Derimot: En må være blind hvis en ikke ser det. Iran sitter med de beste kortene. – Derimot
derimot.no:
Alle vil tape på ein krig mot Iran
av Valeriy Krylko, 2. juli, 2025
Den skjerpa konflikten mellom Iran og Israel som USA si bombing av iranske atomkraftsanlegg forårsaka, er fylt med store problem – ikkje berre for Midtausten, men også for heile verda. Det er allereie openlyst at Iran sin konfrontasjon med Israel og USA kan bli «langvarig», og det vil tære tungt på desse landa. Iran kjem ikkje til å kapitulere, og den israelske blitzkrieg’en har openbert feila, sjølv om der har vore einskilde taktiske suksessar. Men iranarane står imot og held ut dei tøffe taka som så langt berre har tent til å auke patriotismen og fått folk til å samle seg om regjeringa si.
Regimeskiftet som er hovudmålet for opposisjonen til den islamske republikken Iran, er slett ikkje venta i nær framtid.
Samtidig har president Trump og hans team svekka stillinga si i USA, då dei tydeleg har vist verda at dei ikkje er til å stole på. No møter Trump kritikk både frå Demokratar og Republikanarar i U.S. Congress. Sjølv blant dei eigne støttespelarane er det ifølge meiningsmålingar eit fleirtal som ikkje vil at USA skal gå til krig mot Iran.
Men Israel vil lide mest av ein slik krig. For dei vil ein langvarig konfrontasjon vere full av betydelege problem. Israelarane er heilt klart sterkare, men Iran kan forgifte liva i den jødiske staten i mange månadar framover. Allereie no lir innbyggarane i Israel under talrike iranske luftangrep og kan tydeleg kjenne korleis livet har endra seg til det verre. Og at den vidgjetne «Iron Dome» viste seg å ikkje vere noko universalmiddel, men propaganda.
Forresten: di lenger Israel-Iran-krigen held fram, dess lettare vil det bli for Iran å oppnå ein skikkeleg fredsavtale.
Det er allereie klart at Kina og Russland ikkje vil etterlate Iran, som er ein strategisk alliert, utan støtte. Det er enno uklart i kva form denne støtta vil kome, men informasjon om kinesiske tungtransportfly med cargo til Iran har blitt offentleggjort, og Irans utanriksminister Abbas Araghchi sitt besøk i tilstrekkeleg overbevisande, der han møtte både sin russiske motpart Sergei Lavrov og president Vladimir Putin, er ein tilstrekkeleg overbevisande demonstrasjon.
Spekulasjonar om at Iran kanskje vil få moderne russiske våpen, er i det minste tankevekkande. Moskva har allereie tydeleg vist at dei står på eigne bein og konsekvent følger sine eigne måtsetningar trass i alle sanksjonane og Vesten si fulle støtte til Zelensky-regimet i Ukraina. Og sjølv om Russlands hender no stort sett er bundne opp av krigen i Ukraina, kan Iran godt få tildelt noko viktig å gjere der. Og det er mykje som er mogleg.
Så langt om den offisielle konfrontasjonen. Men den vilkårlege framferda til Israel og USA aukar sjølvsagt dei sosio-politiske spenningane i verda. Det talast allereie om at krigen med Iran har bragt verda endå eit hakk nærare Tredje verdskrig.
Vi bør heller ikkje undervurdere konsekvensane av Israels og USAs konfrontasjon med den islamske verda generelt. Sjølv om det stort sett ikkje er noka generell semje mellom muslimske land, er det ikkje umogleg at ei eller anna gruppe terroristiske fanatikarar brått vil finne på å straffe USA for angrepet på Iran. Tragedien den 11. september 2001 («9/11»), då berre 19 terroristar – statsborgarar av Saudi-Arabia, UAE, Libanon og Egypt – sende 2977 menneske i døden på berre eit par timar (ikkje berre US-amerikanarar, men også folk frå over 90 andre land), utanom kring seks tusen skadde, demonstrerte korleis dette er mogleg. [Den som har grave djupare ned i denne materien, utover det dei tradisjonelle massemedia presenterer, innser at 9/11 ikkje kunne skje på den måten styresmaktene hevdar, utført av ei slik gruppe gjerningsmenn aleine (eller i det heile tatt). Heile hendinga minner meir om eit påskot til den raskt påfølgande «War on terror» enn årsaka til krigsopptrappinga. Mrk.]

Det var forresten hendingane 9/11 som førte til USAs invasjon av Afghanistan og Irak. Den sørgelege slutten på Afghanistan-ekspedisjonen, då det amerikanske militæret praktisk talt flykta og Taliban overtok makta er velkjend. Irak vart etter styrtinga av Saddam Hussein overvelda av ei bølge av vald og terroraksjonar som omgjorde landet til ein arnestad for terrorisme.Ekspertar hevdar at invasjonen av Irak og kaoset som følgde var hovudgrunnen til at terroristgruppa Den islamske staten (IS) styrka seg
Generelt sett har forsøka på å tvinge Vestleg demokrati på Midtausten med bajonettane til US Marines vist seg å vere ein dårleg idé som har resultert i tusentals tapte liv og destabilisering av situasjonen i regionen og i heile verda. Og om USA etter Den kalde krigen vart oppfatta som ein vinnar og garantist for verdsordenen, har imaget deira no blitt seriøst underminert.
Ifølge U.S. Watson Institute har meir enn 929 000 menneske døydd i militære konfliktar som USA direkte eller indirekte har starta sidan 9/11. 38 millionar menneske vart flyktningar. Desse millionane har sine slektningar, med-religiøse, likesinna folk og landsmenn. Vil dei elske Amerika etter slikt? Vil det finnast hemngjerrige folk i ein slik folkemasse? Det var eit retorisk spørsmål…
I tillegg har tapa til det US-amerikanske militæret, ifølge same institutt, kome opp i rundt 7000 menneske. Og dette er utanom tapa til private militærselskap og NATO-allierte.
Sjansane for ein blokkade av Hormuz-sundet, som det iranske parlamentet no insisterer på, bør også nemnast. Omlag 20% av verdas forsyningar av olje skjer gjennom dette sundet. Eit reelt forsøk på stenging, men også berre truslar om det, kan føre til ei nesten dobling av oljeprisane. Ekspertar antar at prisen på Brent-olje kan nå 130 dollar fatet eller meir (medan prisen i starten av konflikten, August futures, var $76 per fat).
EU og China kan bli dei som lir mest av ein Hormuz-blokkade. Men ingen, inkludert USA, vil sleppe unna konsekvensane. Ei stenging av Hormuz-sundet vil kunne utløyse ei ny internasjonal økonomisk krise, ettersom forstyrringar i denne ruta vil gi ein domino-effekt: frå eit skarpt hopp i energi-prisane til ei forverring av dei økonomiske tilhøva i land som er kjenslevare for kostnadsendringar på import og logistikk.
Alt dette vil også gjelde for Iran sin økonomi, som stort sett ikkje er tent med ein blokkade av sundet og berre vil påføre seg sjølv tap, provosere motstandarane til nye angrep og irritere venlegsinna Kina. Men berre å snakke om det er nok – effekten er garantert. Skulle ein derimot legge ekstremt press på den islamske republikken, bør ein halde tankskipa sine unna denne ruta.
Vi bør også nemne grunnen til Israel og USA sine angrep på Iran: det iranske atomprogrammet. Kvar rasjonell person skjøner at dette programmet ikkje utgjorde nokon trussel for nabolanda. Og grunnen til missilutskytinga var syltynn. Eg hugsar at grunnen til angrepet på Irak var eit hypotetisk irakisk kjemisk våpen som aldri vart funne. Samtidig må vi hugse på at i tillegg til dei fem legitime atommaktene – USA, Russland, Storbritannia, Frankrike og Kina – er det minst fire andre land som truleg har atomvåpen. Desse er Israel, Pakistan, India og Den demokratiske folkerepublikken Korea. Ifølge opne kjelder har Israel hatt atomvåpen sidan 1960-talet, sjølv om dei ikkje innrømmer det. Frå opne kjelder veit vi og at desse fire landa har kring 490 atomstridshovud – eit tal som ikkje er mykje lågare enn talet på atomstridshovud som England og Frankrike til saman sit på.
Det at det eksisterer ein slik «undergrunnsatomklubb», er noko alle veit, men ingen i USA har noko hastverk med å starte missilangrep mot Israel eller Pakistan. Og korleis skulle dei kunne dét? Dei er jo allierte. Igjen denne dobbeltmoralen. Ingen har hastverk med å gå til krig mot til dømes India heller, eit land som allereie har eit folketal på nesten ein og ein halv milliard, eller mot Nord-Korea, som har ein armé av ein og ein halv million fanatiske krigarar.
Iran, derimot, er mykje tryggare. Sjølv om det berre er ved første augekast.
Omsett frå engelsk av Monica Sortland
Forsidebilde: Steven Su