på samla forhandlande team. Medan Kommisjonen har vore opne om andre vaksinekontraktar, har dei nekta å gje retten nokon dokument relatert til dei førebelse kontraktane.

Ifølgje den belgiske sosiale MEP [medlem av Europaparlamentet] Kathleen van Brempt, burde «fleire aspekt» av Pfizer-kontrakten bli etterforska, inkludert «tekstmeldingane mellom Kommisjonspresidenten og det faktum at der ikkje finst dokumentasjon frå dei førebelse forhandlingane i fyrste instans.»

Ifølgje Politico, «er MEP-en leiar for Europaparlamentet sin spesialkomité for Covid-19», og la til at både EU sin ombudsmann og ein medlem av Den europeiske revisjonsretten har stått føre panelet.

«[Covid-19-]komiteen vil følgje denne saka med stor merksemd,» sa van Brempt.

Forsidebilde: Mike Walrath

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 10

Les artikkelen direkte på derimot.no