Derimot: Etter covidvaksineringen. 20 % overdødelighet i Sør-Afrika. – Derimot

derimot.no:

Vi har sakset denne artikkelen fra nettstedet Saksyndig.

Redaksjonen

Sjokkerande 20% dødsauke i Sør-Afrika er direkte knytt til utrullinga av mRNA-«vaksinar»

Dødelegheitsratane i Sør-Afrika formeleg eksploderte i 2021, tilfeldigvis like etter den aggressive utrullinga av covid-19-«vaksinane». Auken var på 20%, og passar dårleg inn i narrativet frå makta om at injeksjonane var «trygge og effektive». Dette mønsteret er for alarmerande til å avvise som statistisk tilfeldigheit. Medan hovudstraumsmedia prøvde å feie heile greia under teppet, var sanninga å finne i sørafrikansk statistikk – det blir måla eit bilete av dødeleg bedrag. Sanninga er den vi har mistenkt heilt sidan byrjinga på Prosjekt Korona: «krisa» handla aldri om sjølve viruset, men om eit dødeleg medisinsk eksperiment forkledd som frelse.

Lance D Johnson i NewsTarget, systersida til Natural News, skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Sør-Afrika registrerte ein øydeleggjande 19,6% auke i dødsfall i 2021, som fall saman med masse-covid-vaksine-utrullingane. Timinga er fordømmande: dødsfall steig medan vaksinar vart vidt administrerte, spesielt i midten av 2021, like etter Pfizer/J&J sine kampanjetoppar. Uvaksinerte barn under 19 viste ingen slik auke, eit skjerande avvik som plukkar frå kvarandre påstandar om naturlege pandemieffektar.

Dødsfall gjekk i taket i alle aldersgruppene av vaksinerte, bortsett frå barn under 19, som stort sett vart sparte for injeksjonane. Filipinane, USA og Storbritannia såg matchande trendar – hyper-overtalsdødsfall som fall saman med massevaksineringa. I USA 674 954 overtalsdødsfall i 2021 gjekk forbi toppen til 2020, noko som motprova narrativet om ‘dei uvaksinerte sin pandemi’.

Data viser at vaksinasjonsprogramma vart intensiverte i samanfall med dødsfall, noko som utsletta påstandar om tilfeldigheit, men likevel heldt oversynsorgan seg stille. Liknande katastrofale dødstrendar passa saman med vaksineutsendingar over heile verda, noko som reiser raskt veksande mistanke om systemisk giftigheit.

Bevisste utelatingar: Sør-Afrika heldt tilbake register frå tida etter 2021, medan SAMRC unngjekk samanhengen mellom injeksjon og dødelegheit, trass at data formeleg skreik ein årsakssamanheng. Kor er obduksjonsauken? Toksikologi-rapportane? Styresmakter avviser spørsmål, og stemplar bevis som ‘anekdotiske’.

Den unektelege evidensen: Sør-Afrikas dødskatastrofe

South African Medical Research Council (SAMRC) [«Sør-afrikansk råd for medisinsk forsking»] sine register eksponerer ei skrekkeleg tidslinje. Dødsrapportar – skilde i naturlege og unaturlege årsaker – viser at dødstalet i 2021 var ulikt noko anna sett tidlegare, og gjekk langt over auken ein såg i 2020. Trass styresmaktene sine desperate forsøk på å skulde forseinka registrering eller ‘pandemiske etterverknader’, finn ein inga logisk forklaring på timinga. Vaksinar vart rulla ut i februar 2021, likevel gjekk ikkje dødsfall i taket før midt i året – nøyaktig i det [vaksine-]dekninga gjekk i taket.

Pfizer og Johnson & Johnson [J&J] dominerte vaksinasjonsforsøket til Sør-Afrika. Innan september 2023 hadde 33,7% av sørafrikanarar fått minst éin dose. Likevel gjekk dødsfalla i taket, spesielt blant dei injiserte. Dødsfall auka i alle vaksinerte kohortar, medan uvaksinerte barn i sterk grad framleis var upåverka – ein fordømmande skilnad.

Iheltagde røyster: Det globale mønsteret til overtalsdødsfall

Sør-Afrika er langt frå åleine. Filipinane opplevde hyper-overtalsdødsfall perfekt synkronisert med utrullinga av Janssen (J&J)-vaksinane. USA registrerte 674 954 overtalsdødsfall i 2021, noko som gjekk forbi til og med den sokalla pandemitoppen i 2020. Var dette ‘helseomsorg’ eller statsgodkjent blodbad?

Historisk sett har medisinsk skadeverk nådd dette omfanget berre i krigstid – eller under påtvinga farmasøytiske kampanjar. Frå thalidomid sine skjulte deformitetar til løgnene til tobakksindustrien, so ofrar konsern-grådigheit jamleg liv. Likevel lurer farmakratar [sic] seg unna ansvarleggjering med fabrikkerte narrativ.

Overdekkinga held fram

Kvifor har Statistics South Africa halde tilbake dødsregistera frå etter 2021? Kvifor lèt SAMRC vere å knyte injeksjonar til dødelegheit? Svaret er enkelt: å bekrefte noko slikt vil få narrativet til å kollapse. Styresmaktene ignorerer forsettleg eit årsaksforhold, og avviser veksande evidensmengd som ‘tilfeldig’. […]

I mellomtida blir vaksineskadde borgarar forlatne, nekta rettferd, og hånt av media. Uavhengige forskarar (slik som Super Sally) set saman dei undertrykte dataa, og kjempar mot sensur kvart eit steg av vegen. Men stillheit er medskuldigheit.

Verda leid aldri av ‘dei uvaksinerte sin pandemi’. Den leid av ein pandemi av medisinsk bedrageri. Bevisa – skjulte, men ikkje utsletta – provar at vaksineknytte dødsfall var uunngåelege. Regjeringar visste det. Konsern håva inn pengar. Og vi, folket, vart fanga i ein kamp om sanninga, medan enkelte ofra kroppane sine på alteret til denne avfolkingsplanen. Spørsmålet no er ikkje om desse injeksjonane drap millionar – statistikken roper det ut. Spørsmålet er: kven betaler for folkemordet?»

Forsidebilde:
Pille R. Priske

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar