Derimot.no

Derimot: Emigrasjonsbølge på Lampedusa. 6000 unge menn vil til EU.

derimot.no:

6000 innvandrarar på 24 timar: Den italienske øya Lampedusa erklærer unntakstilstand

Innlegget er hentet og kommentert fra Saksyndig

Hordar av lykkejegerar invaderte tysdag 12.september den italienske øya Lampedusa. Denne bølgja på 6000 menneske – alle unge, sterke menn – er meir enn sjølve innbyggjartalet på middelhavsøya. Det er ReMix News som rapporterer dette. I tillegg til desse seks tusen mannfolka i hundrevis av båtar, er det òg rapportert valdelege scener i det innvandrarane prøvde å bryte seg gjennom politisperringar.

Georg Pazderski skriv på X (tidlegare Twitter) (mi omsetjing):

«Apokalypse på Lampedusa. Italiensk politi prøver å halde ulovlege afrikanske innvandrarar i sjakk. I mellomtida har 160 båtar kome der med 8000 ulovlege innvandrarar: berre unge, sterke menn som migrerer til våre sosiale system.»

Pazderski er tidlegare politikar for partiet Alternative für Deutschland (AfD).

Det er her uvisst om det er 6000 eller 8000 som er det korrekte talet – like fast er det eit enormt tal for den vesle øya, og langt meir enn lokalsamfunnet er førebudd på.

Filippo Mannino

Som ein respons på denne bølgja av unge, friske menn, har ordførar Filippo Mannino erklært unntakstilstand. Dette vart gjort onsdag kveld, ifølgje nyheitsbyrået Ansa. Han krev meir støtte for den vesle øya, som han seier er under «sterkt press». ReMix News skriv at talet innvandrarar på øya no offisielt er større enn talet på fastbuande.

Mannino seier at alle etter beste evne har hjelpt dei innvandrarane som treng hjelp, men at det no er på tide å sjå etter ei strukturell løysing. Det er derimot uklart kva ei unntakstilstandserklæring faktisk vil oppnå, so lenge det ikkje kjem konkret støtte frå dei konservative som sit ved makta i Italia. Allereie i april erklærte dei nasjonal unntakstilstand då talet innvandrarar via Middelhavet skaut til himmels.

Steve Laws deler ein video av Lampedusa-situasjonen og skriv:

«Dette er Lampedusa i natt etter at dei vart invaderte av tusenvis av afrikanarar. Dette er den demografiske utskiftinga av europearar som skjer rett framfor auga dykkar.»

Saksyndig kan ikkje sjå nokon kvinner eller barn i folkemengda. Har desse mennene berre forlate dei i sine heimland?

Lampedusa ligg mellom øya Sicilia og Nord-Afrika, og har vore eit større innvandringsknutepunkt i årevis. Lokalt politi nektar å kommentere den kaotiske stoda. Tyskland har slutta å ta imot ulovlege innvandrarar frå Italia, og dette har skapt spenning mellom den venstreorienterte tyske regjeringa og den konservative italienske regjeringa. Tyskland, som sjølv slit med ei innvandringskrise, har lovt å ta imot 3500 innvandrarar frå hardt råka land i Sør-Europa slik som Italia. Til no har Tyskland berre teke imot 1700, derav 1043 frå Italia. Tyskland ønskjer å sende tilbake 10 000 innvandrarar til Italia under dei sokalla «Dublin-reglane», som seier at asylsøknader må behandlast i det landet der ein innvandrar fyrst søkjer asyl. Dette nektar Italia å gå med på ifølgje Tyskland.

Under sin kampanje på å bli Italias statsminister lovde Giorgia Meloni å innføre «hamneblokkade» for båtflyktningar. Dette løftet har ho ikkje halde. Mellom 1.januar og 16.august 2023 har totalt 101 386 innvandrarar kome til italienske øyar eller sjølve fastlandet. Dette er meir enn det dobbelte av dei 48 000 som ankom landet i same periode i 2022, og nesten tre gonger so mykje som dei 34 556 som kom i 2021.

I det store fleirtalet av tilfelle ønskjer innvandrarane som kjem til Italia å reise vidare nordover til land som Tyskland, Austerrike og – som vi alle veit – Sverige og Noreg.

Forsidebilde: Enrica Tancioni

Les artikkelen direkte på derimot.no