Derimot: EØS-avtalen: Et blylodd rundt Norges hals.
derimot.no:
Må EØS-avtalen bergast for einkvar pris?
av Gunnar Sortland
I dag, torsdag 6. oktober, er straumprisane i sør-Noreg 23 øre/kWt. I dei siste månadane har prisen vore nær 2 kroner, og av og til over. Dette har naturleg nok ført til voldsame protestar frå mange ulike hald. Kravet har frå fleire parti og organisasjonar vore innføring av makspris. Dei fleste har kravd 50 øre. Kravet har og vore at staten må ta tilbake den politiske kontrollen med straumforsyning og prisfastsetjing. Med andre ord må Noreg gå vekk ifrå ei marknadsstyring med børsnoterte prisar på straum. Etter dei to siste straumkablane til Tyskland og England var ferdige og tatt i bruk, skaut prisane i veret i sør-Noreg. Vi fekk rett og slett prisar som låg på EU-nivå.
Det blei åtvara frå mange hald, særleg frå fagrørsla og den politiske venstresida, om at straumprisane ville kome opp på EU-nivå med desse straumkablane. Statnett og Solberg-regjeringa nekta for at dette ville skje. Olje- og energiminister Søviknes hevda i eit debattprogram i NRK at prisveksten kun ville bli på 2-3 øre.
Kravet om politisk styring vil innebere eit brot med Acer og EØS-avtalen. Dette vil høgrekreftene i Noreg, med bl.a. Støre og Erna, hindre, då det ville kunne stogge glideflukta inn i EU. Difor har det frå desse vore hevda at dei høge straumprisane først og fremst skuldast Putin si krigføring mot Ukraina. Det har óg vore trekt fram at det har regna for lite, slik at vassmagasina var i ferd med å tørke ut. Dette er jo det reine nonsens, då verstatistikk syner at sommaren har vore svært så fuktig.
I går og i dag har nedbørsmengda vore kolossal, og samstundes har prisane sunke som stein i vatn. 23 øre i sør-Noreg. Og sjølvsagt blir dette prisfallet forklart med god fylling av magasina.
Men ser vi på straumprisen i EU, så ligg den på nærare 2 kr i dag. At skilnaden på norske prisar kontra EU-prisar er så stor, har sjølvsagt ikkje med den store nedbøren å gjere. Alt tyder på at regjeringa i den djupaste løynd har tatt ein midlertidig kontroll med straumprisen, så ho har instruert kraftselskapa i Noreg om å senke prisen kraftig og seie at dette hende fordi det kom så mykje regn. Eit slikt tiltak er sjølvsagt klarert med EU, som jo er svært interessert i at EØS-avtalen ikkje blir truga.
Men berre vent: Seinare i haust vil prisen igjen ligge på EU-nivå. Og det kjem ganske sikkert i løpet av vinteren til å bli skyhøgt. Dette vil naturlegvis få grufulle konsekvensar både i EU og Noreg. Allereie no er det ei konkursbølgje i gang i Tyskland og andre EU-land. Også her i landet merkar vi dette. Berre i tredje kvartal i år gjekk nær 700 bedrifter konkurs her i landet. I statsbudsjettet som vart lagt fram i dag, spår regjeringa at arbeidsløysa vil ligge på 1,7% neste år, altså det same som i år.
Dette er ønsketenking i høgste potens. Skyhøge straumprisar, auka renter og prisstigning på alle andre område vil garantert føre til at små og mellomstore verksemder vil bukke under.
Viss ikkje folket i store hopetal reiser seg i kraftige protestar mot ei slik destruktiv utvikling, så kan arbeidsløysa utover vinteren kome opp i 5-10%.
Kravet er enkelt: Nei til børs – Ja til politisk kontroll!
Forsidebilde: Liam Martens
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1