Derimot: Er dette den nye konfliktsonen: Værmanipulering.

Derimot.no

derimot.no:

Bombesyklonar og atmosfæriske elvar: Driv nokon og manipulerer vêret?

Av F. William Engdahl, 16.januar 2023. Omsett av og henta frå saksyndig.

Dei siste månadene har verda høyrt uvanleg terminologi for å skildre ekstreme vêrhendingar. No blir terminologi som bombesyklonar eller atmosfæriske elvar brukt i dei daglege vêrmeldingane for å skildre dumping av rekordvolum av regn eller snø i verdas regionar på ein ekstremt øydeleggjande måte. Den grøne mafiaen hevdar, utan eit snev av faktisk bevis, at alt dette er på grunn av mennesket sitt altfor store «karbon-fotavtrykk». Dei bruker det som ei orsaking for å doble innsatsen mot å fase ut olje, gass, kol, so vel som kjernekraft i favør av ikkje-fungerande, skattebetalar-subsidiert «grøn energi» – upåliteleg vind- eller solkraft. Kan det vere at desse uhyrlege vêrplagane visseleg er «menneskeskapt», men ikkje på grunn av CO2-utslepp?

Sidan slutten på desember har spesielt USA opplevd alvorlege vêrhendingar frå bombesyklon-stormen som gravla mykje av Austkysten i rekordsnøfall frå Buffalo heilt ned til Florida. På same tid har den amerikanske vestkysten frå og med delstaten Washington og nedover California-kysten opplevd ekstrem flaum frå bølgje etter bølgje av sokalla oseaniske elvar som ber med seg enorme volum vatn frå Stillehavet som forårsakar alvorleg flaum. Utan å presentere noko som helst vitskapleg bevis, har grøne ideologar påstått at alt dette skjer på grunn av menneskeskapt global oppvarming – no kalla «klimaendring» for å skape forvirring rundt det opphavlege problemet – og argumenterer for akselerert overgang til ei dystopisk, karbon-fri verd.  

Hvor er beviset for at det voldsomme været i USA skyldes menneskeskapt global oppvarming

Ei alvorleg sak kan bli gjort av at det like godt kan vere menneskeskapt. Men ikkje på grunn av for mykje CO2 eller andre menneskeskapte drivhusgass-utslepp. Det kan vere på grunn av bevisst og vondsinna manipulering av våre større vêrmønster.

Geoengineering?

Vêrmanipuleringsteknologi er eit av områda som er topphemmelege og som har blitt haldne ute frå den opne debatten sidan slutten på Andre verdskrig. Det blir ofte kalla geoengineering eller meir nyleg det mindre illevarslande «klimaintervensjon». Kva enn du kallar det, involverer det at menneske tuklar med kompleksiteten til vêret på Jorda, med potensielt katastrofale resultat. Kva veit vi om moglegheitene?

Etter Klimakonferansen i Paris i 2015 og den etterfølgjande Paris-avtalen, byrja Peter Wadhams, professor i havfysikk ved Universitetet i Cambrigde, saman med andre leiande global oppvarmingsvitskapsfolk, å ope be om geoengineering for å «løyse» den påståtte klimakrisa og hindre global oppvarming på meir enn 1,5 grader Celsius over førindustrielle nivå, eit fullstendig vilkårleg mål. Det post-Paris-vitskapsfolka hevdar er at «Vi har ryggane mot veggen og no må vi byrje prosessen med å førebu geoengineering. Vi må gjere dette med den kunnskapen at sjansen for suksess er liten og risikoane ved implementering er store.» Det dei ikkje seier er at geoengineering-vêrmanipulasjon har vore utvikla i hemmelegheit av militæret og etterretningsbyrå i USA i fleire tiår.

«Å eige vêret i 2025»

I juni 1996 publiserte US Air Force ein rapport med den provoserande tittelen «Weather as a Force Multiplier: Owning the Weather in 2025». [omtrentleg omsetjing: «Vêret som ei forsterkande kraft: Å eige vêret i 2025; oms.an] Rapporten la vekt på moglegheitene for menneskeskapt geoengineering for å, blant anna, forsterke nedbør eller stormar, nekte nedbør (påføre tørke), eliminere skydekke til ein fiende, og andre hendingar. Den vart produsert «for å etterforske konsepta, evnene og teknologiane som USA vil krevje for å forbli den dominerande luft- og romstyrken i framtida.» Rapporten skreiv i byrjinga «vêrmodifisering kan bli delt inn i to hovudkategoriar: undertrykking og intensivering av vêrmønster. I ekstreme tilfelle kan den involvere (feit skrift lagt til): «skapinga av fullstendig nye vêrmønster, svekking eller kontroll av alvorlege stormar, eller til og med endring av det globale klimaet på ein langtrekkjande og/eller langvarig skala.»

Å kunne manipulere været i en konflikt vil kunne gi en enorm strategisk fordel.

Air Force-dokumentet, som merkeleg nok vart sletta frå nettsida si fyrst i 2021, skriv òg: «… dei formidable militære evnene som kan resultere frå dette feltet blir ignorert på eige ansvar… høveleg anvendelse av vêrmodifisering kan gje slagmarksdominans i ei grad ein aldri har kunne førestilt seg før… Teknologien er der og ventar på at vi skal setje alt i gang.» Innan 2025 påstod den at «vi kan eige vêret». Rapporten skriv at tilbake i Eisenhower-æraen, «I 1957 anerkjende presidenten sin Rådgjevingskomité for vêrkontroll eksplisitt det militære potensialet til vêrmodifisering, og åtvara i sin rapport at den kunne bli eit viktigare våpen enn atombomba.» Det var nesten sju tiår sidan.

Det er ikke mange som vet at USA under Vietnamkrigen på 1960- og 70-tallet prøvde å avskoge landet med kjemiske giftstoffer.

Tilbake i Vietnam-krigen på slutten av 1960-talet autoriserte utanriksminister Henry Kissinger og CIA ei topphemmeleg geoengineering med kodeman Operasjon PopEye, frå Thailand over Kambodsja, Laos og Vietnam. Ved hjelp av militære WC-130-fly og RF-4-jetfly spraya amerikanske styrkar sølvjodid og blyjodid inn i fleire monsun-stormskyer for å gjere nordvietnamesiske forsyningsvegar om til ufarbare gjørmehol. Oppdraget var å skape nok heilårleg regn til å gjere Ho Chi Minh-vegane blokkerte. Den hemmelege geoengineeringsoperasjonen vart gjort offentleg av den prisbelønte journalisten Seymor Hersh i 1972, som resulterte i høyringar i Kongressen, men lite anna. Nokre år seinare i 1976 vart ei tannlaus lov vedteken som «kravde» at alle aktørar skulle rapportere årleg til det føderalstatlege NOAA kvar gong vêrmodifisering fann stad. Prøv å be CIA eller Pentagon om å gjere dét.

Ionosfæriske opphetarar og atmosfærisk resonansteknologi

Sidan 1970-talet har arbeidet med menneskeskapt geoengineering blitt meir sofistikert og i tillegg mykje hemmelegare. Den tradisjonelle «regnmakar»-metoden, skysåing [engelsk cloud seeding], som involverer typisk fly som spreier partiklar av sølvjodid inn i skyer som inneheld vassdropar for å skape nedbør, har vore brukt sidan 1940-talet. Derimot, sidan 1990-talet, på den tida US Air Force publiserte «Weather as a Force Multiplier: Owning the Weather i 2025», har betydelege nye metodar blitt uvikla som har langt større rekkjevidd og effekt, og lenge før 2025.

Det er verdt å leggje merke til at US Air Force-rapporten frå 1996 skreiv: «… modifisering av ionosfæren er eit område rikt på potensielle anvendelsar og der er òg sannsynlegvis tilleggsområde for anvendelse som vi enno har til gode å førestille oss

Det er voldsomme krefter i atmosfæren.

Mykje internasjonal merksemd og bekymring har blitt gjeve til eit US Air Force og Office of Naval Research ionosfæreprosjekt ved namn HAARP – High Frequency Active Auroral Research Program – i Gakona, Alaska [fritt omsett «høgfrekvent, aktivt nordlys-forskingsprogram»]. I januar 1999 kalla Den europeiske union prosjektet for ei «global bekymring» og vedtok ein resolusjon der dei kravde meir informasjon om helse- og miljørisikoar. Washington ignorerte kravet. Mesteparten av forskingsdata frå HAARP har blitt hemmelegstempla på grunn av «nasjonal tryggleik», noko som har ført til utbreidd spekulasjon om vondsinna aktivitet.

I 1985, medan han arbeidde for ARCO Oil Company på eit legat frå Pentagons DARPA, sendte ein briljant fysikar, dr. Bernard J. Eastlund, inn eit patent (US #4 686 605) for «ein metode og eit apparat for endring av ein region i Jorda sin atmosfære, ionosfære og eller magnetosfære». Patentskildringa hevda at ein spesifikk stråle av kraftige radiobølgjer inn i ionosfæren kunne forårsake oppvarming og «forhøge» Jordas ionosfære. Den kunne bli brukt til å kontrollere vêret, endre jetstraumar, endre tornadoar eller skape eller nekte regn. ARCO vart kontakta av det amerikanske militæret og sende dei patentrettane frå deira dåverande tilsette Eastlund. Militæret gav deretter visstnok patentrettane til ein toppmilitær kontraktør, Raytheon. Raytheon skal òg seiast å vere involvert i konstruksjonen av kvar større ionosfære-oppvarmingsradar-opplegg globalt. Tilfeldig? Ein HAARP-talsperson nekta for at dei brukte patentet til Eastlund i HAARP. Dei nemnde ikkje nokon av dei andre stadene, derimot.

