Derimot: Overdødelighet også i USA. Skyldes det vaksinene?

derimot.no:

Hemmeleg CDC-rapport: Sidan lanseringa av Operasjon Warp Speed har minst éin million amerikanarar «døydd plutseleg»

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) har stille bekrefta at minst 1,1 millionar amerikanarar har «døydd plutseleg» sidan Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» vart introduserte under Operasjon Warp Speed.

Sidan den tida då det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) gav naudgodkjenning (EUA; emergency use authorization) for sprøytene, har meir enn seks millionar amerikanarar døydd samanlagt. Av dette er 1 106 079 dødsfall sett på som «overtal», basert på det femårige snittet frå 2015 til 2019.

Andre statlege data bekreftar at dødelegheitsratar per 100 000 menneske er høgst blant den «fullvaksinerte» befolkninga, noko som antydar at covid-injeksjonar er årsaka til all denne overtalsdødelegheita.

Vi har Organisation for Economic Co-operation and Development (OEC) å takke for alle desse dataa, som gjer arbeidet som CDC og FDA nekta å gjere, ved å faktisk presentere det slik at folket kan sjå det.

OEC, ein mellomstatleg [engelsk intergovernmental] organisasjon med 38 medlemsland, vart grunnlagt i 1961 for å «stimulere økonomisk framgang og verdshandel». Del av det gruppa gjer er å samle data og kome med estimat på grunnlag av dei i eit format som er lett fordøyeleg.

Folk byrja å døy ETTER sprøytene vart sleppte ut, ikkje før

So langt har kvar einaste veke i 2022 sett eit betydeleg og oppsiktsvekkjande tal overtalsdødsfall.

«Dette tydar at 1700 eller fleire amerikanarar faktisk døydde innan veke 38 av 2022 enn dei som døydde innan veke 38 av 2020, trass det faktum at der var ei diger bølgje av påståtte covid-19-dødsfall i løpet av denne perioden,» rapporterer The Exposé om kva dataa viser.

Sagt på ein annan måte, skjer der fleire overtalsdødsfall i ettersprøyte-æraen enn der var i førsprøyte-æraen då media og regjeringa skremde alle frå sans og samling med «covid». Det viser seg at den ekte trugselen er sprøytene.

«Men det er ikkje det verste her,» la The Exposé til. «Fordi dei offisielle CDC-tala avslører at 2021 var eit rekordbrytande år for dødsfall i USA, der landet rapporterte meir enn 100 000 fleire dødsfall enn dei gjorde i 2020, før utrullinga av dei eksperimentelle covid-19-injeksjonane.»

Dei offisielle tala frå CDC viser at meir enn 101 000 ekstra menneske døydde i 2021 etter Operasjon Warp Speed var i full sving, samanlikna med i 2020 då sprøytene enno ikkje hadde blitt sleppte laus.

«Den fyrste covid-19-injeksjonen vart administrert i USA 14.desember 2020, og ifølgje dei stille publiserte tala frå CDC, miste 6 090 716 amerikanarar tragisk livet etter denne datoen fram til veke 38 av 2022,» seier The Exposé.

Dersom covid-injeksjonar verkeleg vart sleppte laus for å «redde liv», gjorde dei jammen santen ein skrekkeleg jobb. Fleire døydde på grunn av injeksjonane; hadde dei aldri blitt sleppte laus i fyrste omgang, hadde liv faktisk blitt redda.

«Eg las nyleg at det globale talet på overtalsdødsfall er over 75 millionar,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet. «Kombiner det med deira tap av regenerasjon, so vel som mannleg og kvinneleg ufruktbarheit, og dette blir ei masseutryddingshending.»

Ein annan svarte at det faktiske talet, ifølgje BizNews, er 0,75 millionar, eller 750 000 overtalsdødsfall over heile verda i 2022.

«Global overtalsdødelegheit er no større enn den var under Andre verdskrig,» skreiv nokon andre, og antyda at covid-sprøytedødsfall er del av ein pågåande Tredje verdskrigs-masseavfolkingskampanje.

Dr. Eli David på Twitter formidla at i Israel var 2020 visstnok ein «ein-gong-per-hundreår-pandemi», med ingen vaksinar tilgjengelege, men at total dødelegheit var langt høgare i 2021 og 2022 etter at sprøytene vart sleppte laus.

Artikkelen er noke avkorta.

Forsidebilde: John Fornander

5 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 5 ganger.

Post Views: 31

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...