Derimot: Direkte konfrontasjon mellom Nato og Russland? Hvis vesten leverer langtrekkende missiler til Ukraina kan mye skje. – Derimot
derimot.no:
Danny Davis og eg tar eit djupdykk i Ukraina
av Larry Johnson , 27. august 2024
Nylege kommentarar frå Russlands utanriksminister Lavrov, på ein sams pressekonferanse med representanten til Jemen, signaliserer eit fundamentalt skifte i Russlands politikk på krigen i Ukraina som innvarslar ei dramatisk eskalering av konflikten dersom Vesten ignorerer bodskapen til Lavrov. Han kom med følgande hovudpoeng:
Russlands doktrine om bruken av atomvåpen blir «no avklart».
Kiev sine krav om at Vesten skal tillate angrep med Storm Shadow-missil på Moskva og St. Petersburg er utpressing, og det å diskutere potensiell bruk av slike, er å leike med elden».
Russland vil ikkje la seg bli styrt av eit «fredsmøte» med Ukraina i eit land i det globale sør dersom det følger same logikken som det første gjorde.
Viss Vesten er interessert i å løyse konflikten i Ukraina, så lyt ein starte forhandlingar.
Dette følger i hælane på utsegna til Russlands viseutanriksminister Sergey Ryabkov:
«Ei spesifisering av eitt eller anna slag» av Russlands kjernefysiske doktrine kan kome etter ei stund med vidare eskalasjonar av situasjonen frå Moskvas opponentar si side.
Vesten gjer best i å lytte nøye til orda deira. Desse to mennene har ikkje ry på seg for å kome med uførebudde utsegner eller seie kva som helst som måtte falle dei inn. Dei gjer klart og tydeleg og kraftig greie for Russland sitt syn på bruken av NATO-våpen inne på russisk territorium – Russland vil ramme NATO-land dersom dei leverer våpen som kan ramme djupt inn på russisk territorium. Noko Ukraina krev.
Merk dykk korleis ein russisk bloggar, som skriv på Telegram, ser på denne utviklinga:
Ifølge dei siste utsegnene til Sergey Lavrov, driv no Russland og avklarer sin kjernefysiske doktrine. Det er tydeleg at dette vart sagt som respons på informasjonen som sirkulerer om forhandlingane som er på gang mellom USA og Ukraina, som gjeld Washingtons løyve til å ramme strategisk djupt inn på russisk territorium.
Det er berre éin uhyggeleg ting her: korleis kunne Moskva kome til det punktet der slike amerikansk/ukrainske forhandlingar vart moglege? Dette hadde ikkje skjedd viss Russland hadde respondert adekvat på eskaleringa frå Ukrainas Vestlege allierte. Men Moskva har vald taktikken med dei vidgjetne «raude linjene» som no meir og meir liknar ein ubegripeleg vinaigrette. Det vil seie: dei blir sakte kryssa og flytta.
Den einaste måten ein no kan endre situasjonen på, er gjennom ei eskalering som føregrip planen. Innsatsen må altså auke skarpt, unilateralt og høgare enn USA og EU-landa har gjort. Vi talar sjølvsagt om atomvåpen. Det som no trengst, er berre vage utsegner om at Russland reserverer seg retten til å angripe visse NATO-fasilitetar i tilfelle deira strategiske fasilitetar blir angripne av langtrekkande våpen.
Det er no nødvendig å kunngjere at dersom slike angrep kjem, så vil Russland straks og utan tvil slå til mot militære fasilitetar til land som forsyner Ukraina med våpen. Og viss Den nordatlantiske alliansen svarer med nye angrep, vil Russland svare på desse med atomvåpen (til å byrje med avgrensa, på taktisk vis).
Altså må Biden-administrasjonen og Brussel-byråkratiet få tydeleg presentert kva val dei har: enten ein avgrensa kjernefysisk krig i Europa (med mogleg ekspansjon av scenen for militæroperasjonar), eller at dei nektar bruk av NATO-våpen mot Russland i strategisk djupn.
Det vil resultere i at dei «raude linjene» til det kollektive Vesten vil bli testa: vil dei gå med på ein avgrensa atomkrig? Er USA og deira europeiske allierte klare for å risikere sin eigen eksistens for Ukraina-saka? Hugs på at Washington stod overfor eit liknande dilemma (i samband med dei europeiske NATO-medlemmane, sjølvsagt, ikkje Ukraina) langt tilbake på 1960-talet, og då var svaret utvetydig: nei, absolutt ikkje. No har lite endra seg.
I Russland er det i ferd med å vekse fram eit folkekrav om aksjon for å straffe Vesten for at dei har tilrettelagt for mord på og lemlesting av russarar. Når Lavrov seier at Vesten leikar med elden, snakkar han ikkje om folk som sit rundt eit bål og syng Green Grow the Rushes O. Nei. Dette er eld av typen radioaktiv, som gløder i mørket.
Dette betyr ikkje at Russland vil bli først ut med å bruke eit atomvåpen. Om dei bestemmer seg for å slå til mot NATO-mål, vil dei angripe NATO-basar eller forsyningsstasjonar med konvensjonelle stridshovud. Ballen er då på Vestens banehalvdel – eskalere eller skaffe seg ei realitetsorientering. Det er dette Danny og eg diskuterer: https://youtu.be/G1S3xTKBKqQ
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/danny-davis-and-i-deep-dive-on-ukraine/
Forsidebilde: KI-generert