Derimot.no

Derimot: Er vestlige ledere produsert på samlebånd? Hvorfor gjør alle de samme feilene?

derimot.no:

Kva er det som feilar Vestens politikarklasse?

GAIUS BALTAR

23. SEP. 2023

Det er fleire grunnar til at den ikkje-Vestlege verda i aukande grad bryt banda med Vesten. Ein av dei kan beskrivast som «diplomatiets samanbrot» i Vesten, noko som meir nøyaktig refererer til det nesten totale fråvêret av diplomati frå Vestens leiarar og diplomatane deira. Dette starta ikkje med krigen i Ukraina, men omtrent eit år tidlegare. Noko skjedde rett etter valet av Joe Biden, som ser ut til å ha skrudd av det vestlege diplomatigenet, så å seie, og skrudd på trusselsgenet i staden. Ikke det at det var mykje diplomati før, men ting kan alltid bli verre – og det har dei blitt.

«Diplomatisamanbrot» dekker ikkje heilt kor ille ting har blitt. Åtferda til USAs og Europas leiarar har blitt stadig meir usamanhengande, og alt som minner om fornufthar blitt forlate. Det er umogleg å høyre på vestlege leiarar utan å kome til den konklusjonen at noko er svært gale. For det første ser det ut til at dei har skapt ei opp-ned fantasiverd der Freudiansk projeksjon rår og motstandarar blir demoniserte. Xi Jinping og Vladimir Putin er begge sjølve Djevelen, Russland er framleis på veg ned, og Vesten er framleis allmektig – samt toppen av rettferd, fridom, demokrati og kultur. For det andre ser dei ikkje ut til å kunne opne munnen offentleg utan å krenke den ikkje-vestlege verda. Joe Biden, Annalena Baerbock, Ursula von der Leyen, Josep Borrell og Emmanuel Macron har i fleire månadar knapt blitt sett offentleg utan at dei har krenka nokon. Borrels kommentar om at Europa er hagen og resten av verda ein jungel er høgdepunktet av dette – for vi veit alle kva junglar blir assosiert med.

En jungel er alles kamp mot alle og den sterkestes rett.

Presset aukar på dei vestlege politiske elitane, og dei kan ikkje lenger halde lokk på kjenslene og dei verkelege meiningane sine. Dei kan ikkje lenger skjule hatet sitt mot dei som gjer motstand, eller forakten sin for dei. Dobbeltenkinga deira, dobbeltstandardane og den ekstreme kjensla av å ha krav på noko, som rettferdiggjer kva som helst av åtferd frå deira side medan dei fordømmer det frå motstandarane sine, er no ope for alle å sjå. Alt dette, i tillegg til deira totale mangel på kompetanse og at dei fullstendig har forlate røynda, er svært symptomatisk for ei viss type menneske. Dette er ikkje tilfeldig, som vi skal sjå.

Kultivering av gartnarane

Det er ingen løyndom at Vestens politiske klasse gjennomgår ein utvelgingsprosess før dei blir sleppte laus på folka sine. Fleire program er sette i verk for å rekruttere og indoktrinere lovande unge (og ikkje så unge) personar til leiande stillingar i regjeringar og næringsliv. Nokre av desse programma er skuggefulle og opererer på eit personleg nivå, medan andre har ein «utforskande funksjon» og er opne – som WEF sitt «unge globale leiarar»-program. Eit betydeleg antal høgtståande personar er involverte i denne rekrutteringskampanjen, inkludert SPECTRE-agentar som Klaus Schwab og George Soros. Eit nyleg døme er Nikol Pashinyan, som har blitt omforma til ein sjølvmordsdrone og retta mot det armenske folket.

Nikol Pashinyan

Etter utvelging og ideologisk styrking får desse leiarane hjelp til å infiltrere regjeringar og organisasjonar rundt om i verda – noko Klaus Schwab har skrytt offentleg av. Dersom dei lykkast, blir dei beskytta og hjelpte ved kvar sving, og får deretter ein godt betalt jobb i ein internasjonal organisasjon som løn for tenesta og lojaliteten sin. Hjelpa og beskyttelsen blir vanlegvis utført av regjeringar eller overnasjonale organisasjonar, inkludert EU-organisasjonar, og ulike etterretningstenester, som har ei handhevande rolle. Vik du bort frå linja, vil det bli ein skandale. Er du leiar for eit land, vil det bli regimeskifte. Denne prosessen er meint å både sikre lojalitet frå dei rekrutterte og halde dei andre i taumane.

Denne handhevingsprosessen har vore så effektiv at den har klart å få nesten heile den politiske eliten i Vesten til å bøye seg, særleg dei som ikkje vart rekrutterte. Alle går som på nålar, og ingen vågar utfordre politikken til dei SPECTRE-utnemnde, elles vil det få konsekvensar. Dei SPECTRE-kontrollerte media vil bli sleppte laus på deg, og du kan til og med bli bytta ut. Det har vore fleire regimeskifte i Vesten dei siste åra som har vore ein del av denne handhevingsprosessen, til dømes i Hellas, Italia, Austerrike, og til og med på Island av alle stadar – og kanskje til og med i USA. Få i maktposisjon vågar seie noko, sjølv om dei lokale SPECTRE-utnemnde øydelegg sin eigen nasjon. Det er så effektivt.

Spesialistar på rekruttering vil fortelle deg at du må finne rett person for kvar jobb. Personlegdommen må passe til oppgåva som skal utførast, og difor er ein effektiv utvelgingsprosess naudsynt. Opplæring kan òg vere nødvendig – for å sikre korrekte metodar, motivasjon, og slike ting. Vår vestlege politiske elite går gjennom denne prosessen som kven som helst av andre jobbsøkarar. Dei blir utvalde basert på oppgåva dei er tildelt, og dei får opplæring som, skal vi seie, påverkar sjølvkjensla deira litt. Desse utvelgings- og opplæringsprosessane, i tillegg til oppgåva dei får, forklarer kvifor vestlege leiarar er som dei er – og kvifor dei alle opptrer på same måte, som om dei vart laga på ein fabrikk.

Samlebånd-produserte ledere

Oppgåva

Å beskrive oppgåva den vestlege politiske eliten har fått, ville vore ein omfattande prosess – altfor omfattande for denne artikkelen. Likevel er det ikkje akkurat einl øyndom, sidan det har vore diskutert offentleg mange gongar av høgtståande medlemmar i SPECTRE, som Klaus Schwab og Yuval Harari – som er SPECTRE sine hovudideologar – ein slags moderne Alfred Rosenberg’ar. Høyr på når dei snakkar, og du vil forstå.

Dersom vi skulle beskrive oppgåva i enkle ordelag, kunne den liknast med tvungen hjernevasking av eit individ for å heilt omforme han. Dette blir gjort ved å øydelegge den «gamle» personen fullstendig, for så å bygge opp og forme dei knuste restane til det du vil. Metoden som blir brukt, blir kalla «fragmentering av sjølvet», der personens sjølv-identitet og vilje blir øydelagt gjennom ekstremt press og mishandling, til han blir heilt avhengig av overgriparen sin. Då kan omforminga byrje.

Nøyaktig denne prosessen blir no gjennomført i vestlege samfunn. Den involverer full dekonstruksjon og omforming av kvart aspekt av samfunnet, inkludert folket. Frå dei knuste restane kan ein forme ein utopisk teknogulag, der individet eksisterer berre som ein del av ein evig hage styrt av SPECTRE-gartnarar – eller som ein del av ei maskin, bokstaveleg talt.

Dette er oppgåva vår politiske elite har fått. Det er i hovudsak riving og destruksjon. Det er brutalt og blodig – og det krev ein viss type menneske.

Rette person til jobben

Ein kan ikkje berre tilsette kven som helst til å utføre eit kulturelt og fysisk folkemord, og det finst ikkje eigentleg mange alternativ. Ein kunne leite etter psykopatar, men dei kan ein få lojalitetsproblem med, og merkverdig nok har nokre av dei faktisk prinsipp. Det ein treng er ein person som likar, eller til og med kjenner behov for, å tvinge viljen sin på andre og blande seg inn i liva deira. Ein treng ein person som har urokkeleg iver for saka og er ute av stand til å innrømme nederlag og gi seg. Ein treng ein person som kan rasjonalisere alle handlingar utan å bli påverka av dei. Ein treng ein person som kan hjernevaskast og kontrollerast som ei dressert ape. Ein treng ein person som kan øydelegge sin eigen heim utan å skjønne kva han held på med. Ein treng ein narsissist.

Narsissistisk personlighetsforstyrrelse kjennetegnes av stort behov for oppmerksomhet og beundring, overdreven oppfatning av egen betydning, arroganse, utnyttelse av andre og lite empati. (Fra Store Norske.)

Med tanke på kva oppgåva er, finst det inga anna løysing. Ingen andre kan stolast på til å utføre det naudsynte arbeidet. Dette forklarer kvifor så mange av dei politiske elitane våre er så like. Dei har ikkje berre liknande personlegdom, men dei nyttar også liknande rasjonalisering og åtferd. Narsissistar er svært standardiserte menneske. Men kva er narsissistar og kvifor er dei ideelle til rivinga av vestlege samfunn?

Ein narsissist er ein person med så lågt sjølvmedvit at han ikkje kan utvikle ei sjølvidentitet utan hjelp frå andre – og som har blitt fortalt at han er betre og/eller smartere enn andre. På toppen av det er han høgt emosjonelt trengande og avhengig av andre. Han utviklar ein sjølvmodell som er oppblåst, urealistisk og i stadig konflikt med røynda. Han må kontrollere omgivnadane, inkludert andre, for å halde denne modellen intakt. Vellykka kontroll gir ein emosjonell rus, medan ei utfordring kan føre til ein emosjonell krasj.

Narsissisten kan og må greie å rasjonalisere kva slags handling som helst, for elles ville han være ein dårleg person på grunn av det han gjer mot andre. Denne stadige rasjonaliseringa skapar forakt for andre, medan utfordringane skapar hat.

Fordi narsissisten sitt sjølv er basert på ei løgn frå starten av, kan ein fôre han med kva trussystem som helst, så lenge det styrker løgna. Alle «noverande saker» i det vestlege samfunnet, inkludert klimaendringar, sosial rettferd, positiv særbehandling (kvotering), rettar for LHBT+-personar, Ukraina og rein energi, er nøye utforma trus- eller tankesystem utvikla for å hjernevaske narsissistar til å gjere visse ting. Desse visse tinga involverer alltid øydelegging av noko. Våre handplukka politiske elitar er målet for denne hjernevasken – saman med ein del av befolkninga som har tilstrekkeleg med narsissistiske personlegdomstrekk til å lett bli hjernevaska – kanskje så mange som ein tredjedel av den vestlege befolkninga i desse dagar.

Når narsissisten har blitt hjernevaska med desse trus- eller tankesystema, har dei blitt internaliserte. Dei har blitt ein del av sjølvet og må fremjast og forsvarast. Til dette kan alle handlingar og løgner rettferdiggjerast. Alle utfordringar vil vere personlege og må knusast. Å gi opp trua kan ikkje tillatast fordi det ville skade sjølvet, noko som fører til emosjonell uro og angst. Narsissisten kan difor ikkje vende om når han først har forplikta seg. Han har ingen revers.

Hjernevaskingsprosessen

Prosessen med utvelging av våre politiske elitar, involverer identifisering av slike folk som dette og å deretter vidareutvikle dei. Forum som inviterer breitt, inkludert Verdsøkonomisk forum (WEF) og ulike ungdomsforum, er hovudsakleg talentspeidaroperasjonar. Gode kandidatar blir utvalde og vidareutvikla på andre møte og på eit personleg nivå. Konvensjonar, som t.d. FNs konvensjonar om klimaendring, blir så nytta til å oppretthalde hjernevaskinga, for å introdusere ny programmering, og som arrangement for gjensidig sosial stadfesting.

Utviklinga, dvs. hjernevaskinga av kandidatane, har to hovudelement: opphøging av sjølvet og strukturerte trussystem.

Opphøga sjølbiletet

Narsissismens vesen er det opphøga sjølvbiletet. Narsissisten er betre og/eller smartare enn andre. Di meir opphøga sjølvet er, dess større er behovet for kontroll av omgivnadane, og dess større blir rasjonaliseringane. Dette aukar evna til å rettferdiggjere stadig større udåd mot andre, til og med folkemord i ekstreme fall.

Ein viktig del av utviklinga av kandidatar til vår politiske elite, er forsterkinga av persepsjonen av sjølvet. Kandidaten blir stelt med og blir vist mykje interesse. Han blir fortalt kor viktig han er og kor smart han er. Han blir fortalt kor avgjerande viktigoppgåva hans er, og at dei vanlege folka aldri kan forstå det. Han blir gitt ei kjensle av å vere eksepsjonell. 

Dersom denne prosessen er vellykka, kan kandidaten sin narsissisme-grad bli skrudd opp så mykje at han kan bli overtydd om at han må øydelegge sin eigenkultur eller nasjon – samtidig som han trur han er ein god person. Nokre kan bli løfta så høgt at dei nesten vil tru dei er gudar og vil bruke ekstreme metodar for å styrke sjølvet sitt emosjonelt, inkludert systematisk fysisk mishandling – sjølv av barn. Ein relativt høg grad av «justering» av sjølvet er naudsynt for oppgåva som våre politiske elitar har fått tildelt.

Strukturerte trussystem

De gjennomgår en form for «hjernevask».

Medan prosessen med oppvurdering forsterkar narsissismen, er dei strukturerte trus- eller tankesystema designa for å peike narsissisten i rett retning. Dei er i grunnen «hjernevaskpakkar» som er forma for å passe til det oppblåste sjølvet til narsissisten – og nære det. Mange politiske ideologiar fungerer akkurat på denne måten – og nokre er nesten heilt baserte på kjensler for å auke effekten.

Dei trus- eller tankesystema som blir nytta for våre kandidatar, er meir avgrensa, sjølv om dei deler eit felles mål. Dei inneheld ein hjernevaskelement som får kandidaten til å føle seg spesiell og gjer at han kan vise fram sin dyd for andre. Dei inneheld også konkrete instruksjonar om korleis han skal reagere på elementet, som vanlegvis består av ein oppdikta trussel, og kva han skal øydelegge for å eliminere denne trusselen. Eit døme på dette kan vere CO2. Narsissisten blir overtydd om at det er ein trussel og at Jorda må reddast frå det. Denne trua gjer at han blir til en korsfarar for det gode, med ei spesiell forståing som mindre folk ikkje har – noko som deretter blir forsterka av andre narsissistar. Den programmerte reaksjonen er å stenge ned energiproduksjon og forby bilar. Metan er også ei trussel, så kyr må bliforbodne. LHBT+-personar blir forfølgde, så ytringsfridommen må forbyast. Russland er ein trussel, så russarar må forfølgast og drepast, og Russland må brytast opp. Fordi øydelegging er ei løysing på eit alvorleg problem, blir øydelegging ein dyd for narsissisten. Di meir øydelegging, desto meir blir sjølvet forsterka og oppvurdert – og desto meir mektig kjenner narsissisten seg.

Desse to prosessane programmerer i grunnen våre politiske elitar som robotar. Programmet manipulerer og opphøgar sjølvoppfatninga, spesifiserer ein trussel, og gir deretter instruksar om kva som skal øydeleggast. Nokre av elitane våre forstår mest truleg kva som eigentleg skjer, sjølv om dei aldri vil innrømme at dei har vorte hjernevaska og manipulerte. Dei ser det store biletet og ser på øydelegginga av vestlege samfunn som nødvendig for den ærefulle framtida dei førestiller seg. Det er ein forståing dei meir utvikla narsissistane kan rasjonalisere rundt. Men ein stor del trur berre at dei løyser problem.

