Derimot: Endelig er russerne begynt å skjønne tegningen. Vesten er ikke interessert i dem som partner men som byttedyr.
derimot.no:
USA bør vakne opp og innsjå at russarane er genuint forbanna
For ein skilnad eit tiår gjer. Det var ei tid då USA kunne samtale med Russland med i det minste påtatt respekt. Hugsar du denne utvekslinga mellom Russlands president Dmitry Medvedev og USAs Barack Obama?
Det var den gong. Pipa til herr Medvedev har no fått ny låt. Han kom i går med denne offentlege kunngjeringa:
«Det er unødvendig og til inga nytte å appellere til klokskap hos våre fiendar i Vesten; fiendane må tvingast til å be om nåde i den tapte økonomiske kampen, og ende kampen ved å overgi seg totalt og vilkårslaust.
Eg trur ikkje at Dimitry Medvedev var verken full eller galen då han uttalte dette. Eg trur han er seriøs og gjenspeglar eit synspunkt som store delar av den russiske leiarskapen deler. Dei siste sju månadane har vore ein augeopnar for Medvedev og kollegaane hans. Dei har oppdaga at USA og Europa ser på Russland som eit stykke kjøt som skal malast opp og fortærast. Det finst ikkje noka løysing basert på kompromiss eller forhandling med Vesten. Medvedev la det fram kraftig og konsist — «total og vilkårslaus overgiving».
Eg har sett null mediedekning av dette. Det er alarmerande. Folket i USA lyt forstå at Russland ikkje leikar, og at dei ikkje kjem til å legge seg på rygg og underkaste seg som ein slagen hund, berre fordi USA insisterer på å halde fram med å sluse våpen og pengar inn i Ukraina.
Ta på deg skoa til Russlands leiarar og folk. Dette er det dei har sett gjennom dei siste 8 åra, etter at den demokratisk valde presidenten av Ukraina vart styrta i eit Vest-støtta kupp:
- Samstundes som dei påberopte seg eit djupt engasjement for demokratiet, ignorerte USA og Europa veljarane i Ukraina og hjelpte til med å organisere den illegale fjerninga av president Viktor Fedorovitsj Janukovitsj den 22. februar 2014.
- I etterdønningane av dette kuppet, starta den nyinstallerte ukrainske regjeringa ein krig mot russiskspråklege ukrainarar. Ukraina drap sivile hemningslaust, og Vesten sa ikkje eit ord.
- Trass gjentatte åtvaringar frå Russland om at dei ikkje ville tolerere Vestlege forsøk på å få Ukraina inn i NATO, leidde USA og Europa årlege militærøvingar med Ukraina, og forsynte landet med militær trening og assistanse.
- Russland sitt forsøk på å forhandle med USA om Ukraina sin status, i desember 2021, vart avvist.
- Som svar på Russlands spesielle militæroperasjon, innførte USA og Europa drakoniske sanksjonar og inngav seg i eit fullskala-forsøk på å straffe ikkje berre dei politiske leiarane i Russland, men alle russarar, inkludert ei fordømming av Russlands rike kulturarv.
- USA og Europa held fram med å forsyne Ukraina med våpen og ammunisjon [samtidig som dei deler ut Nobels fredspris til ein russofob trio, mrk.] som blir brukt til å drepe dei nye statsborgarane av Russland som bur i Donbas, Kherson og Zaporhyzhia.
- Russlands forsøk på å forhandle fram fred med Ukraina vart stoppa av Storbritannias statsminister Boris Johnson.
- Storbritannia, Polen og Ukraina annonserte ei trilateral pakt for promotering av Ukrainas forsvar og uavhengigheit i februar 2022.
- Kommisjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (CSCE) og leiande tenestemenn i USA snakkar om å «dekolonisere Russland» – dvs. bryte Russland opp i geografiske regionar.
- Russlands Nordstream-gassrøyrleidningar vart saboterte.
No er det noko som er endå meir illevarslande. Ukraina og Polen raslar med sine kjernefysiske sablar. La oss starte med Ukrainas president Volodymyr Zelensky, som bad om at det internasjonale samfunnet skulle ta «preventiv aksjon» for å avskrekke Russland frå ein potensiell bruk av atomvåpen i krigen i Ukraina ved å angripe Russland:
I ein tale til Lowy Institute, ei upartisk internasjonal tankesmie i Australia, understreka Zelensky viktigheita av «preventive angrep, preventiv aksjon», slik at Russland kan få eit betre bilete av dei potensielle konsekvensane viss dei skulle ta til atomvåpen.
Vladimir Putins presseskretær Dmitry Peskov reagerte fast, med ei ytring som tydeleg gjenspegla president Putin si haldning til Zelensky sine toskete kommentarar:
USA, Storbritannia de facto leier Kiev sine aktivitetar, og derfor bør dei stå ansvarlege for Zelenskys ytringar
Polen gjorde vondt verre då dei denne veka hevda dei hadde spurt USA om å lagre atomvåpen i Polen. Den polske presidenten, Duda, fortalde til Bloomberg News:
«Problemet er framfor alt at vi ikkje har atomvåpen,» sa Duda i eit intervju som avisa Gazeta Polska publiserte på onsdag. «Det finst alltid ein potensiell sjanse til å delta i kjernefysisk deling.» …
I april fortalde Jaroslaw Kaczynski, Polens de-facto sjef som leiar for det regjerande Lov og rettferd-partiet, til den tyske avisa Welt am Sonntag at landet hans var «ope for» å vere vertsland for US-amerikanske atomvåpen.
«Vi har diskutert med leiarar i USA om USA kan tenke seg eit slikt alternativ», at Polen skulle dele desse våpena, sa Duda til avisa. «Emnet er ope.»
Eg var unggut den gongen den kubanske missil-krisa bragte verda til randa av atomkrig mellom USA og Sovjetunionen. Sovjetarane reagerte på at USA plasserte atom-missilar i Tyrkia, og bestemte seg for å gi USA ein smak av eigen medisin. USA var skrekkslagen over utsiktene til å få sovjetiske missilar 15 mil unna kystlinja si, og reagerte kraftig. Heldigvis sigra dei sindige, og det kom i stand ein avtale som forplikta sovjetarane til å fjerne atomvåpena frå Cuba, følgd av at USA fjerna sine atomvåpen frå Tyrkia. Korfor skulle nokon ved sine fulle fem tru at Vesten skulle kunne plassere atomvåpen nesten på grensa til Russland, og at Russland ikkje skulle bry seg eller reagere? Det er galskap.
Vladmir Putin er ikkje nokon verkelegheitsfjern paranoid person. Han tar Vesten på ordet og godtar det faktum at USA og Europa ønsker å øydelegge Russland. Putin er innstilt på å hindre dette, og det er no klart at medlemmane av regjeringa hans og folket i Russland har vakna og skjønt denne trusselen. Om du var i Putins sko, kva ville du gjere? Korleis ville du ha reagert?
Fritt omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Amanda Lim
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1