Derimot: Et nytt og kraftfullt våpen. Vær-manipulering. – Derimot
derimot.no:
Ustabilt klima over heile verda: er det slik at USAs militær «eig veret»? Involverer den moderne krigføringa å gjere veret til eit våpen?
Det er altfor mange tilfeldigheiter og sjølvmotseiingar.
Global Research, October 08, 2024
Global Research 12 September 2017
Denne artikkelen vart først publisert i september 2017. Den er til stor del stadfesta av offisielle dokument (FN, EU, US Air Force og reportasjar i mainstream-media, inkludert CBC og History Channel)
Forfattarens introduksjon og oppdatering
FNs klimatoppmøte (COP28) gjekk av stabelen den 30. november 2023 i Dubai, Dei foreinte arabiske emirata, og meir enn 150 stats- og regjeringssjefar deltok. Blant dei 65 000 deltakarane var der representantar for interesseorganisasjonar, forretningslivet, internasjonale organisasjonar ig milliardærfilantropar Sjå avgjerdene dei kom fram til her: COP 28 decisions.
COP28 gav si tilslutning til netto null CO2 (CO2-Net Zero). Det falske narrativet om å redusere utslepp av drivhusgassar set scena for utløysing av økonomisk og sosialt kaos.
Bill Gates har, på si side, generøst kome til familiegardsbruk si redning ved å kjøpe ut bruk som har gått konkurs over heile Amerika. Ifølge globalistane triggar matproduksjon «den globale oppvarminga».
COP28 utheva også «klimakrisa på eit tidspunkt då dei globale temperaturane når nye høgder (2023) og ekstreme ver-hendingar påverkar folk over heile verda».
.
COP29 i november 2024 skal haldast berre ei veke etter presidentvalet i USA, i Baku, Aserbajdsjan, Det kaspiske havs ustabile geopolitiske knutepunkt.
Aserbajdsjan – som ironisk nok er ein storprodusent av olje – har forplikta seg til «grøn energi» (CO2 Net Zero), og det vil kreve ein drastisk reduksjon av drivhusgassutsleppet. Høyrest absurd ut.
ENMOD-teknikkar
Environmental modification techniques, teknikkar for modifisering av miljøet (ver-fiksing), som er emnet for denne artikkelen, har dei nøye sørga for å halde utanfor debatten om klimaendringar. Historia om ENMOD-teknikkar er lang og kompleks:
«Den US-amerikanske matematikaren John von Neumann, starta saman med USAs forsvarsdepartement forskinga si på ver-modifisering seint på 1940-talet, då Den kalde krigen var på sitt høgaste, og han føresåg «former for klimakrig som hittil har vore utenkeleg». Under Vietnam-krigen vart det brukt teknikkar for sky-såing (cloud-seeding, som starta i 1967 under «Skipper’n-prosjektet», Project Popeye), og føremålet var å forlenge monsun-regnsesongen og blokkere fiendens supply-ruter langs Ho Chi Minh Trail.
USAs militær har utvikla avanserte metodar for å selektivt endre ver-mønster. Teknologien, som først vart utvikla på 1990-talet med programmet High-frequency Active Auroral Research Program (HAARP), var ei forlenging av Strategic Defense Initiative – ‘Star Wars’ (Sjå artikkelen min under).
Orkan-krisa i sør-aust-USA
For krisa no: kan det ha blitt brukt ENMOD-metodar til å kontrollere orkanane sin intensitet?
Orkanen Milton var Kategori 1, og innan 24 timar vart den omkategorisert til Kategori 5. Den mest katastrofale orkanen i Florida i nyare tid? Intens orkan. Det er svært sjeldan.
Florida sende ut katastrofe-varsel for at folk skulle evakuere heimane sine. Sjå video: Orkanen Milton blir kategori 5
Greg Reese leverer bevis for skysåingsmetodar til å kontrollere orkanar, frå 1950-talet av.
