Derimot: Er det fordi det var vi som stod bak? Verdens største terrorhandling dysses helt ned i vesten. – Derimot
derimot.no:
Korfor Vesten framleis lyg om den største terrorist-aksjonen i moderne europeisk historie
Vi er meint å tru at ein gjeng ukrainske kjeltringar på eiga hand sprengde Nord Stream, utan noka form for statsstøtte – har dei og ei bru å selge oss?
RT, 19. august, 2024
Av Tarik Cyril Amar
Den 26. september, 2022 skjedde angrepet på denne infrastrukturen som var så kritisk viktig både for Tyskland og EU generelt, eit angrep utan sidestykke i vår (i det minste formelt) fredelege etterkrigstid. I nærleiken av øya Bornholm, midt imellom polsk og svensk kyst, saboterte fire eksplosjonar dei massive gassrøyrleidningane Nord Stream I og II, som ligg langs botnen av Austersjøen.
Dei umiddelbare konsekvensane var enorme. Når det gjeld den ofte ignorerte miljøskaden, var røyra fylde med metan, ein drivhusgass som bidrar enormt til den globale oppvarminga. Ifølge FN har gassen ein oppvarmingseffekt som er 80 gongar større enn den til karbondioksid. Dessutan er metan «den primære bidragsytaren til danninga av ozon på bakkenivå, ein hasardiøs luftforureinar og drivhusgass som forårsakar ein million for tidlege dødsfall kvart år.»
Den nøyaktige mengda av denne giftige gassen som Nord Stream-sabotørane fekk til å boble opp og inn i atmosfæren vi alle deler, er vanskeleg å talfeste, men den var utan tvil enorm, og det hadde vore betre for oss alle om den hadde blitt i røyra. Dei første estimata meinte det dreidde seg om eit volum som var fem gongar større enn det som vart sleppt ut under metan-katastrofen i California i 2015 – det «største kjende utsleppet i USAs historie». Effekten av den katastrofen vart likna med det å køyre sju millionar bilar per dag, og tusentals folk måtte evakuere.


Med andre ord vart Nord Stream-angrepet ein milepæl både i den europeiske og globale historia over menneskeskapte økologiske katastrofar. Men lekkasjen i California var i det minste eit uhell – det i Austersjøen, som var så mykje større, var resultatet av medviten øko-terrorisme. Det er ikkje rart at Stanfords klimaekspert Rob Jackson raskt – og med rette – konkluderte med at «den som gav ordren til dette bør rettsforfølgast for krigsbrotsverk og dømmast til fengsel.»
Men bortsett frå øko-terrorisme, var angrepet på Nord Stream sjølvsagt også ei aggresjonshandling mot Tyskland som stat. Og også mot heile EU, som understreka av lystløgnaren Mikhail Podoliak, ein av Ukrainas Vladimir Zelensky sine topprådgivarar, rett etter sabotasjen. Han hadde sjølvsagt rett. Det var faktisk ei så alvorleg aggresjonshandling at den burde ha ført til at Tyskland og EU raskt ville identifisere gjerningsmennene og ta drastiske steg. Og viss terroristane hadde statleg støtte, noko dei – med tanke på angrepets kompleksitet – sannsynlegvis hadde, så burde desse stega omfatte alt frå sanksjonar og innskrenking av diplomatiske relasjonar – som eit minimum – til militært gjengjeld. Og sidan Tyskland er medlem av NATO, kunne ein også lett ha tatt i bruk alliansens namngjetne Artikkel 5, som seier at eit angrep på éin medlem er eit angrep på alle.
På det tidspunktet laug sjølvsagt Podoliak uforskamma om ein viktig detalj. Taktlaust og tvert i mot all sunn fornuft la han skulda for angrepa på Russland, som hadde null interesse av å øydelegge røyrleidningane som dei hadde investert tungt i for å lette energihandelen med EU, leidningar som gav ei viss geopolitisk makt (propagandistar i Vesten, og særleg Polen, har alltid grovt overdrive denne faktoren), og som, sjølv om dei låg i dvale på tidspunktet for angrepet, kunne ha blitt aktiverte igjen.
Kort sagt: ein som prøver å få deg til å tru at Russland sprengde Nord Stream er – og har alltid vore – fyren med ei bru han vil selge deg. Til dømes komikaren i Kiev, som med hjelp av Vestlege impresarioar som Tim Snyder og Anne Applebaum har drive høkerverksemd med ukrainsk «demokrati», «sivilsamfunn» og den flotte, kosmiske kampen for «Vestlege verdiar».
Men som med desse andre løgnene til Zelensky-regimet, var Podoliak si skrøne om at dei store, fæle russarane skaut seg sjølve i begge føtene på ein gong, med vilje og på moro, spesiell fordi den kombinerte det usannsynlege med det at den vart trudd i breie lag, i det minste i Vesten, og særleg i Tyskland. Absurd nok følgde to ting angrepet på Nord Stream: det tok år og dag før nokon offentleg Vestleg tenestemann offisielt utpeika nokon gjerningsmann; og Vestlege politikarar, mainstream-media og såkalla ekspertar heldt fram med å prøve å selge den fornærmande idiotiske historia om Russland som den skuldige.
