Derimot: En helt annen stemme og vinkling. Hvordan virkeligheten ser ut fra russisk side.
derimot.no:
Vi offentliggjør hele innlegget nylig i Sikkerhetsrådet fra Russlands FN-ambassadør. I våre medier leveres bare forvrengte utdrag og tolkninger av det Russland faktisk hevder. Det siste er den vedvarende kampanjen om at Russland truer med bruk av atomvåpen, mens det er det motsatte som er tilfelle. Det er det Nato som gjør, men de bruker omskrevne tolkninger av det Putin har sagt som påskudd for selv å true.
Knut Lindtner
Redaktør
Debrifing om Ukraina i FNs Sikkerheitsråd – talen til Russlands permanente representant Vassily Nebenzia
Den 21. oktober, 2022
Herr president,
La meg først meddele dykk vår perpleksitet. Vi forstår ikkje heilt kva slags tilleggsverdi det har, bortsett frå å forlenge denne sesjonen, å inkludere på talarlista representantane for Slovakia, Polen, Tyskland og Hellas. Vi har ei debrifing her, ikkje ein debatt. Standpunkta til desse statane er velkjende for oss, og representanten for EU kunne ha summert det opp heilt greitt. Vi oppfattar dette berre som eit begjær hos desse representantane etter å opptre på nasjonalt fjernsyn, og ikkje noko meir enn det. Herr president, vi ber deg vere meir omhyggeleg når du set opp talarlister for møte om dette emnet i framtida.
Vi noterer oss debrifingane til USG DiCarolo og FNs koordinator i Ukraina Denise Brown. Vi ser at Sekretariatet endeleg har byrja uroe seg over øydelegging av sivil infrastruktur. Dessverre er dette igjen ei uro med slagside, for det har ikkje blitt sagt eitt ord verken om øydeleggingane som Kiev har forårsaka i Donbas under dei siste 8 åra, eller om tapa av sivile liv som skjer som resultat av angrep frå ukrainske væpna styrkar. Uhyrlege terroristangrep utført av Kiev mot slike infrastrukturfasilitetar som Krim-brua, kjernekraftverket i Saporosje [Zaporozhye] og vasskraftsstasjonen i Kakhovskoje får ingen reaksjon frå FN-sekretariatet.
Som grunn til å kalle inn til dette møtet, siterte våre Vestlege kollegaer intensiverte angrep på ukrainsk sivil infrastruktur frå den russiske sida. La oss sjå på korleis tinga verkeleg er.
Under dei siste to månadane har det ukrainske regimet og deira Vestlege sponsorar tilsynelatande vore euforiske over nokre taktiske framrykkingar for dei ukrainske troppane på nokre stiar som kosta Ukraina enorme tap av mannskap og utstyr, noko som gjorde at dei starta å drive fram, på alle moglege måtar, idéen om at Russland angiveleg skulle ha utmatta sine materielle og menneskelege ressursar og var i ferd med å tape på slagmarka. I mellomtida har ukrainske «strategar» (støtta av sine Vestlege sjefar) tatt opp terroristiske metodar med sabotasje på russisk territorium. Dette kan stadfestast i mange tilfelle, det tydelegaste av desse var terroristangrepet på Krim-brua den 8. oktober, som vart utført av ukrainske spesialtenester. Fire menneske døydde, og hovudåra for leveransar av mat, medisinar og andre livsviktige ting til folket på halvøya vart delvis øydelagt.
Ukrainske offisielle tenestemenn, inkludert visestatsminister og sjef for departementet for digital transformasjon, M. Fedorov, og rådgivar for innanriksministeren, A. Gerasjtsjenko, tala utrøytteleg «med salvelse» om dette brotsverket. Offisielle kontoar for Ukrainas Forsvarsdepartement kom også med nokre lystige publiseringar på sosiale medium. Etter irettesetting frå dei Vestlege sponsorane, prøvde Kiev å kaste skulda over på Russland. Men det vart lekka ein video til internett som viste Ukrainas utanriksminister D. Kuleba som stadfesta at det var Kiev som stod bak angrepa på Krim-brua og Belgorod-regionen i Russland. Her er ordrett kva millionar av internettbrukarar høyrde at han sa: «Spør du meg kven som sprenger opp ting på Krim eller i Belgorod, så skal eg fortru deg at, ja, det er oss.»
Åtte år med bitre erfaringar for folket i Donbas har vist oss kva Kiev-regimet er i stand til, ei avgjerd vart tatt om å kjøle ned krigsiveren til Kievs uforskamma terroristar. Våre høgpresisjonsmissilar og russiskproduserte droner slo til mot, og råka, mange militære fasilitetar og relatert infrastruktur i Ukraina for å underminere den militære kapasiteten og potensialet til Zelensky sitt regime som er retta mot hans nasjon.
Sjølvsagt vart ikkje denne situasjonen sett pris på av dei Vestlege statane, som vart heller hysteriske, og dette hysteriet fortset å utfalde seg på dette møtet. Våre Vestlege kollegaar ønsker framleis ikkje å sjå sanninga i auga og innrømme at sivile fasilitetar berre vart skadde når dronene vart skotne ned av ukrainske territorialforsvarseiningar, og derfor avveik frå den opprinnelege kursen sin, eller når sivile objekt vart råka av ein villfaren ukrainsk luftforsvarsmissil som ikkje hadde greidd å avskjere målet sitt. Mange slike tilfelle vart fanga på kamera og er tilgjengelege på internett.
No prøver Ukraina og deira Vestlege sponsorar å drive fram ei anna falsk historie om påståtte leveransar av iranske dronar til Russland – eit brot på FNs Sikkerheitsråds resolusjon 2231. Vi avviser alle forsøk på å dra FN-sekretariatet inn i denne lyssky affæren, som Tyskland, Frankrike og Storbritannia påtok seg i dag då dei sirkulerte eit brev blant Sikkerheitsrådets medlemmar, der dei faktisk bad Sekretariatet bryte Artikkel 100 av FN-konvensjonen og mandatet som er forordna i Notat S/2016/44 frå Sikkerheitsrådets president, datert 16. januar, 2016. USA gjekk til og med endå lenger og krevde i sitt brev at Sekretariatet skulle føreta ei gransking, noko desse ikkje autoriserte til å gjere. Dette er ein skandaløs situasjon. Vi artikulerte vår juridiske vurdering av den som respons på brevet de fekk før møtet. Vi forventar at Sekretariatet kjem med ei uttømmande stadfesting av at dei ikkje kjem til å følge desse instruksjonane til Vestlege delegasjonar i brot mot FN-konvensjonen, og at dei ikkje vil utføre noka gransking.
Viss FN-ekspertane vel å engasjere seg i denne pseudo-granskinga på vegner av Vestlege kriminelle medan dei lagar ugrunna referansar til Sikkerheitsrådets resolusjon 2231, vil vi bli tvinga til å revurdere heile vårt forhold til FN-sekretariatet, for i så fall vil vi ikkje lenger kunne gå utifrå at FN-sekretariatet er upartisk.
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 18