Derimot: Etter tre runder vaksinering i Japan: Overdødeligheten skjøt fart.

Derimot.no

derimot.no:

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Heilt sidan covid-«vaksinar» vart sleppte laus under Operasjon Warp Speed, har overtalsdødsfall skote i vêret i heile den utvikla verda. Mest betydeleg i seinare tid har Japan, som det gjekk rimeleg bra med gjennom bløffdemien før sprøyta, sett skyhøge ratar av overtalsdødsfall – spesielt etter at dei nyaste covid-«boosterane» vart sleppte laus av Pfizer.

Japan sitt tredje-dose «booster-sprøyte»-program byrja 1.desember 2021, noko som resulterte i at 83% av landet var «fullvaksinert» innan slutten av 2022. Med det kom det høgaste talet overtalsdødsfall som Japan har sett på 11 år.

«Overtalsdødsfall var om lag fire gonger so mykje som tala frå åra 2017, 2018, 2019 og 2021,» rapporterte The Exposé.

Men vent: kor er 2020 i den blandinga? Vi er glade for at du spurde, fordi det viser seg at 2020, før de isokalla «vaksinane» vart sleppte laus, hadde det minste talet overtalsdødsfall samanlikna med alle ni år før det.

Med andre ord hadde 2020, året til bløffdemien – og òg det einaste året av bløffdemien utan sprøyter – det minste talet overtalsdødsfall i Japans nylegaste historie. Overtalsdødsfall byrja å stige etter Donald Trump sleppte laus sprøytene i årsskiftet 2020/2021.

(Relatert: Mesteparten av overtalsdødsfalla som skjedde før «vaksinen» vart forårsaka av nedstengingar og andre tyranniske tiltak påtvinga oss av regjeringa, ikkje «covid».)

«Logisk analyse og Ockhams barberkniv indikerer at mRNA-eksperimentet er assosiert med betydeleg tap av liv,» skreiv Joel Smalley om fenomenet vi no er vitne til.

Dersom covid-«vaksinar» aldri hadde eksistert, kunne millionar av liv ha blitt REDDA frå plutseleg død

Japanarar har tendens til å vere høgst lydige når det gjeld å lystre staten sine ordrar, blir vi fortalt. Då covid-sprøyter vart introduserte og pusha der borte, gjorde japanarar som dei fekk beskjed om utan å mukke.

Japan er et godt fungerende samfunn. Men kanskje lydighet også har sin pris?

Som eit resultat vart fleirtalet i Japan «fullvaksinert» mykje raskare enn andre land – og det vart òg ei av verdas leiande nasjonar når det gjaldt overtalsdødsfall, med høgare ratar enn snittet av plutseleg død.

«… straks etter covid-‘epidemien’ i 2020 hadde Japan den mest betydelege perioden av sesong-mangel på ti år når det gjaldt dødelegheit etter ingen overtalsdødelegheit i det heile,» rapporterte The Exposé.

«Og likevel, i kjølvatnet av masse-mRNA-eksperimentet (for å beskytte dei mot eit virus/sjukdom som dei ikkje trong beskyttelse frå), har dei opplevd høgare sesong-overtal og lågare sesong-mangel heilt sidan den gong.»

Enkelt forklart var 2020 eit fabelaktig år for Japan, som no såg den lågaste «superovertals»-dødelegheita på eit tiår. I 2021 då Operasjon Warp Speed var i full sving, byrja «superovertals»-dødelegheit å stige tilbake til den vanlege rekkjevidda. Innan 2022, året då «boosteren» kom, auka overtalsdødelegheita i Japan til det firedobbelte.

Korleis nokon, basert på offentleg tilgjengelege data, framleis kan argumentere for at desse injeksjonane «reddar liv», er rett og slett forbløffande. Det er meir enn tydeleg basert på fakta at «covid» ikkje drep folk – sprøytene gjer det.

«Før ‘vaksinasjons’-kampanjen hadde sesong-dødelegheita eit snitt på like over 45 000,» avslørte The Exposé. «I 2022 var det berre 17 000, der både 2021 og 2022 var dei einaste to åra sidan 2011 som hadde grunnlinjer høgare enn den lågare delen av rekkjevidd-trenden.»

«Når det gjeld ‘netto-mangel’, har 2022 atter ein gong sett ein betydeleg auke over normale nivå, på rundt fire gonger i seinare år, etter 2020 (året til covid-‘epidemien’) hadde sett ein stoppar for den nylege trenden, og kome inn betydeleg lågare.»

«So, etter eit år med mindre enn normal dødelegheit, målt både etter sesong-overtal og grunnlinje under den påståtte epidemien, opplever Japan no det verste dødelegheitsutfallet i nylege tider.»

Forsidebilde: Tianshu Liu

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 12

Les artikkelen direkte på derimot.no