Derimot: Er ikke tankene våre frie?Kan noen rane til seg andres tanker? – Derimot
derimot.no:
Olaf Scholz meiner Putin ikkje har rett til å sitere filosofen Immanuel Kant
Russia Today (RT) skriv:
Den tyske kanslaren Olaf Scholz har kome med skarp kritikk mot den russiske presidenten Vladimir Putin for å sitere den ikoniske tyske filosofen Immanuel Kant. I ein tale tysdag [23.april 2024] under eit arrangement som markerte 300-årsdagen for Kants fødsel, skulda Scholz Putin for å prøve å «rane til seg» den store tenkjaren, i tillegg til å feilrepresentere ideane hans.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Kant vart fødd i 1724 i Königsberg (noverande Kaliningrad), som høyrde til Kongedømmet Preussen før det seinare vart del av Det russiske imperiet. Filosofen er kjent for sine verk om tikk, estetikk og filosofisk ontologi, og blir sett på som ein av grunnpilarane i den tyske klassiske filosofien.
«Putin har ikkje den minste rett til å sitere Kant, likevel er Putin sitt regime fast bestemt på å rane til seg Kant og arbeidet hans nesten for kvar ein pris,» sa Scholz i Berlin-Brandenburg-akademiet for vitskap, her sitert av Die Zeit.
Scholz sa at Russland si rolle i Ukraina-konflikten er i strid med Kant sine fundamentale læresetningar. Han refererte til Kant sine ord om at statar blandar seg inn i affærane til andre nasjonar, og forsvarte avgjerda til Kiev om å ikkje ta del i fredssamtalar med Moskva. Han sa at Kant trudde at påtvinga traktatar ikkje var måten å oppnå «evig fred» på – ein referanse til eit av Kant sine større verk.
Putin har blitt kjent for å lovprise og sitere Kant, og føreslo til og med i 2013 at filosofen burde bli gjort om til offisielt symbol for Kaliningrad-regionen.
Under eit møte med universitetsstudentar i Kaliningrad i januar, kalla Putin Kant «ein av dei største tenkjarane både av si eiga tid og vår,» og sa at filosofen sitt ønske om «å leve etter sitt eige vit» er like relevant i dag som det alltid har vore.
«Eit land må leve etter sitt eige vit… Dette tydar ikkje at vi ikkje bryr oss om interessene til andre… men vi vil aldri late Russland sine interesser bli forsømte. I enkelte land, blant våre naboar, har denne tesen blitt gløymt. Mange lever etter nokon andre sitt vit. Dette vil ikkje føre til noko som helst godt for dei,» sa Putin.
Administrasjonen i Kaliningrad-regionen svarte på Scholz sine ytringar tysdag, og sa at ingen har gjort meir enn Russland for å «vidareføre minnet til den store filosofen og det han lærte frå seg».
«Immanuel Kant døydde som ein undersått underlagt den russiske krona. Det verkar for meg at dette, meir enn kva som helst slags ord frå alle moglege tyske politikarar, viser posisjonen til den store filosofen når det gjeld Russland,» sa pressesekretæren til guvernøren, Dmitry Lyskov, i ei melding.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Forsidebilde: Jorne Hermans