Uansett kor mykje dei forstår, har dei alle blitt manipulerte bort frå grunnleggande menneskelegheit og programmerte som sjølvmordsdronar. Våre politiske elitar er den høgaste forma for nyttige idiotar.

Korfor den låge kompetansen?

Eit av dei vanlegaste spørsmåla folk har stilt seg den siste tida er korfor våre politiske elitar er så inkompetente. Sidan krigen i Ukraina starta, har dei mista all kontroll over alt. Dei feilvurderte Russland, dei slurva med sanksjonane og krigen, dei mista kontrollen over dei vestlege økonomiane, og dei mista kontrollen over den ikkje-vestlege verda på grunn av øydelegginga av det «internasjonale systemet.» Dei mislykkast i alt dei gjer – absolutt alt. Korleis kan det skje?

Med oppblåste sjølbilder blir det lett å mislykkes. En tar ikke råd fra andre.

Inkompetansen er eit resultat av rekrutteringsparametrane deira. Dei vart rekrutterte for å øydelegge, ikkje for å bygge eller løyse problem. Ein treng ingen evner for å rette ein pistol mot nokon og dra i avtrekkaren. Ein treng mykje av evner for å ta ut kula og reparere skaden. Våre politiske elitar vart hyra for å skyte pistolen. I oppgåva deira med å øydelegge, er kompetanse ikkje nødvendig i det heile. Det trengst lite av evner for å øydelegge sjølv kompliserte system. Dei berre vedtek lover og reglar, og andre vil ta seg av resten. 

Øydelegginga av vestlege samfunn og økonomiar er organisert på ein fragmentert måte. Dei blir gradvis øydelagde, bit for bit, fordi å gjere det raskt ville skremme befolkninga. Kva bonde som helst veit at skremde husdyr kan være farlege, og våre politiske elitar forstår dette. Men no har dei likevel støytt på eit stort problem.

Krigen i Ukraina og tapet av kontroll over den ikkje-vestlege verda har skapt økonomisk kaos i Vesten – noko som vil følgast av sosialt kaos. Dette får heile korthuset til å rase ned altfor raskt, og dei fryktar at dei kan miste kontrollen. Dei må reagere og løyse desse problema – men dei veit ikkje korleis, fordi dei er inkompetente. Alle desse utfordringane og feila får modellane deira av sjølvet til å bli utfordra, noko som har alvorlege emosjonelle konsekvensar for dei – så dei eskalerer på alle nivå. Dei ropar til folk, krenkar folk, finn opp fantasifulle forklaringar, og trekker seg deretter inn i absolutt fornekting. Alle kan sjå dette – inkludert leiarane i den ikkje-vestlege verda. Ingen vil snakka med våre politiske elitar i desse dagar, for ein narsissist som mistar kontroll er det ikkje kjekt å vera i nærleiken av.

Så, kva ligg eigentleg bak denne inkompetansen deira? Det er to hovudgrunnar. For det første er det det låge sjølvmedvitet deira. Personar med lågt sjølvmedvit kan ikkje evaluere eigne tankeprosessar skikkeleg, og dei kan derfor ikkje vurdere om dei gjer ein god jobb eller ikkje. Når det kjem til komplisert eller kreativt arbeid, ser ein person med lågt sjølvmedvit lite skilnad på totalt nonsens og noko substansielt. Høgtsjølvmedvit er ein absolutt føresetnad for den typen arbeid. For det andre er det dei emosjonelle behova deira og dei høge emosjonelle «framtredande eigenskapane». Narsissistar er emosjonelle skapningar, og overveldande kjensler og emosjonsbasert motivasjon blokkerer rett og slett hjernen si evne til å tenke logisk. 

Alle våre nøye utvalde politiske elitar er inkompetente på akkurat same måte, av akkurat dei same grunnane. Dei er berre kompetente til å øydelegge økonomiane våre, kulturen vår, samfunna våre, helsa vår og fridommen vår.

Omsett av Monica Sortland

https://gaiusbaltar.substack.com/p/what-is-wrong-with-the-western-political

Forsidebilde: Rene Magritte

Les artikkelen direkte på derimot.no