Derimot: Etter covid-vaksinering. 15 venner døde plutselig.

derimot.no:

Mann i Seattle hadde 15 covid-vaksinerte venner som alle «døydde plutseleg»

Steve Kirsch skriv 7.august 2023 på sin Substack om Jay Bonnar, ein 57 år gammal leiande seljar basert i Seattle, som hadde 15 venner som alle «døydde plutseleg». Det alle 15 hadde til felles, var at dei hadde teke covid-19-«vaksinane», i tråd med styresmaktene sine tilrådingar (eller tvang, alt etter korleis ein ser på det). Kirsch presenterer ei rekkje statistiske analysemetodar i artikkelen, som beviser at den einaste måten å forklare Jay si historie på, er at covid-«vaksinane» drep éin person per 1000 som tek dosane. Dette er ifølgje Kirsch statistisk umogleg dersom «vaksinane» er trygge og effektive, slik dei blir påstått å vere.

Jay har eit enormt nettverk som består av 7500 menneske som han jamleg er i direkte kontakt med. Han estimerer at 75% av dei har teke «vaksinen»: 5625 vaksinerte, og 1875 uvaksinerte. Ingen av dei uvaksinerte har døydd brått og uventa. Her er frasen «døydd brått og uventa» meint å tyde tilfelle der folk har vore heilt fine den eine dagen og so døydd utan nokon logisk grunn dagen etter. Dette ekskluderer til dømes bilulykker, der folk riktig nok døyr brått, men ikkje uventa, sidan ulykker jo er vanlege. Det ekskluderer òg folk som døyr av sjukdom, alderdom eller andre venta årsaker. Ein 20-åring som er i toppform den eine dagen, for so å plutseleg døy i søvne, dekkjer kriteria for ein brå, uventa død.

Eit problem med slike historier om folk som døyr brått og uventa, har vore at vitskapen har avvist dei som anekdotar. Eit gammalt slagord seier at «fleirtalet av anekdote er anekdotar, ikkje data». Kirsch meiner likevel at historia om Jay, sjølv om den teknisk sett er ein anekdote, er at alle punkta i den kan verifiserast. Vaksinestatusen hjå alle dei 15 er kjent, og namna deira er òg offentleggjorde, slik at faktasjekkarar kan verifisere påstandane.

Før desse dødsfalla skjedde, hadde Jay aldri før opplevd at nokon i hans enorme nettverk hadde døydd brått og uventa. Sidan «vaksine»-utrullinga byrja, har han altso mist 15 venner, der alle har teke desse injeksjonane. I tillegg døydde fire av dei 15 vennene innan 24 timar etter at dei tok injeksjonen; tre av dei fire var berre 30 år gamle – og berre dette burde få det til å ringje varselsbjøller hjå folk.

Ingen av dei døde hadde covid i forkant av dødsfalla. Alle som vart vaksinerte og døydde, hadde covid minst éin gong. Jay estimerer at hans vaksinerte venner får covid i ein rate som er lett fire gonger høgare enn hans uvaksinerte venner.

Kirsch informerer at Jay er den fyrste personen han nokosinne har snakka med som personleg kjenner meir enn ti menneske som døydde uventa, og som ikkje minst var viljug til å avsløre namna deira slik at tredjeparts faktasjekkarar kunne verifisere informasjonen. Dette gjer etter Kirsch si meining denne historia unik – dette ekskluderer med andre ord sokalla cherry picking, der ein vel ut faktabitar som passar eins eigen konklusjon eller ståstad.

Dersom «vaksinane» verkeleg var trygge og effektive, skulle det ikkje vere mogleg å finne historier slik som den til Jay. Kirsch estimerer at for å finne nokon som Jay om injeksjonane var trygge og effektive, ville han måtte snakke med tolv gonger fleire menneske enn det totale folketalet i verda.

Intervjuet med Jay Bonnar kan sjåast her. Namna på dei døde vennene kan lesast i originalartikkelen under undertittelen Jay’s friends who have died.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...