Derimot: En helt annen fortelling: Bok om bakgrunnen for Ukraina-krigen.

derimot.no:

Naudsynt kunnskap

Av Hans Olav Brendberg

Benjamin Abelow har skrive ei bok om krigen i Ukraina som inneheld kompakt, naudsynt kunnskap. Dette er ei bok som treff forbausande godt – inkludert formatet. Dette er ingen murstein – med 66 sider tekst er det heilt overkommeleg for alle engelsklesande å koma igjennom Abelows bodskap. Dette er ikkje ei bok med «alt du treng vita om Ukrainakrigen» – det er ei bok som prioriterer strengt, og argumenterer overtydande.

Abelow set konflikten inn i eit lengre perspektiv når det gjeld tilhøvet mellom Vesten og Russland. I kortfatta, oversiktlege historiske samandrag syner han korleis konflikten først utvikla seg frå Sovjetunionens samanbrot fram til 2014, og deretter korleis konflikten deretter utvikla seg til krig som framleis eskalerer.

Deretter plasserer Abelow tilhøvet mellom Russland og det nære utland i eit større tryggleikspolitisk perspektiv – inkludert korleis slike spørsmål de facto blir sett på og handtert frå den andre store atommakta. Han viser i detalj korleis det tryggleikspolitiske samarbeidet mellom atommaktene på slutten av den kalde krigen har vorte erstatta av einsidig avvikling og mistillit – og korleis denne utviklinga starta før 2014.

Benjamin Abelow

Og ikkje minst: Han viser korleis einsidige og vridde forteljingar i denne samanhengen blir sjølvoppfyllande profeti, og korleis dei som har hovudansvaret for denne katastrofen på denne måten vrir seg unna ansvar – og i neste omgang tilrår meir av same politikk som førte oss i retning av ei meir og meir utrygg verd.

Til slutt oppsummerer Abelow korleis dette kunne gått langt betre om ein hadde gjort andre val, og ikkje minst kva trøysteslaus situasjon vi no har hamna i.

Abelow spinn såleis vidare på tråden Stephen F. Cohen trekte opp i si siste bok, «War with Russia». Og han gjer ikkje minst dei ressonementa som Cohen, Mearsheimer og andre har fremja tilgjengeleg i ei lettforståeleg, konsis og samla framstilling. Dette er rett og slett heilt naudsynt kunnskap – uansett kva ein elles meiner om Ukrainakrigen. Og det er kunnskap ein ikkje utan vidare tileignar seg om ein berre følgjer med på mediedekninga.

Og om nokon lurar på om dei kan ta mitt ord for dette – so treng dei ikkje gjera det. Langt klokare hovud enn meg har lese denne boka – og tilrår ho av desse grunnane. Det gjeld folk som Noam Chomsky, Chas Freeman, Jack Matlock jr., Douglas McGregor, Richard Sakwa og John J. Mearsheimer.

Nokon burde omsetja og gje ut Abelows bok på norsk. Dette er posisjonen ein må argumentera mot og tilbakevisa – dette er den konsise framstillinga av posisjonen til dei som er kritiske til vestleg politikk.

Hic Rhodos, hic salta!

Benjamin Abelow: How the west brought War to Ukraine.

Siland Press, 2022.

74 sider med register. 

14 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 14 ganger.

Post Views: 17

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...