Derimot: Er det en sammenheng? Bremen er byen med flest innvandrere og høyest kriminalitet. – Derimot
derimot.no:
Bremen vart kåra til Tysklands farlegaste by i 2024 – har òg høgast innvandrarprosent i landet
I 2024 fekk den tyske byen Bremen den tvilsame æra av å bli kåra til byen med høgast kriminalitetsrate, med 15.424 brotsverk per 100.000 innbyggjarar, dette ifølgje data frå Kontor for det føderale kriminalitetspolitiet (BKA). Byen ligg på fyrste plass når det gjeld ran og tjuveri, og då spesifikt butikktjuveri, biltjuveri og sykkeltjuveri. Dette blir kombinert med ein oppklaringsprosent på 44,5%, som er ein av dei lågaste i Tyskland.
av Saksyndig
I 2024 var 73% av dei mistenkte ikkje-tyske borgarar, som er ein oppgang frå 57% i 2023. Menn frå Nord-Afrika og Midtausten var overrepresenterte i saker som gjaldt ran og gatekriminalitet. 45,1% av befolkninga i Bremen har innvandrarbakgrunn, som er den høgste i nokon tysk delstat. Aner vi ein samanheng her?
Laura Harris i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Kontoret for det føderale kriminalpolitiet (BKA) sin rapport har avslørt at den nordlege byen Bremen offisielt registrerte den høgste kriminalitetsraten blant Tysklands største byar i 2024.
Ifølgje BKA-rapporten, har Bremen gått forbi andre større byområde, inkludert Frankfurt am Main (14.600) og Berlin (14.252), med 15.424 brotsverk per 100.000 innbyggjarar.
Tala, som opphavleg vart presenterte av Bremens indresenator Ulrich Mäurer (SPD) i mars, kjem frå Politiets kriminalitetsstatistikk (PKS) i delstaten, som dokumenterte nesten 89.000 kriminalsaker i 2024. Data, som no er bekrefta av BKA, plasserer Bremen på sigerspallen i den tyske rangeringa av bykriminalitet – ei utvikling som opposisjonen FDP har gripe tak i, og har no gjeve Bremen kallenamnet ‘den farlegaste byen i Tyskland’.
Eit av dei mest urovekkjande aspekta ved rapporten, er at Bremen leiar når det gjeld sokalla overfallskriminalitet, som inkluderer overfallsran og valdelege ran. Med 194 slike saker per 100.000 innbyggjarar, går Bremen forbi alle andre tyske byar, inkludert Bremerhaven [ein naboby til Bremen; oms.an.], ligg like bak med 178.
Tjuveri er ein annan betydeleg pådrivar til kriminalitet i byen, og utgjer nesten halvparten av alle politimeldingar. Bremen viste spesielt høge ratar av butikktjuveri og tjuveri frå køyretøy. Sykkeltjuveri var òg markante, med 1.087 rapporterte tilfelle per 100.000 menneske – eit tal som berre blir overgått i universitetsbyane Göttingen (2.147), Münster (1.393) og Leipzig (1.105).
Bremen ligg òg høgt på lista når det gjeld bedrageri og cyber-kriminalitet, noko som bidreg til plasseringa på toppen av nasjonale kriminalitetsrangeringar.
Gatekriminalitet, ein vid kategori som inkluderer brotsverk slik som overfall, tjuveri og ran som finn stad på offentlege stader, er eit anna område der Bremen gjer det dårleg. Med 3.702 slike brotsverk per 100.000 innbyggjarar, blir byen berre overgått av Göttingen.
Noko som skaper endå meir bekymring, er den låge oppklaringsraten til byen. Med berre 44,7% oppklaring av saker, ligg Bremen på botn nasjonalt. Innanlandsstyresmakta tilskriv dette delvis det høge volumet av tjuveri- og bedragerisaker, som historisk har natt låg oppklaringsprosent over heile landet.
Dei aukande kriminalitetsratane i Bremen er knytt til innvandring
Dei høge kriminalitetstala i Bremen har ymse forklaringar, men eit gjennomgåande tema i debatten er den unike demografiske profilen til byen.
Ifølgje Det føderale byrået for borgarutdanning (BPB), har 45,1% av befolkninga i Bremen innvandrarbakgrunn – den høgste prosentdelen av nokon tysk delstat.
Weser Kurier og den offentlege kringkastaren Buten un Binnen rapporterer at i 2024 var 73% av alle kriminalmistenkte i Bremen ikkje-tyske borgarar, som er ein oppgang frå 57% i 2023. Styresmakter peikte spesifikt på unge menn frå land i Nord-Afrika og Midtausten, inkludert Marokko, Algerie, Tunisia, Libya og Syria, som overrepresenterte i politistatistikken, spesielt når det gjaldt ran og gatekriminalitet. Tenestepersonar frå politiet sa at mange av gjengangarane etter den tid har blitt fengsla.
I tillegg kom Modernity.news med ein tydelegare samanheng mellom innvandring og kriminalitet, og peikte på samanlikningar med byar som Dresden, som har om lag like mange innbyggjarar som Bremen, rundt 500.000 innbyggjarar, men som har ein mykje lågare del av innbyggjarar med innvandrarbakgrunn (estimert til rundt 10-12%). Kriminalitetsraten i Dresden er dramatisk lågare, trass at den ligg i den økonomisk svakare austlege delen av Tyskland.
Interessant nok har byane med dei høgste kriminalitetsratane – Bremen, Berlin og Frankfurt – òg dei høgste prosentdelane av innvandrarar.»
Innlegget er hentet fra Saksyndig