Derimot: Dilbert-skaperen svært syk. Innrømmer at de uvaksinerte hadde rett. – Derimot

derimot.no:

Skaparen av Dilbert innrømmer at uvaksinerte hadde rett

Vi har sakset dette innlegget fra Saksyndig

Scott Adams, skaparen av den populære teikneseriestripa Dilbert, har prostatakreft i eit seint stadium og seier han ikkje har lenge igjen å leve. I ein nyleg, brutalt ærleg video innrømte han offentleg at dei som nekta å ta covid-19-«vaksinane» tok det rette valet, medan hans eiga avgjerd om å ta sprøytene no kan koste han livet. Han erkjenner òg at vaksinemotstandarar, som viste mistillit til staten og konsern-narrativa, no nyt betre helse, naturleg immunitet og fred i sinnet. Innrømminga hans kjem midt opp i eit skred av evidens som knyter mRNA-vaksinar til turbokreft, immunforsvar-dysfunksjon og andre alvorlege helserisikoar.

Scott Raymond Adams (født 8. juni 1957) er en amerikansk forfatter og tegneserieskaper. Han er skaperen av tegneserien Dilbert.

Finn Heartley i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I videoen vedgjekk Adams – ein gong ein utprega støttespelar til covid-19-vaksinar – nederlag:

‘Anti-vaxxers ser ut til å ha rett. Nokon som ikkje vart vaksinert fekk lite grann Omikron eller kanskje til og med ein verre ein, men vart friske igjen – no har de naturleg immunitet og ingen vaksinar i dykk. Kan vi alle vere einige om at det var den rette vegen å gå?’

Han heldt fram: ‘Dei smartaste, lykkelegaste menneska er dei som ikkje tok vaksinen og som framleis er i live… Anti-vaxxer-ane er tydeleg vinnarane på dette punktet. Og eg trur at det sannsynlegvis vil halde seg slik.’

Adams, kjent for sitt skarpe vit og analytiske sinn, innrømte at hans eigne ‘fancy analysar’ førde han på ville vegar, medan dei som rett og slett ikkje stolte på styresmaktene kom ut sigrande.

Turbokreft og lydigheitas pris

Diagnosen til Adams stiller seg jamsides ei veksande bølgje av ‘turbokreft’ – aggressive, vondarta og raskt veksande svulstar knytt til mRNA-vaksinar. Helseekspertar, inkludert uavhengige forskarar som Mike Adams (ikkje i slekt) i Brighteon Broadcast News, har lenge åtvara at sprøytene kan utløyse katastrofal undertrykking av immunforsvaret, forgifting av piggprotein og DNA-skade.

[Kommentar frå Saksyndig: Mike Adams er eigar av nettstaden Natural News.]

Mike Adams, som omfattande har dekt vaksineskadar, kalla videoen til Scott ‘modig’, men tragisk. ‘Dette er ikkje måten vi ønskte å ha rett på,’ sa han. ‘Folk som tok sprøytene døyr no av turbokreft. Det er ikkje ein siger – det er ein tragedie vi kunne ha unngått.’

Naturleg immunitet vs. mislykka vaksinar

Innrømminga til [Scott] Adams set søkjelyset på ei nøkkelsanning undertrykt av hovudstraumsmedia: naturleg immunitet, erverva gjennom infeksjon og tilfriskning, har vist seg langt meir varig og tryggare enn vaksine-indusert immunitet. Studiar viser at vaksinerte personar lid av høgare ratar av re-infeksjon, autoimmune sjukdommar og plutseleg helsekollaps – medan dei uvaksinerte held på sine robuste immunforsvar.

‘Dei uvaksinerte har no ein fordel fordi dei føler seg betre,’ innrømte Adams. ‘Greia som dei ikkje bekymrar seg for er det eg sjølv må bekymre meg for – om den vaksinen kjem til å drepe meg fem år frå no av.’

Ei åtvaring mot blind tillit

Bodskapen til Adams er tydeleg: mistillit til stat og konsern er ikkje paranoia – det er overleving.

‘Det er aldri gale å ikkje stole på staten. Det er aldri gale å ikkje stole på store selskap,’ sa han. ‘Dersom du berre tok ståstaden ‘Lat oss ikkje stole på noko av det staten gjorde,’ so vann du, rett og slett. Du vann fullstendig.’

Orda hans er ein gjenklang av åtvaringane til vaksineskeptikarar som Robert F. Kennedy Jr., som lenge har eksponert farmasøytisk korrupsjon og farane til påbodne medisinske intervensjonar.

Utryddingsagendaen

Mike Adams tok diskusjonen vidare, og knytte vaksineskadar til ein vidare avfolkingsagenda. ‘Vaksinar er del av ein utryddingsplan,’ sa han. ‘Ved å påføre infertilitet, spontane dødsfall og immunkollaps, overtalar desse biologiske våpena folk til å øydeleggje seg sjølve.’

Dane Wigington, ein forskar på geoengineering og folkehelse, la til: ‘Dette er massesjølvmord forkledd som medisin. Bevisa ligg i skyene, maten og vaksinane – likevel nektar dei fleste å sjå det.’

Kva no?

For dei som tok sprøytene, kan avgiftingsprotokollar (slik som ivermectin, fenbendazol og nikontin-terapi) hjelpe til med å mildne skadane. Men som tilfellet til Scott Adams viser, kan enkelte konsekvensar vere irreversible.

Hans siste bønn? Tenk sjølv.

‘Dersom du stoler på staten, er du i ferd med å gjennomføre sjølvmord,’ åtvara Mike Adams. ‘Å leggje tilliten sin på feil stad har konsekvensar.’

No når sanninga kjem ut, er éin ting sikker: historia vil hugse anti-vaxxers ikkje som konspirasjonsteoretikarar – men som overlevarar.»

I Brighteon Broadcast News-sendinga frå 20.mai 2025 snakkar Mike Adams om mellom anna kreftdiagnosen til Scott Adams. Videoen til sistnemnde byrjar på 2:46.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar