Derimot: Donald Trump truer Hamas. Er dette enda et ordrikt røykteppe fra USAs president? – Derimot
derimot.no:
Fleire tomme truslar frå Donald Trump?
av Larry C. Johnson


Donald J. Trump (@realDonaldTrump) la onsdag ut dette på X (tidlegare Twitter):
«Shalom Hamas» betyr Hei og Farvel – dere kan velge. Slipp fri alle gislene nå, ikke senere, og returner umiddelbart alle de døde kroppene til menneskene dere har myrdet, ellers er det OVER for dere. Bare syke og fordreide mennesker beholder lik, og dere er syke og fordreide! Jeg sender Israel alt de trenger for å fullføre jobben, ikke et eneste Hamas-medlem vil være trygt hvis dere ikke gjør som jeg sier. Jeg har akkurat møtt deres tidligere gisler, hvis liv dere har ødelagt. Dette er deres siste advarsel! For lederskapet: Nå er tiden inne for å forlate Gaza, mens dere fortsatt har en sjanse. Og til folket i Gaza: En vakker fremtid venter, men ikke hvis dere holder gisler. Hvis dere gjør det, er dere DØDE! Ta en SMART avgjørelse. FRIGJØR GISLENE NÅ, ELLER DET VIL BLI ET HELVETE Å BETALE SENERE!
DONALD J. TRUMP, PRESIDENT I AMERIKAS FORENTE STATER
Spelet til Trump byrjar bli tynnslite. Han prøvde same gambit for ein månad sidan, og sjølv om det verka som ein genuin trussel, så gjorde han ingenting. Eg trur den siste dystre trusselen hans er meir ein avleiingsmanøver, for å leie merksemda bort ifrå det faktum at hr. Witkoff er i Doha, Qatar, og snakkar direkte med Hamas-leiarar. Viss Witkoff lykkast i å trekke ut nokre kompromiss frå Hamas, så kan Trump ta seg ein sigersdans medan han hevdar at hans «tøffe snakk» produserte resultat. Sanninga blir noko anna – det var i så fall Witkoff som vann fram med sitt snakk med Hamas.
Medan Witkoff er i Qatar, driv Israel med mykje sabelrasling og truing om å gå tilbake til den såkalte offensiven. Den ekte nemninga for dette er «folkemord». Sionistane og Trump har ein del til felles når det gjeld ordbram og truslar. Sjølv om sionistane framleis let som at dei har skamfert Hamas, er sanninga ei anna. Hamas påførte den israelske okkupasjonsstyrken («Israeli Occupation Force», ,IOF (=IDF)) alvorleg skade, og takka vere våpenkvilen har dei hatt tid til å omgruppere seg og førebu seg til neste runde med sionist-angrep.
Eg har sett eit par mediekanalar som rapporterer at Trump har avvist det egyptiske forslaget til gjenoppbygging av Gaza, men før vi får ei offisiell stadfesting frå Det kvite hus, ser eg på det som meir villeiing. Witkoff har vist at han ikkje er redd for å snakke med nokon, og eg er sikker på at han forstår at ei brysk avvising av ein egyptisk plan som er støtta av Jordan og Saudi-Arabia medfører ein risiko for å støyte desse landa frå seg og knuse Trump sine voner om å få lage ein fredsplan for regionen.
Egypt sin utanriksminister Badr Abdel Ati har uttalt det følgande om forhandlingane:
- “Egypt, Qatar og USA har eit ansvar for å presse Israel til å starte forhandlingar i fase 2.”
- “Egypt og Qatar sin oppriktige innsats greidde med suksess å kome fram til ein 3-trinnsavtale.”
- “Så langt har første fase blitt implementert, og det er framleis éin part som prøver å sleppe unna pliktene sine.”
- “Begge partane har sine plikter i avtalen, og dei lyt oppfylle pliktene sine, spesielt Israel.”
- “Israel må oppfylle pliktene sine om å levere bistand og sleppe fri det avtalte talet på palestinske fangar.”
- “Egypt og Qatar reknar med USA si rolle i oppfyllinga av det som er avtalt.”
Så vi har atter blitt konfronterte med ein Donald Trump som til publikum seier éin ting, men tydelegvis gjer det tvert motsette bak sceneteppet. Eg håpar, for det palestinske folkets skuld, at Trump er seriøst interessert i å gjere ein avtale for å sikre ein omfattande fred. Men dei sionistiske settlarane er så ekstreme at dei truleg ikkje vil akseptere noko framforhanda forlik. Hadde det ikkje vore fint å sjå sionist-galningane få Zelensky-behandlinga – altså at ein frustrert Donald Trump eksploderer av den uforsonlege staheita? Vi kan vel drøyme, kan vi ikkje?
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/more-empty-threats-from-donald-trump/
Forsidebilde: iStock