Sidan mange av dei no vil prøve å dekke over spora sine, skal vi minne om to døme. Våre 2023 hadde USAs ikon for undersøkande journalistikk, Seymour Hersh, avslørt Washington som ein sannsynleg Nord Stream-bombar, medan andre rapportar byrja ymte om at ukrainarar – på ein eller annan måte – hadde vore involverte. Likevel prøvde sjølv då Carlo Masala, ein akademikar frå den tyske arméen sitt eige universitet som har laga seg ein mediekarriere på å opportunistisk spy ut att poenga til Vestens infokrig, framleis å framstille det framstigande bildet som ein «falskt-flagg»-operasjon. Med andre ord: når du trur du ser amerikanarar og ukrainarar rett framfor auga dine, så er det eigentleg, ifølge Masala, – trommevirvel – russarane igjen.


Janis Kluge, ein regional «ekspert» i ei stor tankesmie i Berlin, har på liknande vis nett innrømt på X – med slåande sjølv-diskreditering, om enn uintendert – at det at han først la skulda på Russland var feil. Han føler at det nett har oppstått «ny informasjon». Faktum er sjølvsagt at informasjon som ekskluderte Russland som mogleg skuldig var tilgjengeleg frå dag ein av, og spesifikk informasjon om USA og Ukraina som mykje meir sannsynlege mistenkte dukka opp ikkje lenge etter. Men for Kluge, som var så mykje treigare til å skille ut eit openbert stykke Vestleg og ukrainsk informasjonskrig enn eit godt rykte tillet, er det visst likevel grunn til stoltheit.
Det er fordi han no stolar på det som etter hans skjøn verkar vere ei autoritativ kjelde, nemleg Wall Street Journal og tyske anklagarar. Dette tar oss til korleis og korfor Nord Stream-angrepet har kome seg tibake i nyheitsbildet. Endeleg – og ikkje ein dag for tidleg – har tyskarane kome med ein arrestordre. Ja, du las rett: éin arrestordre på ein mistenkt, nemleg ein beskjeden ukrainsk dykkar kalla Volodymyr.
Slapp av, dei vil truleg aldri få tak i han, for Polen har verna angriparane og hjelpt dei til å flykte. Warszawa er forresten stolt av korleis dei bokstaveleg talt har finansiert terrorisme mot Tyskland, noko eit sjokkerande arrogant X-innlegg frå den polske statsministeren, Donald Tusk, har gnidd inn. I grunnen skulda han på offera, det vil seie tyskarane, og bad dei be om orsaking og halde kjeft. Gratulerer … Forholdet mellom Tyskland og Polen vil tydelegvis blomstre igjen.
Samtidig har Wall Street Journal publisert ein sensasjonell og sensasjonelt lite overbevisande artikkel som forklarer to ting: Korleis det likevel viste seg at det var Kiev som hadde gjort det; og at det – heldigvis – ikkje var Washington. Ja, faktisk hadde, ifølge denne rørande fortellinga om amerikansk rettferdigheit, CIA – velkjend for å aaaldri støtte eller iscenesette snikande, sinnssjuke og valdelege intrigar – prøvd å hindre ukrainarane i å gjennomføre sin eigen plan. Og dét er, kan WSJ fortelle oss, «den sanne historia». Det er no ein har lov å gråte ein skvett over alle denne godheita og ærlegheita.
La oss seie det slik: hugsar du fyren som prøvde å selge den brua? Han innrømmer no at han eigentleg ikkje eig den, men han har eit nytt tilbod: Han er i ferd med å arve den snart, og om du trur dette, er han villig til å selge deg førsteretten til å by på den når den tid kjem. Med andre ord: vi er no inviterte til å gå frå å tru på ei løgn som var så stupid at berre det å fortelle den burde fått folk til å synke gjennom golvet i skam, til ei som har blitt finjustert med eit par knøttsmå fragment av sanning. Likevel er det framleis ei løgn.
La oss sjå nærare etter. Det første som gjer WSJ-historia svært suspekt, er at den er spekka med politisk komfortable detaljar. Lesarane får vite at Zelensky først gjekk god for planen, men deretter var imot den, då helgen-amerikanarane bad han slutte å vere så slem. Men han som då var sjefskommandant for Ukrainas styrkar, Valery Zaluzhny – ein mann som Zelensky alltid hadde hata og som no har blitt degradert til statusen endå ein malplassert ukrainsk diplomat i London – var sjølvsagt med å angrepet heile vegen. Ein annan ukrainsk offiser nemnd med namn – ein av svært få – i WSJ-stykket er allereie likevel i retten. Oops, heller ikkje noko stort tap, viser det seg. Treng vi halde fram? Dette er ein parade av syndebukkar, nøye sydd ihop for å frikjenne Zelensky, for no, og sjølvsagt USA og alle andre i Vesten som godt kan ha vore involverte (Hi, MI6 og sjølvsagt Polen igjen, vi ser dykk).