Sjå kva visepresidentf Lyndon B Johnson sa i 1962: «Den som kontrollerer veret, kjem til å kontrollere verda».
Dagens verkontroll inneber bruk av avansert elektromagnetisk teknologi (sjå analysen min under).


Click here to watch Greg Reese’s video
Korleis styre orkanar, overfløyme hus og stele litium
Click here to watch Greese’s video
ENMOD-metodar brukte som våpen
Medan metodar for modifisering av miljøet (ENMOD) har vore tilgjengelege for USAs militær i over eit halvt hundreår, har vi ikkje noko 100% sikkert bevis for at desse metodane har blitt brukte til å trigge ekstremver.
Hetebølgene sommaren 2022, saman med katastrofale brannar i vest-Europa, nord-Afrika, California, India, Pakistan og Yangtze-dalen i Kina, har på same tid påverka liva til millionar av menneske verda rundt, med katastrofale sosiale og økonomiske konsekvensar.
“Yangtze-elvedeltaet har ikkje opplevd så høge temperaturar sidan ein starta målingsregistreringa, og så høge temperaturar som dette kjem saman med tørke».
Ifølge rapportar frå august 2022, har den daglege vasskraftsproduksjonen i Yangtze falle 51%, og resultert i at ein har suspendert produksjon i den mega-industrielle Chongqing-regionen som har ei befolkning på over 30 millionar.
I mai 2022 var Pakistan blant dei topp 23 landa i verda som opplevde alvorleg tørke og ørkenisering. Eit par månadar seinare, under monsun-perioden, opplevde Indus-dalen den verste flaumen i manns minne. Regnmengda i provinsane Sindh og Baluchistan «var minst sju gongar over normalmengda».
“Menneskeskapt klimaendring” vart utropt til årsaka til flaumane i Pakistan som «drap 1508 menneske, overfløymde millionar mål land og påverka 33 millionar menneske.Meir enn ein halv million har blitt heimlause».
C02? Kva er årsaka til ekstremveret?
Sjølv om det ikkje er konkrete bevis for at hetebølgene og flaumane i 2022 var forårsaka av ENMOD-teknologi, må ein like fullt ta omsyn til og analysere spørsmålet om klimamanipulasjon.
Militære US-amerikanske dokument, så vel som vitskapelege rapportar, stadfester at miljømodifiserande teknikkar var fullt operasjonelle på midten av 1990-talet.
På den andre sida er det ikkje konkret bevist, slik MSM (som rutinemessig siterer autoritative klimavitskapsfolk) påstår, at desse ekstreme verfenomena er resultat av såkalte «menneskeskapte utslepp av drivhusgassar».
Ein bør forstå at desse utsleppa av drivhusgassar – som seiest utløyse «global oppvarming» – blir brukt som påskot til og rettferdiggjering av drastiske og unødvendige tiltak som bidrar til ei total destabilisering av landbruket. Desse tiltaka har blitt innførte simultant i mange land. Dei blir oppretthalde som del av ein «klimakonsensus» som også inneber å forby bruken av fossilt brensel.
Den underliggande prosedyren er som følger: “klima-agendaen” (dvs. global oppvarming) går ut på å sette restriksjonar på bruken av gjødsel, med sikte på å «kutte nitrogen-utslepp» (til dømes i Nederland og vest-Canada) . “til dess det er umogleg å halde fram som bonde». Dette fører igjen til utbreidd matmangel og svolt.
Det er altfor mange tilfeldigheiter og motsetnadar. Årsakene til ekstremver må adresserast. Mykje av informasjonen om bruken av ENMOD og innverknaden det har hatt, er hemmelegstempla.
