Derimot: Er noen overrasket over drapsforsøket?Trusler og dødsønsker mot Trump har lenge florert i vestlige medier. – Derimot

derimot.no:

Trump har lenge vore gjenstand for eksepsjonelt vondsinna trugslar og retorikk – so kvifor blir han ikkje betre beskytta?

Cassie B. på NewsTarget, systersida til Natural News, melder:

Den politiske splittinga i USA har nådd eit febrilsk kokepunkt i det valet nærmar seg, og sjølv om attentatforsøket på tidlegare president Donald Trump under eit rally i Butler, Pennsylvania, sist helg var absolutt skrekkeleg og mange vart overraska over det dårlege vakthaldet under arrangementet, har få uttrykt overrasking over at nokon kunne mislike han nok til å prøve noko som dette.

Faktisk har der alltid vore ei urovekkjande mengd av valdeleg retorikk og trugslar retta mot Trump. I USA har mesteparten av oss heilt sidan barndommen til og med spøkt om at det å forårsake skade på landets øvstkommanderande kan få deg i alvorlege vanskar, men det har ikkje stoppa politikarar, kjendisar og andre høgprofilerte individ frå å krevje vald mot Trump på svært offentlege måtar – og tydelegvis har dei fått fleire fans i woke-skaren ved å gjere slikt.

Ein av dei mest minneverdige trugslane kom på den tida då han vann 2016-valet over Hillary Clinton. Komikar Kathy Griffin poserte på eit bilete der ho heldt opp ei maske som førestilte president Trump sitt avkappa hovud som såg ut til å drype av kunstig blod. Det skapte straks motbør frå Trump-støttespelarar og til og med Trump sjølv. Komedieturneen hennar vart avlyst og ho miste ein sponsoravtale som konsekvens.

Rundt same tid sa songarinna Madonna at ho ønskte å «sprengje Det kvite huset i lufta», medan Broadway-stjerna Carole Cook sa: «Kor er John Wilkes Booth når du treng han?», der ho viste til skodespelaren som skaut Abraham Lincoln under eit teaterstykke.

Skodespelar Peter Fonda gjekk eit steg vidare og ønskte at Trumps unge son Barron skulle bli seksuelt overfallen, og bad på mest vondskapsfulle maner om at guten, som då var 11, skulle «setjast i eit bur med pedofile».

Trugande retorikk har eskalert i det siste

Meir nyleg har vi sett representant Dan Goldman i New York seie at Trump ikkje kan få lov til å «vere eit offentleg embete igjen», etter at han formelt erklærte at han skulle stille som presidentkandidat igjen i fjor.

Han insiterte: «Han er ikkje berre uskikka, han er øydeleggjande for demokratiet vårt, og han må bli eliminert.»

Førre veke sa den tidlegare Speakeren i Det kvite huset, Nancy Pelosi, at Trump «må bli stoppa. Han kan ikkje bli president.»

David Aaronovitch

Enkelte har vore langt meir eksplisitte i trugslane sine, slik som BBC-journalist David Aaronovitch, som la ut eit innlegg på X der han skreiv at dersom han var «Biden, ville eg ha skunda meg å få Trump myrda av den grunnen at man er ein trugsel mot tryggleiken i USA.»

Og sjølv om Biden sjølv var rask med å fordømme åtaket på Trump og uttrykkje sympati for motstandaren sin, kan vi ikkje gløyme det han skreiv på X for nokre veker sidan: «Donald Trump er ein genuin trugsel mot denne nasjonen. Han er ein trugsel mot vårt demokrati. Han er bokstavleg tala ein trugsel mot alt USA står for.»

Ifølgje Politico, brukte Biden meir trugande retorikk sist veke då han vendte seg til donorar: «Eg har éin jobb, og det er å slå Donald Trump. Eg er absolutt sikker på at eg er den beste personen til å gjere det. So, vi er ferdig med å snakke om debatten, det er på tide å setje Trump i blinken.»

Politisk vald aukar

Det kjennest nesten ut som om det blir normalisert å kome med slike trugslar, som ein gong i tida vart sett på som særs tabubelagt same kva ein meinte om ein president. Ein studie publisert i fjor av Reuters avdekte at USA opplevde den største vedvarande auken i politisk vald sidan 1970-talet, der mykje av den var retta mot folk i staden for eigedom.

Ei anna spørjeundersøking, publisert førre månad, fann ut at 10% av informantane var einige med påstanden om at «bruk av makt kan rettferdiggjerast for å hindre Donald Trump i å bli president».

Trass dette har Demokratar prøvd å gjere slutt på Secret Service-beskyttelsen Trump har, dette som respons på hans nylege dom, noko som gjer han endå meir sårbar overfor alle dei som meiner det er heilt akseptabelt å gjere kva enn som skal til for å halde han vekke frå presidentembetet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig.
Forsidebilde: Lexica

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...