Derimot: Etter mye press komme innrømmelsene i Tyskland.Det var aldri noen pandemi. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Den tyske regjeringa innrømmer at der aldri var ein pandemi

I Tyskland har den tyske regjeringa visstnok blitt tvinga til å innrømme at sokalla «konspirasjonsteoretikarar» hadde rett om absolutt alt under covid-«pandemien». Dette melder Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice. Han skriv:

«Faktisk, ifølgje data frå den tyske staten, var der ingen pandemi i det heile, berre ein stramt koreografert, militærgrads psykologisk operasjon for å hjernevaske massane til å akseptere ein eksperimentell vaksine med katastrofale konsekvensar.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Desse hemmelege tyske regjeringsdokumenta som vart skaffa via ein informasjonsfridoms-førespurnad og deretter eit søksmål, har blåse loket av covid-løgnene til den globale eliten, og det er livsviktig at so mange som mogleg blir gjort merksame på sanninga. […]

Fleire og fleire over heile verda vaknar opp og ser den globale eliten for kva dei alltid har vore: forderva psykopatar som er galne etter å øydeleggje og dominere.

Tyskland skil seg ikkje ut. Den tyske befolkninga leid av nokre av dei mest brutale nedstengingane og vaksinepåboda i heile Europa, og no reiser folket seg og krev ansvarleggjering.

Paul Schreyer

I spissen av dette står Paul Schreyer og tidsskriftet Multipolar, som sendte inn ein informasjonsfridoms-førespurnad, for deretter å gje seg i kast med eit søksmål mot den tyske regjeringa då dei prøvde kvart eit triks i boka for å halde dei hemmelege dokumenta innelåst og utilgjengelege.

Som professor Steven Homburg forklarer, er resultata forbausande, og representerer total reinvasking for alle som våga å stille spørsmål ved forteljinga rundt nedstengingar og munnbind- og vaksinepåbod.

Dei hemmelege regjeringsdokumenta – alle dei 2000 sidene – avslører at vi hadde rett om nesten alt, og at den sokalla «pandemien» var eit bedrageri.

Desse fakta er fordømmande og beviser at den offisielle forteljinga om covid, som vart pressa fram av regjeringar rundt om i verda og hovudstraumsmedia, er fullstendig falskt.

Noko som gjer tyranniet som vi opplevde under den sokalla pandemien desto hardare å svelgje, som professor Homburg forklarer.

Dataa avslører òg at Sverige, som var det einaste europeiske landet som ikkje hadde munnbind og nedstengingar, gjorde det mykje betre enn Tyskland. Noko som reiser spørsmålet: kva handla dei tyranniske nedstengingane og påboda eigentleg om?

Hva dreide det seg egentlig om?

Professor Hamburg har svaret – og som det viser seg, so hadde vi rett heile tida.

Å bryte ned vaksinenøling ved hjelp av brutale nedstengingar var alltid målet til den globale eliten. Uheldigvis, for dei som ikkje såg gjennom psy-open på den tida, er helsekonsekvensane dystre. Alvorlege spørsmål må stillast.

Uheldigvis for dei vaksinerte, so tek ikkje dei dårlege nyheitene slutt her. Japanske forskarar har knytt covid-vaksinane til fleire hundre sjukdommar.

Samstundes har ein ny studie frå USA funne ut at dei som har blitt vaksinerte og boosta, kan forvente å møte Skaparen langt tidlegare enn dei hadde venta.

Ein urovekkjande ny studie har avslørt at folk som har blitt «fullvaksinert» med covid-mRNA-injeksjonar, kan forvente å misse heile 25 år av forventa levealder.

Forskarar analyserte data frå CDC, Cleveland Clinic Data, og forskringsselskap sine risikovurderingsdata, og avdekte ein urovekkjande trend av fallande forventa levealder blant dei som har fått fleire dosar av mRNA.

Uheldigvis for dei vaksinerte, blir nyheitene endå verre. Den kroniske skaden på helsa av kvar einaste dose av mRNA blir ikkje mindre over tid, som ein trudde tidlegare.

I røynda ser dei negative helseeffektane ut til å halde fram på ubestemt tid.

Ifølgje forskarane avslører CDC sine data om død av alle årsaker, at kvar einaste sprøyte auka dødelegheita med 7% i år 2022, samanlikna med dødelegheita i 2021.

Dette tydar at folk som har fått fem dosar – altso to dosar og tre boosterar – hadde 35% større risiko for å døy i 2022 enn dei hadde i 2021.

Studien, som korrelerer med den tyske informasjonen, bekrefta òg at folk som ikkje er vaksinerte ikkje hadde større risiko for å døy i 2022 som dei hadde i 2021.

Desse tala er fordømmande. Men alle som følgjer med kan sjå at noko er særs gale med dei vaksinerte. Dei døyr som fluger med hjarteproblem og turbokreft over heile verda.

Kritiske medier ville for lengst grepet tak i den skandalen som rulles ut.

Profesjonelle atletar er meint å vere blant dei friskaste personane på planeten, men dei siste få åra har tusenvis kollapsa med plutselege og uforklarlege hjarteproblem. […]

Det er ikkje berre profesjonelle atletar som døyr som fluger. Folk i alle aldrar og yrke, inkludert populære influencerar i sosiale media, blir råka av hjarteproblem og sjeldne kreftformer i hittil usett omfang.

Eit etisk media ville ha sett søkjelys på desse hendingane på framsidene, og brukt ressursane sine på å etterforske kvifor so mange unge og friske menneske lid av hjartestopp, slag og sjeldne kreftformer.

I staden prøver media å normalisere fenomenet, og overtyde dykk om at profesjonelle atletar og unge menneske som har hjarteinfarkt, er heilt innanfor.

Derimot forstår alle med evna til uavhengig tankeverksemd at denne situasjonen er langt frå å vere normal.»

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Forsidebilde: Rene Magritte

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar