Derimot: Ein sanksjonerer Russland, og så skylder ein på dei Årsakene til svolt er manipulasjon av matprisane og storselskaps «landgrabbing»

derimot.no:

Av Manlio Dinucci

Under FNs Food Systems-toppmøte stadfesta Italias president Giorgia Meloni Vesten sine skuldingar mot Russland:

«Russland sin aggresjonskrig mot Ukraina har forverra mat-usikkerheita i mange afrikanske nasjonar, hatt ein veldig innverknad på korndistribusjonen i verda som har forverra den globale matsikkerheitskrisa. Dette er årsaka til det faktum at 30 prosent av menneskeslekta, 2,4 milliardar menneske, ikkje har tilgang på passande mat, at over 700 millionar menneske (ifølge offisielle estimat) er kronisk underernærte, dvs. dømde til for tidleg død på grunn av svalt.»

Dei verkelege årsakene

Kva dei verkelege årsakene er, viser Verdsbankens eigne tal: sjølv om en gros-prisane på landbruksprodukt og korn har falle med høvesvis 4 prosent og 12 prosent på eitt år, har matprisane stige over heile verda, ofte med 10 prosent eller meir. Det har særleg råka låginntektsland. Kva som er dei reelle årsakene til svolt, blir demonstrert av det veksande fenomenet “landgrabbing”: at svære spekulantgrupperingar grabbar til seg oppdyrka mark i Afrika og andre regionar. Dei same gruppene som spekulerer i alle varer, inkludert korn: av spekulative grunnar blir det kvar dag inngått over 6 millionar kontraktar for kjøp og sal av varer på handelsvarebørsen i Chicago (Chicago Commodity Exchange).

Skuldingane om at Russland skapar hungersnaud i Afrika fordi dei blokkerer utskiping av ukrainsk korn, fell i møte med det faktum at nesten alt kornet som Ukraina har sendt, har gått til EU-land, ikkje til fattigare nasjonar. Berre to skip av 87 vart sende til sistnemnde.

På det andre Russland/Afrika-toppmøtet vart det kunngjort at Russland i fjor eksporterte meir enn 11 millionar tonn korn til Afrika og nesten 10 millionar tonn under dei første seks månadane av 2023. Alt dette skjedde trass i dei illegale sanksjonane på russisk eksport. Gjennom dei komande månadane vil Russland forsyne Burkina Faso, Zimbabwe, Mali, Somalia, Den sentral-afrikanske republikken og Eritrea med 50 000 tonn kveite kvar, levert gratis.


Fra Global Research, publisert 31. juli 2023.
Omsett av Monica Sortland fra engelsk.
Originalartikkel: Russia Starves the World.” Italy’s Meloni “Confirms It”. The Causes of Hunger are Manipulation of Food Prices and Corporate “Land Grabbing

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...