HAARP er eit særs kraftig fasa opplegg av radarantenner som er retta mot ionosfæren. Det blir stundom referert til som ein ionisk opphetar. Ionosfæren er eit høgtliggjande lag av atmosfæren med partiklar som er høgt ladde med energi. Dersom stråling blir projisert inn i ionosfæren, kan store mengder energi bli generert og brukt til å tilinkjegjere ein utvalt region. HAARP vart fyrst på si eiga nettside, no sletta, skildra som «eit vitskapleg føretak retta mot å studere eigenskapane og åtferda til ionosfæren… for både sivile og forsvarsrelaterte føremål

HAARP i Gakona vart offisielt stengt ned av det amerikanske militæret i 2013. i 2015 overførde dei offisielt operasjonen av HAARP til sin sivile partnar, Universitetet i Alaska ved Fairbanks. Stenginga gav orsakinga til å stoppe live-kringkastinga av HAARP-signal på ei offentleg nettside, som hadde gjeve sterke bevis for samband mellom HAARP-aktivitetar og større vêrkatastrofar slik som orkanen Katrina eller jordskjelvet i kinesiske Chengdu i 2008. Operasjonen av fasiliteten vart overført til Universitetet i Alaska i 2015.

Somme forskarar har spekulert i at Gakona-HAARP er ein listing distraksjon, ein uskuldig stad som er open for akademisk undersøking, medan seriøs militær ionosfærisk manipulasjon finn stad på andre topphemmelege stader.

Arecibo Ionosphere Observatory

Innan 2015 hadde det amerikanske militæret og statlege byrå slik som NOAA bevega seg godt forbi evnene til HAARP. Dei hadde oppsyn over bygginga av langt kraftigare fasa ionosfæriske radar-opplegg rundt om i verda. Dette inkluderte ein kraftigare HIPAS – ein 70 megawatts fasilitet aust for Fairbanks. Det inkluderte òg Arecibo-observatoriet, tidlegare kjent som Arecibo Ionosphere Observatory – ein 2-megawatts fasilitet i Puerto Rico; Mu Radar – 1-megawatts fasilitet i Japan. Og alle atmosfæriske oppvarmingsradar-oppleggs mor, EISCAT – ein 1-megawatts fasilitet i Tromsø. HAARP er berre ein 3,6-megawatts fasilitet. Mange andre stader for fasa ionosfæriske radar-opplegg er anten hemmelegstempla eller gjev ut lite informasjon. Ein trur at ein av desse ligg ved Vandenberg Air Force-basen i sørlege California. Ein annan ligg i Millstone Hill i delstaten Massachusetts, ein annan i Taiwan og på Marshall-øyane. Fordi Pentagon og andre relevante amerikanske statlege byrå vel å seie lite eller ingenting om korleis dei er knytte saman og brukt i endring av klimaet, blir vi overlatne til spekulasjonar.

Den militære kontraktøren Raytheon, som fekk Eastlund-patenta frå ARCO, er visstnok involvert i mange slike stader globalt.

Kina òg?

Fordi den amerikanske regjeringa sitt arbeid på geoengineering har vore hemmelegstempla og halde ute frå open offentleg debatt, er det ikkje mogleg å bevise i ein domstol at hendingar slik som Bombetornadoane på Austkysten eller Orkanen Ian i Florida i september 2022, ein av dei kraftigaste stormane som nokosinne har treft USA, eller rekordflaumane i januar 2023 frå gjentekne bølgjer av atmosfæriske elvar som slo inn over California etter ekstraordinær tørke, rett og slett er vêravvik. Der finst ingen vitskapleg evidens for at det er på grunn av for mykje CO2 i atmosfæren. Men som det ovanfor antydar, er der store mengder evidens som peiker på vondsinna aktørar med statleg makt, som bruker geoengineering ikkje for å dra fordelar, sjølv om menneskeskapt geoengineering kan ha fordelar.

I 2018 rapporterte kinesiske media at det statlege Shanghai Academy of Spaceflight Technology lanserte eit omfattande geoengineering-prosjekt, Tianhe, som kan omsetjast som «himmelelv» [Sky River]. Prosjektet, som visstnok vil ha base på det høge tibetanske platået, kjelde for somme av verda sine største elvar, har som føremål å flytte store volum vatn frå det regnfulle sør til det tørre nord. Det skulle ha byrja å operere i 2020, men ingen detaljar har sidan den tid blitt publisert.

Nylege diskusjonar om Bill Gates sitt prosjekt med Harvard-fysikar David Keith, som er å sleppe ut kalsiumkarbonat-partiklar høgt oppe i lufta for å imitere effektane av vulkansk oske som blokkerer sola ute, eller dei nylege eksperimenta til Make Sunsets, som er å lansere vêrballongar frå Baja Mexico med svoveldioksid for å blokkere sola ute, er tydeleg meint som avleiingar for å skjule kor avansert ekte geoengineering av vêret vårt eigentleg er.  

F. William Engdahl er rådgjevar i strategisk risiko og ein føredragshaldar, han har ein grad i politikk frå Princeton universitet og er ein bestseljande forfattar innan olje og geopolitikk, eksklusivt for nettmagasinet Global Research Centre for Research on Globalization.

Innlegget er opprinnelig hentet herfra: http://www.williamengdahl.com/

Foto: Lexica

25 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 25 ganger.

Post Views: 51

Les artikkelen direkte på derimot.no