Saka skulle ha vore gjenstand for ei mellomstatleg gransking (under UNGAs auspisiar) ført i samsvar med vilkåra i den historiskeinternasjonale Konvensjonen frå 1976, ratifisert av FNs generalforsamling (UNGA), om «forbod mot militær eller annan fiendtleg bruk av miljømodifiseringsmetodar» som har utbreidde, langvarige eller alvorlege effektar. (Sjå AP, 18. mai 1977). Både USA og Sovjetunionen skreiv under på konvensjonen :
….Kvar stat som er ein part i denne Konvensjonen forpliktar seg til å ikkje engasjere seg i militær … bruk av miljømodifiseringsmetodar som har utbreidde, langvarige eller alvorlege effektar, som eit middel til å øydelegge, skade eller såre ein annan partstat. (Convention on the Prohibition of Military or Any Other Hostile Use of Environmental Modification Techniques, United Nations, Geneva, May 18, 1977. Tredde i kraft den 5. oktober 1978, sjå den fulle teksten i vedlegget)


For å lese FN-konvensjonens fulle tekst, klikk her
Det er verdt å merke seg at EU-parlamentets Komité for utanrikssaker, sikkerheit og forsvarspolitikk i februar 1998 heldt ei offentleg høyring i Brussel om HAARP-programmet.(17) Komitéens forslag til resolusjon (Motion for Resolution) levert til EU-parlamentet:
“… ser på HAARP…, på grunn av sin vidtrekkande innverknad på miljøet, som eit globalt problem, og ber om at dei juridiske, økologiske og etiske implikasjonane skal granskast av eit internasjonalt, uavhengig organ [… Komiéen] beklagar at USAs administrasjon gjentatte gongar har avvist … å levere bevis til den offentlege høyringa … om miljømessige og offentlege risikomoment [ved] HAARP-programmet.”
Verkrig
Miljømodifiseringsmetodar (ENMOD) er instrument for «ver-krig». Dei er ein integrert del av USAs militære arsenal.
“Ver-modifisering vil bli ein del av heimleg og internasjonal sikkerheit og kan gjerast unilateralt… Det kan brukast offensivt eller defensivt eller til og med til avskrekking. Evna til å skape nedbør, tåke og stormar på jorda, eller til å modifisere veret i rommet … og produksjonen av kunstig ver er delar av eit integrert sett [militær-]teknologi.” (Studie bestilt av US Air Force: Weather as a Force Multiplier, Owning the Weather in 2025, august 1996)
Ein bør merke seg at med nedstenginga av HAARP-programmet i Alaska i 2014, har Pentagon sitt Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA) vore aktivt involvert i ENMOD-forskning, det meste av den hemmelegstempla. I ein artikkel i Science i 2009 står det:
“Ei offisiell rådgivande gruppe til Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA) innkallar [mars 2009] til eit ope møte … for å diskutere geoengineering, … DARPA er det seinaste i ei rekke offisielle vitskapsfinansierande byrå eller toppvitskapelege grupper som utforskar den kontroversielle idéen.“
I forhold til dagens kontekst, inkludert krigen i Ukraina, har Pentagon formulert konturane av ein global militær agenda, ein “lang krig”, ein krig utan grenser. “Ver-krig” er ein del av eit militært arsenal som har eit mangfald av ulike konvensjonelle og strategiske våpensystem. ENMOD er eit potensielt masseøydeleggingsvåpen (WMD), med kapasitet til å destabilisere ein fiende sitt økosystem, øydelegge landbruket og deaktivere kommunikasjonsnettverk.
Vermanipulasjon er det overlegne våpenet til å kome fienden i forkjøpet. Det kan rettast mot fiendeland, eller til og med mot “venlege nasjonar”,utan at dei ein gong veit om det.
Manipulasjonen av klima kan brukast til å destabilisere ein fiendes økonomi, økosystem og jordbruk. ENMOD-metodar kan underminere ein heil nasjonal økonomi, sende millionar ut i fattigdom og “drepe ein nasjon” utan utplassering av troppar og militært utstyr.
Artikkelen under fokuserer på historia og analysen av ENMOD.
Den inneheld også direkte sitat frå eit offentleg tilgjengeleg dokument frå USAs luftvåpen 1996, som stadfester planen til Pentagon om å “våpenifisere veret“.
Michel Chossudovsky, 16. september, 2022, 8. oktober, 2024
Er det slik at USAs militær “eig veret”? Gjer dei veret til eit våpen i si moderne krigføring?
Av Michel Chossudovsky
Global Research, september 2017
Introduksjon
Den US-amerikanske matematikaren John von Neumann starta, saman med USAs forsvarsdepartement, forskinga si på ver-modifisering seint på 1940-talet, då Den kalde krigen var på sitt høgaste, og han føresåg «former for klimakrig som hittil har vore utenkeleg». Under Vietnam-krigen vart det brukt teknikkar for sky-såing (cloud-seeding, som starta i 1967 under «Skipper’n-prosjektet», Project Popeye), og føremålet var å forlenge monsunregnsesongen og blokkere fiendens forsyningslinjer langs Ho Chi Minh Trail.
USAs militær har utvikla avanserte metodar for å selektivt endre ver-mønster. Teknologien, som først vart utvikla på 1990-talet med programmet High-frequency Active Auroral Research Program (HAARP), var ei forlenging av Strategic Defense Initiative – ‘Star Wars’ US. Frå eit militært standpunkt er HAARP –som offisielt vart avskaffa i 2014 – eit masseøydeleggingsvåpen som opererer frå den ytre atmosfæren og er kapabel til å destabilisere jordbruks- og økologiske system over heile verda.
Offisielt har HAARP-programmet blitt stengd ned i Alaska. Vermodifiseringsteknologien, innhylla i løyndom, eksisterer likevel framleis. HAARP-dokument stadfestar at teknologien var fullt operasjonell på midten av 1990-talet. (For fleire detaljar, sjå Michel Chossudovskys artikkel Weather Warfare publisert i the Ecologist i 2008. (som oppsummerer tidlegare HAARP-forskning)
Det bør understrekast at sjølv om USAs militær stadfester at verkrigføring er fullt operativt, finst det ikkje dokumenterte bevis for at det er blitt brukt militært mot fiendar av USA. Emnet er tabu blant miljøanalytikarar. Ingen djubdeundersøkingar har blitt gjort for å avsløre dei operasjonelle dimensjonane ved verkrigføring.
Effektane av ENMOD-teknikkar til militært bruk vart dokumentert av CBC TV på midten av 1990-talet:
CBC TV-reportasjen anerkjende at HAARP-fasiliteten i Alaska, leidd av det US-amerikanske luftforsvaret US Air Force, hadde kapasitet til å trigge orkanar, jordskjelv, flaum og tørke.
“Det er ikkje berre konspirasjonsteoretikarar som uroar seg over HAARP. I januar 1999 kalla Den europeiske unionen prosjektet for eit globalt problem og vedtok ein resolusjon som bad om meir informasjon om helse- og miljømessig risiko. Trass i bekymringa, insisterer HAARP-tenestemenn på at prosjektet ikkje er meir vonsinna enn eit radioforskninganlegg.”
“Elektromagnetske våpen … har eit usynleg slagkraft som er hundretals gongar kraftigare enn den elektriske straumen i eit lyn. Eitt kan skyte ned fiendens missil frå lufta, eit anna kan blinde soldatar på slagmarka, og eit anna igjen kan kontrollere ei uregjerleg folkemengd ved å brenne det ytre laget av huden deira. Viss det blir detonert over ein storby, kan eit elektromagnetsk våpen øydelegge all elektronikk på få sekund. Alle desse våpena brukar fokusert retta, dirigert, energi til å skape ein kraftig elektromagnetisk puls.”