Så er det måten det tyske aktoratet ter seg på og korleis WSJ-artikkelen blir styrka og utnytta raskt av andre MSM-kanalar, der dei prøver å sikre seg at alle mottar det nye infokrig-memoet. Tyske Spiegel, til dømes, pressar bryskt på for å få igjennom den korrekte – og temmeleg imbesile – propagandabodskapen. Lesarane blir formante om at ein no, når ein har namnet på ein ukrainsk mistenkt, kan legge lokk på «alle spekulasjonar om russisk eller US-amerikansk deltaking» i angrepet.
Kva kan ein i det heile tatt seie? La oss prøve. For det første: fornuftige observatørar frie for fordommar såg at ei russisk deltaking var nonsens. Fy skam til sjølvsensurerande og krigsmobiliserande medium som Spiegel for at dei nokon gong har handsama det som ei sjølv berre litt mogleg forklaring. For det andre: det å late som at mistankane mot Moskva og Washington var like sannsynlege eller usannsynlege, er latterleg. For det tredje: fordi USA faktisk alltid var ein perfekt mistenkte nummer ein. Og det er dei framleis.


Her er den ekte slutninga av dette kombinerte politiske/medie-informasjonskrig-sirkuset: Jaudå, visst er det fint at nokon endeleg offisielt erkjenner at det ikkje var Russland, og at det i større eller mindre grad var skinheilage kan-gjere-som dei-vil-og fortelle-ei-løgn-Ukraina. Men å prøve å selge oss den nye idiotien om at det derfor ikkje var USA – og til og med at Washington prøvde å stoppe angrepet – dét er omtrent like truverdig som at Hunter Biden sin laptop ikkje betyr noko for farens Ukraina-politikk, eller at Epstein-operasjonen ikkje handlar om å lage feller for og utpresse den US-amerikanske eliten. Det er berre endå eit stykke nonsens vi er inviterte til å svelge. Nei takk. Det er meir enn nok allereie.
Men det som er meir interessant, er kva alt dette betyr, og korfor det skjer akkurat no. Når det gjeld betydninga framstår standpunkta til Tyskland, EU og NATO uforsvarlege og diskrediterte, også viss ein skulle tru på heile historia til WSJ og det tyske aktoratet. Som ein anonym tysk offentleg tenestemann sa det: «eit angrep i denne storleiksordenen er grunn god nok til å utløyse NATOs klausul om kollektivt forsvar, men vår kritisk viktige infrastruktur vart sprengd av eit land» – det vil seie Ukraina, ikkje Russland – «som vi støttar med massive våpensendingar og milliardar i kontantar.» Det vil seie at Berlin sin politikk har vore så pervers at den kvalifiserer som forrædersk. Dei har rett og slett kjempa mot feil land. Med det feila dei i å forsvare Tyskland mot eit massivt angrep, og dei har i staden anstrengt seg for å premiere aggressoren, Ukraina. I eit normalt land ville regjeringa allereie ha falle, og ikkje berre møtt spørsmål som «Kva med Tysklands etterretningstenester og militær? Kor har dei duppa av? Under ein stein på ei strand ved Austersjøen?»
Og ting ser ikkje mykje betre ut for EU og NATO som heilskap. Mange som nektar å bli fora med meir toskete propaganda vil konkludere med at desse organisasjonane essensielt er konspirasjonar som systematisk agerer tvert imot interessene til landa og folka dei let som dei beskyttar. Når det gjeld USA, finst det i det heile tatt meir å seie? Dei var sjølvsagt involverte i angrepet som president Biden ope hadde trua med på førehand. Å legge ut ei tåpeleg historie no som legg heile skulda på Kiev, får dei berre til å sjå dumme og ufølsame ut.
Dette bringer oss til spørsmålet om korfor alt dette skjer no. Ufølsam er nøkkelordet her. Den beste forklaringa på taiminga til desse nye avsløringane, er at dei er ein del av droppinga av den ukrainske proksyen. Finst det nokon betre måte å introdusere ein politikk med å overgi Kiev på enn å gjere dei til den einaste syndebukken for eit angrep på Vesten? Denne operasjonen kan ta litt tid, men den har tydelegvis starta. Nei, det er ikkje tilfeldig at Berlin nett kunngjorde at dei vil kraftig redusere militærstøtta si til Ukraina. Som andre har gjort før, er Kiev i ferd med å lære om takksemd a la USA og Vesten, på den harde måten.
TAv Tarik Cyril Amar
Tarik Cyril Amar, ein historikar frå Tyskland som arbeider på Koç-universitetet i Istanbul, spesialisert på Russland, Ukraina og aust-Europa, Andre verdskrig, den kulturelle Kalde krigen og minnets politikk
@tarikcyrilamar
https://www.rt.com/russia/602813-why-west-is-still-lying-ns
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebildet er KI-generert