Dirigert energi er ein så kraftig teknologi at den kan brukast til å varme opp ionosfæren for å gjere veret til eit krigsvåpen. Førestill deg å bruke ein flaum til å øydelegge ein by eller tornadoar til å desimere ein møtande hær i ørkenen. Militæret har brukt kolossalt mykje tid på vermodifisering som eit konsept for ulike stridsmiljø. Viss ein elektromagnetisk puls gjekk av over ein by, ville i prinsippet alle dei elektroniske tinga i heimen din blefre og slokke, og dei ville vere permanent øydelagde.” (CBC, 1996)
CBCs 1996 TV-reportasje om HAARP-prosjektet
Den usynlege maskina: elektronisk krigføring – History Channel
Ver som kan mangedoble styrke: å eige veret
I denne artikkelen vil vi vise fram sentrale sitat frå eit dokument frå US Air Force frå 1996 som analyserer vermodifiseringsmetodar til militært bruk.
Det underliggande emnet frå eit militært synspunkt er «å eige veret».
På den tida studien vart utført, i 1996, var HAARP-programmet allereie fullt operasjonelt, slik CBC-dokumentaren dokumenterte.
Føremålet med rapporten (i det offentlege domenet) blir skildra slik:
«I denne rapporten viser vi at passande bruk av ver-modifikasjon kan gi overtak på slagmarka i ein grad ein aldri før har kunna tenkt seg. I framtida vil slike operasjonar auke overlegenheita i lufta og i rommet og gi nye alternativ for utforming og medvit om slagmarka, der dei ventar på at vi skal få det heile til å henge saman. I 2025 kan vi «eige veret».» (Bestilt av US Air Force, dokument AF 2025 Final Report,(offentleg dokument)


Ver-modifikasjon, ifølge US Air Force’ dokument AF 2025 Final Report, (den originale linken er ikkje lenger tilgjengeleg, klikk her)
“tilbyr krigaren eit breitt spenn moglege alternativ til å nedkjempe eller undertvinge ein motstandar”, evner, seier rapporten, som omfattar å utløyse flaum, orkanar, tørke og jordskjelv:
«Vermodifikasjon vil blie ein del av den heimlege og internasjonale sikkerheita, og kan bli gjort unilateralt … Det kan brukast offensivt og defensivt og til og med til avskrekkingsføremål. Evna til å generere nedbør, tåke og stormar på jorda eller å modifisere romveret … og produksjonen av artifisielt ver er alt ihop delar av eit integrert sett [militære] teknologiar».
Sjå heile rapporten som USAs luftvåpen bestilte
….«Frå å forbetre venlege operasjonar, eller forstyrre fienden sine, via små-skala ihopsying av naturlege vermønster, til komplett dominans over global kommunikasjon og rom-kontroll («counterspace control»), tilbyr ver-modifikasjon den som utkjempar ein krig ein brei skala av valmoglegheiter til å bekjempe eller tvinge ein motstandar. Nokre av evnene eit vermodifiseringssystem kan utstyre den krigande sjefskommandanten (CINC) med, er lista opp i tabell 1. (mi utheving)
Korfor vil vi tukle med veret? er undertittelen på kapittel 2 av rapporten.
Ifølge general Gordon Sullivan, tidlegare stabssjef i hæren: “Når vi gjer eit teknologisprang inn i det 21. hundreåret, vil vi greie å sjå fienden dag og natt, i allslags ver – og gå etter han utan nåde.” Global, presis, sann-tids, robust, systematisk ver-modifikasjonskapasitet kan forsyne ein krigførande sjefskommandant med ein kraftig styrkemultiplikator til å oppnå militære mål. Sidan ver vil vere felles for alle moglege framtider, vil ein vermodifikasjonskapasitet vere universelt brukbart og ha nytteverdi over heile konfliktspekteret. Kapasiteten til å påverke veret sjølv i liten skala, kan endre det frå ein styrkereduserar til ein styrkeforsterkar.”
Under overskrifta Kva meiner vi med “Ver-modifikasjon”? slår rapporten fast:
“Omgrepet ‘ver-modifikasjon’ kan ha ein negativ klang for mange folk, både sivile og militære. Det er såleis viktig å definere omfanget som skal vurderast i dette dokumentet, slik at potensielle kritikarar eller tilhengarar av vidare forskning har eit felles grunnlag for diskusjonen.
I breiaste forstand kan ver-modifikasjon delast opp i to hovudkategoriar: undertrykking og intensivering av ver-mønster. I ekstreme tilfelle kan det involvere skaping av heilt nye vermønster, å dempe eller kontrollere alvorlege stormar, eller til og med endre det globale klimaet i vidtrekkande og/eller langvarig skala. I dei mildaste og minst kontroversielle tilfella kan det bestå i å indusere eller undertrykke nedbør, skyer eller tåke i kortare periodar over eit mindre område. Andre låg-intensitets bruksområde kan inkludere endring og/eller bruk av det nære rommet som eit medium til å betre kommunikasjon, forstyrre aktive eller passive sensorar eller til andre føremål.” (mi utheving)
Triggeringa av stormar:
“Ver-modifikasjonsteknologiar kan involvere teknikkar som vil auke latent varmefrigjering i atmosfæren, gi ekstra vassdamp til utvikling av sky-celler, og gi ekstra oppvarming av overflata og den lågare atmosfæren for å auke den atmosfæriske ustabiliteten.
Kritisk viktig for at det skal lykkast å utløyse ei storm-celle, er dei pre-eksisterande atmosfæriske forholda lokalt og regionalt. Atmosfæren må på førehand vere med forbehold ustabil, og den stor-skala dynamikken må støtte vertikal skyutvikling. Fokuset for ver-modifikasjonsinnsatsen ville vere å levere dei ekstra ‘forholda’ som ville gjere atmosfære ustabil nok til å generere sky- og til sist storm-celleutvikling. Retninga til stormceller når dei først er utvikla eller forsterka, er avhengig av ikkje berre mesoskaladynamikken i stormen, men også dei regionale og synoptiske (globale) atmosfæriske vindstraumane i området som på noverande tidspunkt ikkje er under menneskeleg kontroll.” (side 19)
Er USAs etterretningsbyrå involverte i klima-tukling?
Tibake i juli 2013 rapporterte MSN-nyheitene at CIA var involvert i å hjelpe til med å finansiere eit prosjekt av National Academy of Sciences (NAS) som fokuserte på geo-engineering og klima-manipulasjon. Rapporten ikkje berre anerkjende eksistensen til desse teknologiane, men den stadfesta og at USAs etterretning rutinemessig har vore involvert i å ta tak i spørsmålet om klimamanipulasjon.
«Målet med den CIA-støtta NAS-studien er å gjennomføre ei ‘teknisk evaluering av eit avgrensa antal føreslåtte geoengineeringsteknikkar,” står det på nettsidene til NAS. Vitskapsfolk vil prøve å avgjere kva for geoengineeringsteknikkar som lar seg gjennomføre og prøve å evaluere konsekvensar og risiko for kvar av dei (inkludert “omsynet til den nasjonale sikkerheita”).’ (Sjå Slate, juli 2013)
CIA hjelper til med å finansiere forskninga fordi NAS også planlegg å evaluere “omsynet til den nasjonale sikkerheita” (som kan vere) relatert til geoengineering-teknologi i bruk ein eller annan stad i verda,” sa Kearney.
I ein e-post fortalde Christopher White, talsmann for CIA sitt kontor for offentlege saker, til MSN: ‘I saker som klimaskifte arbeider byrået med vitskapsfolk for å betre forstå fenomenet og korleis det verkar inn på den nasjonale sikkerheita.’» (Slate)
For fleire detaljar, sjå 2015-reportasjen til The Independent med tittelen: Spy agencies could be funding geo-engineering research in pursuit of weaponising the weather, scientists claims
Redaksjonen har forkortet noe denne artikkelen.
Forsidebilde er KI-generert